Klassiske tv-seriar du endeleg kan ta fatt på

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 13.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The Wire – HBO

Fleire har kalla amerikanske The Wire verdas beste serie. Serien handlar om spelet mellom politiet, kriminelle og politikarar i Baltimore, Maryland. Fleire av skodespelarane har bakgrunnar som liknar karakterane dei speler, noko som er ein av grunnane til at serien verkar så realistisk.

Michael B Jordan, Tray Chaney, Larry Gilliard Jr og JD Williams i første sesong av «The Wire». Foto: HBO

Sesongar: 5
Episodelengd: Ca 60 min
Tilgjengeleg på: HBO
Produksjonsår: 2002-2006

The Sopranos – HBO

«Those who want respect, give respect,» seier Tony Soprano.

The Sopranos toppar òg stadig lister over verdas beste tv-seriar. Serien følgjer mafiaboss Tony Soprano (James Gandolfini) sin familie og verksemd. Serien viser at også mafiabossar har heilt vanlege problem, som til dømes panikkangst. På toppen av det heile kjem sjølvsagt litt meir dop, drapsforsøk, kidnappingar og elskerinner enn dei fleste av oss må hanskast med.

Avdøde James Gandolfini (i midten) vil for alltid bli hugsa for si rolle som mafiabossen Tony Soprano. Foto: HBO

Sesongar: 6
Episodelengd: Ca 60 min
Tilgjengeleg på: HBO
Produksjonsår: 1999-2007

Six feet under – HBO

Six feet under følgjer familien Fisher, som driv eit gravferdsbyrå i Los Angeles. Serien handlar om livet og døden, og har eit spanande rollegalleri. I tillegg er serien kjend for å ha ei av dei mest perfekte avslutningane på ein serie nokosinne, så her er det berre å finna fram popcornet.

I «Six feet under» vert me kjend med den spesielle familien Fisher, som driv eit gravferdsbyrå i Los Angeles. Foto: HBO

Sesongar: 5
Episodelengd: 60 min
Tilgjengeleg på: HBO
Produksjonsår: 2001-2005

Twin Peaks – ABC, Showtime

På ei strand i rolege Twin Peaks finn ein gamal mann liket av ei ung kvinne, surra inn i plastikk. Når agent Dale Cooper kjem til den tilsynelatande rolege småbyen for å etterforske, merkar han at det ligg mykje under overflata.

Eksentriske David Lynch sin tv-serie har alt, både komikk, mystikk, spenning og eit rollegalleri det er umogleg å ikkje bli glad i. Agent Cooper, Audrey Horne, Laura Palmer, Log Lady og dei andre raringane i Twin Peaks har verkeleg sett sitt preg på populærhistoria.

 

Første sesong er unisont hylla, andre sesong er det delte meiningar om og i 2017 kunne endeleg fansen gle seg over ein splitter ny sesong med mange av dei gamle karakterane.

Sesongar: 3
Episodelengd: 45-60 minutt
Tilgjengeleg på: Må kjøpast.
Produksjonsår: 1990-1991, 2017

Doctor Who – BBC / Amazon Prime

Om du verkeleg har lyst på eit prosjekt kan du kasta deg over den britiske science fiction-serien Doctor Who, som handlar om ein mystisk tidsreisande som kallar seg doktoren. Serien gjekk på BBC frå 1963 til 1989, men kom attende i 2005. Det betyr at du har meir enn 800 episodar å sjå fram til.

Og eventyret er framleis ikkje over.

Jodie Whittaker (midten) er den trettande skodespelaren som speler den tidsreisande Doktoren i «Doctor Who», og den første kvinna som fekk rolla. Foto: James Pardon, BBC America

Sesongar: 38
Episodelengd: 25-90 minutt
Tilgjengeleg på: Amazon Prime (Sesong 5-10)
Produksjonsår: 1963-1989, 2005-

Pushing Daisies – ABC

Kritikaryndlingen Pushing Daisies er utan tvil ein underleg serie, men den er like fin som den er rar. Serien handlar om paibakaren Ned som kan vekkje daude til live igjen ved å ta på dei. Tek han på dei ein gong til er dei daude att, og det er som om ingenting har hendt.

Denne evna kjem godt med når han skal løyse mordgåter saman med privatdetektiven Emerson Codd, barndomskjærasten Chuck og paikollegaen Olive. (For det er jo ein grei peikepinn å kunne spørje den drepne kven som drap dei.)

Foto: Warner Bros. Entertainment Inc

Det er berre ei utfordring ved evna: Ned kan ikkje vekke oppatt daude folk over ein låg sko. Han har berre eit lite vindauge på eitt minutt der gjenopplivinga ikkje har nokon konsekvensar. Dersom han ikkje rekk å ta på den gjennopplivne att i løpet av det minuttet, så kjem nokon andre i nær omkrins til å døy for å bevare balansen mellom liv og død.

Sesongar: 2
Episodelengd: 42 minutt
Tilgjengeleg på: Må kjøpast.
Produksjonsår: 2007-2009

Freaks and Geeks – NBC

Denne perla av ein ungdomsserie fekk diverre ikkje meir enn ein sesong, men har likevel markert seg og kjem stadig med på listene over beste tv-seriar. Serien følgjer skuleflinke Lindsey Weir, som vert ven med gjengen som røykar bak skulen. I rollene finn ein kjende fjes som James Franco, Seth Rogen, Jason Segel og Busy Phillips.

Foto: Chris Haston/NBC

Sesongar: 1
Episodelengd: 44 minutt
Tilgjengeleg på: Netflix
Produksjonsår: 1999-2000

House – Viaplay

Før vi alle gjekk rundt og prata om R-tal og smittekurver, så var det nokon av oss som trudde alle symptom peika mot lupus – og det var fordi vi hadde sett for mykje House. (Det er aldri lupus!)

Gregory House er ein sur og sarkastisk fyr, men han er òg eit vandrande medisinsk leksikon, så der andre legar ikkje har peiling på kva som feilar pasientane, så finn House svar. House er sjef på avdelinga for diagnostikk på Princeton-Plainsboro, der han har eit legelag som skal hjelpe han finne ut kva mystisk sjukdom som held på å ta livet av vekas pasient.

Innimellom har han idiotiske konkurransar med kompisen Wilson, som er kreftlege på same sjukehus, og fyrige kranglar med sjukehussjefen Cuddy.

Sesongar: 8
Episodelengd: 41-49 minutt
Tilgjengeleg på: Viaplay
Produksjonsår: 2004-2012

Seinfeld – Viaplay

Ein annan klassikar, som stadig kjem opp på lister over verdas beste. Komikar Jerry Seinfeld (og Larry David) starta ein eigen sjanger av sitcoms der strevande kunstnarar spelar seg sjølv, sjølv om ikkje alle brukar eige namn.

Rollegalleriet og situasjonane dei kjem opp i er framleis lett å kjenne seg att i og le av, og nokre sesongar med Seinfeld gjer deg godt rusta til å svara på underhaldningsspørsmål i Trivial Pursuit.

I situasjonskomdien «Seinfeld» møter me vennegjengen Cosmo Kramer (Michael Richards), Elaine Benes (Julia Louis-Dreyfus), Jerry Seinfeld (Jerry Seinfeld) og George Costanza (Jason Alexander). Foto: NBC / Sony

Sesongar: 9
Episodelengd: 22-24 minutt
Tilgjengeleg på: Viaplay
Produksjonsår: 1989-1998

Arrested Development – Netflix

Ut i vår hage – NRK

Om du lengtar etter å le, kan du finne fram Harald Eia og Bård Tufte Johansen. Humorduoen tok ting på kornet på 90- og 2000-talet, og det er framleis mykje å le av.

Når du er ferdig med Ut i vår hage, kan du starta på Åpen Post og gå vidare på Team Antonsen.

I 2008 meldte VG om at Noregs Mållag hadde fått 40 nye medlemmar i løpet av to dagar etter «Ut i vår hage»-episoden «Norge über alles». Foto: NRK

Sesongar: 2
Episodelengd: 28 minutt
Tilgjengeleg på: NRK
Produksjonsår: 2003, 2008

The West Wing – NBC

I ei årrekkje var Martin Sheen kjend som den fiktive presidenten Josiah Bartlet i tv-serien The West Wing, som på norsk vart omsett til Presidenten.

Serien er spesielt kjend for sine walk and talk-sekvensar, der presidenten vert briefa i gongane i Det kvite huset. Her er mykje spenning og intrigar, og seinast i fjor vart rollebesettinga samla for ein spesialepisode til inntekt for organisasjonen When We All Vote.

Presidenten Josiah Bartlet (Martin Sheen) sit i ein gul stol, omringa av teamet sitt. Foto: NBC

Sesongar: 7
Episodelengd: 42 minutt 
Tilgjengeleg på: Må kjøpast.
Produksjonsår: 1999-2006

Buffy the Vampire Slayer – Viaplay

I gamle dagar, før Twilight bestemte at vampyrar glitrar i sola, så var vampyrar for det meste vonde skapningar som berre skapte kaos, og det var ein person som kunne ordne opp: Buffy.

Buffy Summers er ein tilsynelatande vanleg tenåring, som gjer vanlege tenåringsting som å gå på vidaregåande og verte forelska. Men ho er samstundes skjebnebestemt til å vere ein såkalla slayer – ho har fått umenneskelege krefter for å kjempe mot mørkre og vondskap.

Med på laget har ho vennane Willow og Xander, og mentoren Giles, og inn frå sidelinja kjem vampyrane Angel og Spike.

Sesongar: 7
Episodelengd: 42-51 min
Tilgjengeleg på: Viaplay
Produksjonsår: 1997-2003

The X-Files – Viaplay

FBI-agentane Fox Mulder og Dana Scully granskar byrået sine uløyste saker med overnaturlege element – dei såkalla X-files. Dei to utfyller kvarandre på godt og vondt, og der Mulder trur på det overnaturlege er Scully meir skeptisk.

Saman skal dei kome fram til sanninga i mysterier, det overnaturlege og konspirasjonar.

The X-Files inspirerte eit hopetal av andre seriar, og vart heilt latterleg populært i samtida. Så kvifor ikkje sjekke om det lever opp til forventningane?

Sesongar: 11
Episodelengd: 43-48 min
Tilgjengeleg på: Viaplay
Produksjonsår: 1993-2002, 2015-2018


Les også om då Kjetil André Aamodt var ung og gjorde comeback etter ti veker på sjukehus: – Då eg var 20 år gamal var eg ein ganske usikker gut på mange måtar

Her jublar Kjetil André Aamodt (20) etter å ha teke gull i storslalom i OL i Albertville 1992. Året før var han innlagd på sjukehus med kyssesjuka. Foto: FOTO: TOR RICHARDSEN / NTB og Per Heimly Nordisk Film TV/NRK