Dei kulaste tenåringsseriane på Netflix

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sydney Novak (Sophia Lillis) og Stanley Barber (Wyatt Oleff) i den nye Netflix-serien I am not okay with this. Foto: Netflix

I Am Not Okay With This

Serien handlar om Sydney Novak, ei 17 år gamal amerikansk jente som bur saman med mor og veslebror. Far til Sydney begikk sjølvdrap for kort tid sidan, noko familien snakkar lite om. Sydney er frustrert og sint, så sint at ho kan knuse ting med berre tankane.

Saman med naboguten Stanley Barber utforskar ho kreftene sine. Alt dette kjem på toppen av ein tenåringskvardag der kjærleik og vennskap står på spel. Dette er Stranger Things med mindre utanomjordiske innslag og fleire hormonar.

Serien er basert på ei grafisk novelle av Charles Forsman.

Sesongar: 1
Episodar: 7
Episodelengd: 20 min

Alyssa (Jessica Barden) og James (Alex Lawther) får bryna seg på hevngjerrige Bonnie (Naomi Ackie) i andre sesong. Foto: Netflix

The End of the Fucking World

Også denne serien er basert på ei grafisk novelle av Charles Forsman, som er ein meister på outsiderar. 17 år gamle James er ein einstøing, som sjølv innrømmer at han er ein psykopat. På same måte som seriemordaren Jeffrey Dahmer, brukte han i barndommen å drepe dyr. No vil han prøve seg på større bytte og ser seg ut den opprørske medeleven Alyssa. Dei to legg ut på rømmen, noko som ikkje går heilt etter planen.

Serien er ein visuell fest, som ein slags nittitalsversjon av tidlause Wes Anderson. I tillegg kjem ein kvinneleg etterforskar og eit plotutvikling som får ein til å tenkje på Cohen-klassikaren Fargo.

Sesongar: 2
Episodar: 8 + 8
Episodelengd: 20 min

I britiske Sex Education møter me, frå høgre, Otis Milburn (Asa Butterfield), Maeve Wiley (Emma Mackey) og Aimee Gibbs (Aimee LouWoood). Foto: Netflix

Sex Education

Der seksualundervisninga stort sett feilar, leverer Otis Milburn. Den britiske tenåringen er oppvaksen med ei seksuelt frigjort mor, som driv terapeutverksemd frå sitt heimekontor. Rebelske Maeve ser ein gyllen forretningsmoglegheit i Otis sine naturlege terapeuteigenskapar, slik vert «klinikken» oppretta.

Seriens styrke ligg i ein klønete hovudkarakter, som både trør riktig og feil. I tillegg er det ein fest korleis ulike tema vert gjort daglegdagse, ein kvir seg for analsex og får opplæring i analskyll, det er vaginisme, ulike seksuelle orienteringar og funksjonsnivå. Eit av høgdepunktet er korleis konsekvensane og omfanget av seksuell trakassering vert skildra. Dette er inkludering på høgt nivå og kunne vore ein heilt vanleg vidaregåande skule.

Sesongar: 2
Episodar: 8 + 8
Episodelengd: 50 min

Kate Messner (Peyton Kennedy) og Luke O’Neill (Jahi Di’Allo Winston) er to av venene frå Boring, Oregon i Everything sucks!. Foto: Netflix

Everything Sucks

Her er det massevis av nydeleg 90-talsnostalgi. Soundtracket er ein fest for alle som vaks opp i tiåret før 2000-talet, men det aller beste med serien er Kate Messner, spelt av Peyton Kennedy. Hovudkarakteren, som er ein nydeleg keitete tenåring, som minnar meg om Agnes i 90-talsklassikaren Fucking Åmål.

Sesongar: 1
Episodar: 10
Episodelengd: 25 min

Tenåringsserien Skins er smekkfull av talent. I dei to første sesongane spelte mellom anna (oppe frå venstre) Dev Patel, Nicholas Hoult, April Pearson, Mike Bailey, Hannah Murray. (Nede frå venstre) Larissa Thompson og Mitch Hewer. Foto: E4

Skins

Skins følgjer ei gruppe tenåringar i Bristol, sørvest i England. Her er det fullt opp med vennskap, kjærleik, eteforstyrringar, dysfunksjonelle familiar, psykiske plager, mobbing og alt anna som kan kome på toppen av det å bli vaksen. I ekte britisk stil er det heile toppa med mykje dop og festing.

Tv-serien vart ein kjempesuksess då han gjekk på E4 frå 2007-2013 og har hatt inne eit vell av talentfulle ungdommar, som Kaya Scodelario, Nicholas Hoult, Joe Dempsie, Jack O’Connell, Dev Patel og Hannah Murray.

Serien sin styrke, og svakheit, er at heile rollebesetninga vert bytt ut når dei er ferdige på skulen. Dei første sesongane er absolutt å føretrekke. Siste sesongen bryt med dei tidlegare, då me får møta att dei originale karakterane i vaksen alder.

Sesongar: 7
Episodar: 9 + 10 + 10 + 8 + 8 + 10 + 6
Episodelengd: 45 min

Dresskledde Will McKenzie får eit tøft møte med sin nye skule, men får etterkvart vener i Jay Cartwright (t.v), Neil Sutherland (bak) og Simon Cooper. Foto: E4

The Inbetweeners

Denne serien er kanskje for litt spesielt interesserte, men om du likar den røffe britiske komistilen der estetikken er at det nesten ser heimesnikra ut, er dette serien for deg. Serien gjekk på tv frå 2008-2010 og følgjer Will, Jay, Neil og Simon sine påfunn og tabbar, som ikkje er så reint få. Igjen er det E4 som lagar god humor med ein skikkeleg dose hormonar.

Sesongar: 3
Episodar: 6 + 6 + 6
Episodelengd: 25 min

Saoirse-Monica Jackson speler Erin (foran), som vert tett fulgt av James (Dylan Llewellyn), Michelle (Jamie-Lee O’Donnell), Clare (Nichola Coughlan) og Orla (Louisa Harland), som står heilt bakerst. Foto: Channel 4

Derry Girls

Derry Girls er ein deilig komedie om ei gruppe jenter som går på ein katolsk skule i Londonderry i Nord-Irland. Handlinga går føre seg på tidleg 90-tal, noko som betyr at jentene i tillegg til strenge nonner og foreldre må forhalde seg til den pågåande konflikten kalla The Troubles.

Serien som er laga av Lisa McGee er den mest sette i Nord-Irland sidan ein byrja å telje dette i 2002. I desse dagar vert tredje og siste sesong spelt inn, så det er berre å kasta seg på lasset med skuleuniformar og The Cranberries.

Sesongar: 2
Episodar: 6 + 6
Episodelengd: 25 min

Brett Gry (t.v.) spelar den litt underlege Jamal, Sierra Capri spelar sjølvstendige Monsé og Jason Genao er den samvitsfulle og organiserte Ruby. Foto: John O Flexor/Netflix

Lynwood

Serien Lynwood (org.tittel: On My Block) følgjer dei fire tenåringane Monsé, Cesar, Ruby og Jamal som veks opp i eit nabolag i Los Angeles som er prega av gjengar og vald. Dei har vore vennar heile livet, og skal no starte på high school saman.

Korleis påverkar romansar vennegjengen? Korleis held dei seg trygge når valden kjem litt for nært? Og eksisterer i det heile dei segnomsuste pengane frå RollerWorld-ranet?!

Sesongar: 3
Episodar: 10 + 10 + 8
Episodelengd: ca. 25 – 35 min