Publikum i andre land strøymer til kinoane for å sjå den nye Spider-Man-filmen «No Way Home». I Noreg er filmen utsett – noko som har gjort at fleire har tatt eit uvanleg grep for å sjå han.
mm
Foto: SF Studios

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du også lesa om TikTok som er den mest besøkte nettsida i 2021.

Den nyaste Spider-Man-filmen, «No Way Home», har tatt ny rekord og klatra til toppen av kinolistene – sjølv om koronapandemien og auka omikronsmitte brer rundt seg i heile verda.

Seint førre veke vart det nemleg klart at filmen har tent inn meir enn ein milliard dollar, noko som tilsvarar meir enn 8,8 milliardar norske kroner. Det skriv CNBC.

Berre to veker etter premieren, var rekorden for å tena inn den høgste summen under pandemien slått. E24.no skriv at filmen har henta inn 467,3 millionar dollar frå besøkjande på kinoar i Nord-Amerika, og 587,1 millionar dollar frå resten av verda.

Utsett i Noreg

Men eit av landa som ikkje er med på denne lista, er Noreg. Her er filmen nemleg utsett frå 15. desember til 14. januar grunna dei strenge reglane som følgje av pandemien.

– Foreløpig er datoen 14. januar, men det er korleis samfunnet ser ut, og når me får lov å opna opp litt meir og visa filmen for litt fleire, som bestemmer, sa marknadssjef for filmen, Katrine Aamodt i SF Studios til VG då avgjersla vart teken tidlegare i desember.

Det har ført til opprør blant fansen, som allereie hadde venta på den nye Marvel-filmen sidan «Spider-Man: Homecoming» i 2017 og «Spider-Man: Far From Home» i 2019.

Reiser til Sverige for å gå på kino

Morten Marius «mort1rulle» Skau kjempar mot fordommar mot funksjonshemma i skulen i ein ny kampanjevideo. Foto: Skjermbilete/Unge funksjonshemmede. Kollasj: Framtida.no

Derfor har fleire tatt grep – og ein av dei er Morten Marius Skau (@Mort1rulle) som er lærar og TikTok-profil. Han er ein av dei som har sett seg i bilen, kryssa grensa til Sverige, og sett filmen allereie no.

Det angrar han ikkje på, kunne han fortelje til Framtida. 

– Det har versert mange rykte rundt filmen «Spider-Man: No Way Home» i godt over eitt år. Dei har teke med skurkane frå dei føregåande franchisane og nostalgi-nivået har vore ut av ei anna verd i trailarane.

– Dimed var spenninga stor då eg hadde billettar til premieren 15. desember. Diverre kom det ein ny lock-down veka før, og dei flytta premieren til 15. januar her i Noreg. Eg var på gråten og var redd for å få alt spoila (plottblotta) på internett før eg tenkte «Fuck, Sony Norway» og reiste over til Sverige for å sjå han. Eg skal ikkje røpe noko anna enn at det er den kulaste filmen eg har sett i år!


Foto Kjartan Lauritzen: privat // Foto Arian: Foto: Kim Erlandsen / NRK P3 // Foto Mort1rulle: Skjermbilete/Unge funksjonshemmede

LES OGSÅ

ANNONSE