Synest du januar er ein rimeleg tung månad? Her er tips til nokre filmar og seriar du kan fylle tida med.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi vonar 2022 vil bringe med seg mykje spanande på TV- og filmfronten. Har du til dømes fått med deg at det i september endeleg er duka for den nye Ringenes Herre-serien på Amazon Prime, som attpåtil er verdas dyraste serie med eit budsjett på svimlande 4 milliardar norske kroner?

Den nye Spider-Man-filmen «No Way Home» er utsett for andre gong i Noreg, men har allereie tent inn over ein million dollar i utlandet, og Mort1rulle, som drog til Sverige for å sjå filmen, avslører for Framtida.no at det var den kulaste filmen han såg i fjor.

Medan du ventar på at verda skal opne opp litt meir, så du kanskje faktisk kan få sett ein film på kinolerretet, eller berre for å kome deg igjennom ein litt tung januarmånad, kan du ta ein titt på nokre av desse film- og serietipsa vi har samla frå Framtida-arkivet.

Klassiske TV-seriar du endeleg kan ta fatt på

«Six feet uner», «The Wire» «Freaks and Geeks», «The Sopranos» og «Doctor Who» er nokre av klassikarane du kan kaste deg over.

Er du av typen som har planar om å sjå seriane alle snakkar om, men liksom aldri kjem i gang? Når passar det å setje seg inn i eit heilt nytt univers eller ein 7 sesongar lang serie? Jo, nytt år og plenty av tid til å binge seg gjennom sesong på sesong av klassikarane!

Så dersom du har runda dei nyaste seriane på strøymetenestene, kan du pusse støv av ein klassikar du ikkje har sett – eller vil sjå igjen.

Kva med å starte på byrjinga av The Wire, House, Buffy the Vampire Slayer eller kanskje Seinfeld?

Les om alle filmane her!

Skeive seriar og filmar du bør sjå

I samband med Pride i fjor, fekk Framtida.no tips til skeive bøker, podkastar, filmar og seriar frå FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold.

Øvst på lista over filmar FRI-leiar Inge Alexander Gjestvang tilrår, står den kritikarroste God’s Own Country frå 2017.

– Ei uventa kjærleikshistorie som på mange måtar minner meg om ein annan favoritt, Brokeback Mountain. Her vert beinhardt gardsarbeid, identitetskrise og grå kvardag med emosjonell oppvaking og vakre landskapsbilete blanda, sa Gjestvang.

Også filmen Portrett av en kvinne i flammer (2019) er blant filmane FRI-leiaren trekker fram.

Av seriar med skeiv tematikk, kan du ta fatt på It’s a Sin, som gjev eit innblikk i AIDS-epidemien sine tidlegaste fasar og fortel historiene til dei første offera, eller Pose eller Euphoria (begge på HBO).

Sjå lista her!

Foto: Arthaus, HBO. Kollasj: Framtida.no

Desse filmane kom på kino i fjor

Dei fleste av oss fekk ikkje gått så mykje på kino i løpet av fjoråret på grunn av ein viss pandemi, så her er nokre godbitar du kanskje ikkje har fått med deg ennå.

Desse filmane kom, eller skulle kome, på kino i fjor. Nokre av dei er no tilgjengelege på strøymetenestene, andre går framleis på kino, medan nokre framleis ikkje har hatt premiere på grunn av pandemien.

Blant dei finn vi komedien Ingenting å le av, av og med Odd Magnus Williamson, om den vellykka standupkomikaren som både mister karrieren og dama samstundes som han får kreftdiagnosen. Filmen er no tilgjengeleg både på TV 2 Play og Viaplay.

I fjor kom òg dokumentaren om ein av Noregs største idrettsprofilar gjennom tidene – Aksel Lund Svindal. Filmen skildrar dramatiske hendingar i utforløypene, opp- og nedturar i livet utanfor bakken – og kampen mot ein kropp som slit med å tole belastningane. Filmen kom på kino i fjor haust, og er no tilgjengeleg på Viaplay.

Blant høgdepunkta på filmfronten i fjor, er Noregs Oscar-håp Verdens verste menneske. Joakim Trier-filmen skapte store overskrifter då han konkurrerte om Gullpalmen i Cannes, og hovudrolleinnehavar Renate Reinsve vann pris for beste kvinnelege skodespelar. Filmen er framleis mogleg å sjå på kino fleire stader.

Kampen om Narvik blei koronautsett til 2022, så forhåpentlegvis blir det snart mogleg å sjå han. Filmen med Carl Martin Eggesbø i hovudrolla fortel historia om slaget i Narvik i 1940 under den andre verdskrigen.

Her kan du lese om resten av filmane på lista. 

Foto: Nordisk film Distribusjon, Nordisk Film Productions NTB kultur, SF Studios/Oslo Pictures

Dei kulaste tenåringsseriane på Netflix

Blir ein nokon gong for gamal for tenåringsseriar? Nokre seriar er i alle fall så gode at dei engasjerer både dei som er unge og dei som berre er unge til sinns.

Her er lista over åtte av dei beste seriane Netflix har å by på innan sjangeren. 

Du har vel ikkje gått glipp av serien Sex Education? Han handlar om tenåringane Otis og Maeve som opprettar ein sex-klinikk på skulen og hjelper medelevar med stort og smått, samstundes som dei prøver å navigere sine eigne liv. Netflix sleppte nyleg sesong 3, så her er det litt å sjå fram til.

Eit anna tips er Skins, som følgjer ei gruppe tenåringar i Bristol, sørvest i England. Her er det fullt opp med vennskap, kjærleik, eteforstyrringar, dysfunksjonelle familiar, psykiske plager, mobbing og alt anna som kan kome på toppen av det å bli vaksen. I ekte britisk stil er det heile toppa med mykje dop og festing.

The End of the Fucking World, Derry Girls, Sex Education og I Am Not Okay With This er eit knippe kule ungdomsseriar på Netflix. Foto: Netflix

Filmar og seriar om feminisme

I samband med kvinnedagen laga Framtida.no ei liste over filmar og seriar om feminisme. Dei er evigaktuelle, så her er det berre å benke seg framføre skjermen for både underhaldning og lærdom.

På lista finn vi mellom anna filmen On the Basis of Sex, som handlar om unge Ruth Bader Ginsburg, som sat som høgsterettsdommar i USA fram til ho døydde i 2020. Her følgjer vi den legendariske RBG frå ho tek jussutdanninga si på eit mannstungt Harvard-universitet til ho vinn ei historisk sak for kvinner sine rettar i 1970.

Vidare kan du sjå filmen Sufragette – Kampen for frihet om sufragetterørsla i Storbritannia på byringa av 1900-talet, som kjempa for kvinneleg stemmerett.

Charlize Theron, Nicole Kidman, Margot Robbie og John Lithgow speler hovudrollene i filmen Bombshell med metoo-problematikk. Filmen er basert på skandalen som i 2016 truga med å velte medieimperiet Fox News.

Sjekk ut heile lista med filmar og seriar!

Dokumentaren «Woman», miniserien «Mrs. America», «Hidden Figures» og «F-ordet» er nokre feministiske filmar og seriar du kan sjå i det nye året.

17 pandemi-filmar du kan sjå medan du sit isolert heime

Koronapandemien held framleis tak i oss, så denne saka er desverre like aktuell i dag som då Framtida.no skreiv ho i 2020.

I desse korona-tider er det mange som vender seg til film- og TV-verda. Og kanskje treng du noko å finne på, anten du er i karantene eller berre er lei av å vere heime på grunn av heimekontor.

Her er 17 pandemi-filmar du kan sjå. Blant dei finn du ContagionWorld War Z og I Am Legend.

Desse skrekkfilmane gjer deg betre rusta til å handtere koronapandemien

Ein studie viser at dei som ser mykje på skrekkfilmar er betre rusta til å takle pandemien mentalt.

Difor har Framtida.no leita fram nokre skrekkfilmar som kan føre til ei og anna søvnlaus natt, men som kanskje får deg til å takle kvardagen betre.

Tør du å sjå The Host, A Quiet Place eller kanskje IT?

Få fleire skrekkelege tips her!

The Conjuring, The Descent og IT er tre skumle filmar som gjer kvardagen litt lettare å takle. Bilete frå: Warner Bros. Entertainment Inc. / Lionsgate Entertainment/TriMark

TV-seriane som får kvardagen til å sjå litt lysare ut

Om ikkje skrekkfilm funkar for å kome deg gjennom koronapandemien, kan desse artige seriane gje deg eit kjærkome avbrekk frå alt det kjipe.

Har du til dømes gitt Vampyr-serien What We Do In The Shadows ein sjanse? Tre vampyrar bur saman i eit hus på Staten Island. Der må dei hanskast med vanlege kvardagsutfordringar (kjedebrev på e-post) og meir uvanlege utfordringar (som at dei ikkje har teke over heile USA enno, og at det no kjem ein frå the old country for å sjekke framgangen).

Ein annan serie med ein solid dose humor og ein endå større dose kunstnarisk fridom, er The Great. I serien følgjer sjåaren Katarina den store frå ho er ung og naiv og gifter seg med Peter den store, til ho vert ei kvinne med stadig større ambisjonar og handlekraft. Ikkje berre har ho nettopp fått ein relativt utilrekneleg ektemann, men ho lyt også verte klok på absurde tradisjonar og politisk maktspel. Huzzah! Andre sesong kom på tampen av 2021.

Og kva er vel betre enn å sjå ein serie om ope kontorlandskap og alt det medfører når ein sit på heimekontor eller i koronakarantene? Sjå ikkje bort ifrå at gjengen i Dunder Mifflin Paper Company si Scranton-avdeling vil få deg til å trekke på smilebandet i klassiske The Office.

Sjå heile lista over artige seriar her! 

Bilete: Avalon Distribution / HBO Nordic/ Comedy Central

Fem filmtips frå Filmoteket

Visste du at du kan strøyme filmar gratis gjennom biblioteket? Filmoteket blei lansert i april 2020 som den nye måten å låne film frå biblioteket på. Dersom det lokale biblioteket ditt er med, er det berre å logge inn med lånekortet ditt og opprette profil.

Ein kan velje mellom norske og internasjonale filmar i ulike sjangrar, og både indie-filmar og store Oscar-vinnarar er representerte.

Sjekk ut fem av dei her!

Filmtips frå Filmoteket. Foto: Filmweb/SF Norge

Desse 21 Marvel-filmane må du sjå før Avengers: Endgame

Om det blir ei ny langvarig nedstenging, kan det vere greitt å ha eit prosjekt på gang. Om du bestemmer deg for å bruke tida til å sjå deg igjennom alle «Marvel Cinematic Universe» (MCU)-filmane, skal du halde deg oppteken ei god stund.

Det heile starta med Iron Man i 2008, og sidan har det balla på seg. I april 2019 kom den fjerde Avengers-filmen Endgame, som markerte slutten på ein æra.

Har du fått med deg heile historia? Har du kanskje sett ein og annan Marvel-film, og har lyst til å sjå alle i kronologisk rekkefølgje? Eller har du kanskje aldri vore borte i universet, og blir overvelda av kvar du skal starte?

Her kan du lære meir om MCU og dei ulike filmfasane, og du får lista over alle filmane. 

infinity war, marvel, avengers

Foto: Ant-Man/CC BY-SA 2.0/Flickr

Dei beste julefilmane du kan strøyme no

Dette er stengt tatt litt bakpå, eller frampå, alt etter korleis du ser det, men kven har sagt at du berre kan sjå julefilmar i desember? Jula varer heilt påske, gjer ho ikkje? Og det er ikkje alle julefilmane som er så julete, eigentleg.

Om du har lyst til å sjå ein av filmane som blir rekna å vere av dei betre, er dette lista for deg. Framtida.no har samla filmane som er mest populære og høgast rangert på filmnettstadane IMDB, Rotten Tomatoes og Metacritic.

Kan vi freiste med filmar som Alene Hjemme, Mirakelet på Manhattan, Little Women eller Die Hard? Lista finn du her.