Filmar og seriar du kan sjå på kvinnedagen

I år blir kvinnedagen markert digitalt fleire stadar. Her er ei liste over filmar og tv-seriar du kan sjå i høve 8. mars-markeringa.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hulu-serien «Mrs. America» fokuserer på Phyllis Schlafly (Cate Blanchett), som stod på motsett side av feministane som kjempa for like rettar. Foto: Sabrina Lantos/FX

Mrs. America – Hulu

I miniserien Mrs. America dukkar ei rekke kjende feministar opp. Phyllis Schlafly (Cate Blanchett) er husmora som mobiliserer og kjempar på motsett side av feministane som vil ha eit grunnlovstillegg som sikrar kvinner og menn like rettar.

Episodar: 9
Episodelengd: Ca. 45 min
Tilgjengeleg på: HBO

Felicity Jones i «On the Basis of Sex». Foto: Nordisk Film Distribusjon

On the basis of Sex – Netflix

Filmen On the Basis of Sex frå 2018 handlar om unge Ruth Bader Ginsburg, som sat som høgsterettsdommar i USA fram til ho døydde i 2020. Her følgjer me den legendariske RBG frå ho tek jussutdanninga si på eit mannstungt Harvard-universitet til ho vinn ei historisk sak for kvinner sine rettar i 1970.

Speletid: 1 t og 55 min
Tilgjengeleg på: Netflix

Same år kom også dokumentarfilmen RBG, om same kvinne.

I 2018 blei det laga ein dokumentarfilm om høgsterettsdommar Ruth Bader Ginsburg.

RBG – Viaplay

I dokumentarfilmen RBG møter vi 85 år gamle Ruth Bader Ginsburg, som i tillegg til å vere høgsterettsdommar har blitt eit litt uventa populærkulturikon. Ginsburg kjempa heile karrieren for kvinner sine rettar, og dokumentaren fortel historia om korleis ho trassa kjønnsnormene på vegen til dommarstillinga i USAs høgsterett. Filmen gir òg eit innblikk i privatlivet hennar.

Filmen blei nominert til to Oscar-prisar for beste dokumentarfilm og for beste song («I’ll Fight»).

Speletid: 1 t og 39 min
Tilgjengeleg: VGTV + leigefilm på Viaplay og SF Anytime

Over 2000 kvinner er intervjua i dokumentaren «Woman». Foto: Europafilm

Woman

Regissørane av dokumentaren Woman har intervjua over 2000 kvinner i meir enn 50 land for å prøve å finne ut av kva det vil seie å vere kvinne. Dokumentaren tek for seg tema som utdanning, kjærleik, familie, sjølvstende, kropp og seksualitet.

Speletid: 1 t og 45 min
Tilgjengeleg: nettkino.no og SF Anytime

Anne-Marie Duff og Carey Mulligan er suffragettar i«Suffragette – Kampen for frihet.» Foto: SF Norge

Sufragette

Filmen Sufragette – Kampen for frihet handlar om sufragetterørsla i Storbritannia på byringa av 1900-talet. Sufragettane kjempa for kvinneleg stemmerett. Carrey Mulligan spelar den fiktive rollefiguren Maud Watts som blir ein del av eit ekstremistisk miljø i suffragetterørsla som byrjar å bruke vald for å fremje saka si.

Speletid: 1 t og 46 min
Tilgjengeleg på: Leigefilm på SF Anytime

Fox News-kvinnene Megyn Kelly (Charlize Theron), Gretchen Carlson (Nicole Kidman) og Kayla Pospisil (Margot Robbie) i «Bombshell». Foto: Nordisk Film Distribusjon

Bombshell

Charlize Theron, Nicole Kidman, Margot Robbie og John Lithgow speler hovudrollene i filmen Bombshell med metoo-problematikk. Filmen er basert på skandalen som i 2016 truga med å velte medieimperiet Fox News.

Speletid: 1 t og 44 min
Tilgjengeleg på: TV 2 Sumo

I «Hidden Figures» spelar Taraji P. Henson den einaste svarte kvinna i NASAs Space Task Group. Foto: 20th Century Fox

Hidden Figures

Filmen Hidden Figures tar for seg kampen mot diskriminering av svarte kvinner i NASA. Filmen er laust basert på boka med same namn frå 2016 om svarte matematikarar som jobba ved NASA under romkappløpet. Taraji P. Henson, Octavia Spencer og Janelle Monáe spelar Katherine G. Johnson, Dorothy Vaughan og Mary Jackson som alle kjempar for posisjon og anerkjenning for arbeidet dei gjer.

Hidden Figures blei nominert til tre Oscar-prisar, mellom anna for beste film.

Speletid: 2 t og 7 min
Tilgjengeleg på: TV 2 Sumo

Netflix-dokumentaren «Reversing Roe» tar for seg kampen for å reveresere abort-lovgivinga i USA. Foto: Netflix

Reversing Roe – Netflix

Gjennom intervju med aborttilhengarar og -motstandarar kastar denne filmen lys over den fleire tiår lange politiske kampen for å omgjere kjenninga i saka Roe mot Wade. Roe mot Wade er ei domsavseiing frå USAs høgsterett frå 1973 som i praksis legaliserte abort i USA.

Speletid: 1 t og 39 min
Tilgjengeleg på: Netflix

Octavia Spencer i Netflix-serien «Self Made». Foto: Amanda Matlovich/Netflix

Self Made

Miniserien Self made: Inspired by the Life of Madam C. J. Walker handlar om ei svart vaskekone som byggjer opp eit forretningsimperium innan skjønnheitsbransjen. Historia er basert på livet til Madam C.J. Walker, som blei den første kvinnelege millionæren for eiga maskin i USA.

Episodar: 4
Episodelengd: Ca. 50 min
Tilgjengeleg på: Netflix

Kjendisfeminist og skodespelar Ulrikke Falch tok føre seg «F-ordet» i 2019. Foto: NRK

F-ordet – NRK

I NRK-serien F-ordet frå 2019 tek riksfeminist og skodespelar Ulrikke Falch føre seg feminisme, retta mot norske ungdommar.

Episodar: 5
Episodelengd: Ca 25 min
Tilgjengeleg på: NRK TV

I Brennpunkt-dokumentaren «Kjønnskampen» frå 2019 medverkar mellom andre Jordan Peterson og Sigrid Bonde Tusvik. Foto: NRK

Brennpunkt: Kjønnskampen – NRK

I 2019 laga Brennpunkt dokumentaren Kjønnskampen, der dei fortel historia om korleis kjønnskampen tilspissar seg. Her får ein eit godt perspektiv på kampane kvinner framleis kjempar, og kva utfordringar som møter dagens menn.

Dokumentartimet presenterer og møter fenomenet Jordan B. Peterson, samt den norske komikaren og feministen Sigrid Bonde Tusvik.

Speletid: 50 min
Tilgjengeleg på: NRK TV

Dokumentarfilmen «Framing Britney Spears» har vorte ein stor snakkis etter han vart lansert. Foto: New York Times

Framing Britney Spears – New York times

Dokumentarfilmen Framing Britney Spears tek føre media si seksualisering av den unge Britney Spears og presset ho vart utsett for frå paparazzi-fotografane. I tillegg tek dokumentaren føre seg det omstridde vergemålet under faren, som 38-åringen lever under.

Speletid: 1 t og 11 minutt
Tilgjengeleg på: NRK TV


Les også innlegget frå Britney-blodfan: «Kvar var alle saman i 2008 då Britney prøvde å fortelja alle korleis ho hadde det?»

Linda Watten (til venstre) er stor fan av Britney Spears (til høgre). Foto: Privat/skjermdump frå YouTube

Linda Watten (til venstre) er stor fan av Britney Spears (til høgre). Foto: Privat/skjermdump frå YouTube