Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har for mange vore eit skremmande år så langt, med den største pandemien verda har sett sidan spanskesjuka i 1920.

No har forskarar i Danmark og USA har sjekka ut om horror-interesse kan gjere ein mindre stressa i slike situasjonar.

Forska på filmvanar og psyke

Dei har spurt 310 personar om deira film- og medievanar og korleis dei har takla pandemi-tida.

Spørsmåla går på kva filmar og seriar dei likar, om dei har sett pandemi-filmar – og så spørsmål om den mentale helsa, som om dei «har vore meir deprimert enn vanleg» og «føler positivt om framtida», i den tidlege fasen av koronakrisa.

Gir høve til å øve på meistringsstrategiar

Studien viste at fans av horror-filmar viser sterkar motstandsdyktigheit under pandemien, og at dei som likar «preppar»-filmar som handlar om til dømes alien-invasjon, apokalypsar og zombie-filmar, både var meir motstandsdyktige – og meir førebudde.

– Resultata samsvarar med hypotesen om at å bli utsett for skremmande fiksjon, gjer publikummet høve til å øve på meistringsstrategiar som kan vere nyttige i  situasjonar i den ekte verda, skriv dei mellom anna i rapporten.

Dei meiner at det å oppleve negative, skremmande kjensler i eit trygt miljø, som til dømes å sjå ein horror-film heime, kan hjelpe folk til å skapa strategiar for å takla frykt betre.

Hovudfunna deira var:

  • Fans av horror-filmar opplever mindre psykologisk stress under Covid-19-pandemien.
  • Fans av «preppar»-filmar oppga at dei var meir førebudde på pandemien
  • Folk som er nysgjerrige på det morbide, syner sterkare motstandsdyktigheit under pandemien
  • Folk som er nysgjerrige på det morbide er meir interesserte i pandemi-filmar under pandemien.

Les også: 17 pandemi-filmar du kan sjå medan du sit isolert heime