Desse filmane får du sjå på kino i haust

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmhausten vart presentert på Filmens hus i Oslo tysdag av Norsk filminstitutt. Og han byr på eit utval i spennet frå katastrofefilm og dokumentarar om Drillo og den siste norske cowboyen i USA, til dei mykje omtalte Cannes-filmane – så vel som barnefilm og ein komedie med kreft.

Fleire av filmane har fått premierane sine koronautsett opp til fleire gonger. Men no håpar film- og kinobransjen på at det går rette vegen – endeleg.

«Clue: Maltesergåten»

Premiere: 27. august
Regi ved Thale Persen

Foto: Maipo Film/Nordisk Film Distribusjon

Barne- og ungdomsfilm basert på Jørn Lie Horsts storseljande bokserie, ein action/thriller om dei tre vennene som her får det første mysteriet sitt å løyse når eit lik dukkar opp i bukta.

Skodespelarar: Julia Mælumshagen Nymoen, Kenza Olympia Iteka, Felix Sollie, Kyrre Haugen Sydness, Andreas Cappelen, Bjørn Floberg, Marte Solem, Lisa Loven Kongsli, Marlon Valdés Langeland, Henrik Mestad, Anne Krigsvoll, Kyrre Hellum, Line Verndal, Gine Cornelia Pedersen.

«a-ha The Movie»

Premiere: 3. september
Regi ved Thomas Robsahm og Aslaug Holm

Dokumentar som skildrar a-ha over fem år, og ønskjer å fortelje historia om kvifor Morten Harket, Magne Furuholmen og Paal Waaktaar Savoy vart så store, kvifor dei er så undervurderte og korleis dei ikkje klarer å samarbeide om det gullet dei har skapt.

«De uskyldige»

Premiere: 3. september
Regi ved Eskild Vogt

Regissør Eskil Vogt saman med dei unge skodespelarane frå De uskyldige. Frå venstre: Mina Yasmin Bremseth Asheim, Rakel Lenora Fløttum, regissør Eskil Vogt, Sam AShraf og Alva Brynsmo Ramstad. Foto: Christian Breidlid

Psykologisk thriller om barns uskuldige leik, som skjult frå blikket til foreldra blir litt meir, medan uhyggjelege ting byrjar å skje. Vogt står òg bak manus til den Cannes-viste filmen.

Skodespelarar: Rakel Lenora Fløttum, Alva Brynsmo Ramstad, Sam Ashraf, Mina Yasmin Bremseth Asheim, Ellen Dorrit Petersen, Morten Svartveit, Kadra Yusuf.

«Ingenting å le av»

Premiere: 10. september
Regi ved Petter Næss

Odd-Magnus Williamson har både skrive manus og spelar hovudrolla i den komande filmen «Ingenting å le av». Foto: SF Studios

Komikaren Odd-Magnus Williamson skreiv manus til det som blir sagt å vere ei morosam historie om å ta livet på alvor, der han i denne dramakomedien sjølv speler hovudrolla som den vellykka standupkomikaren som både mister karrieren og dama samtidig som han får kreftdiagnosen.

Skodespelarar: Williamson, Sara Khorami, Øystein Martinsen, Anne Marie Ottesen, Karoline Krüger, Jan Gunnar Røyse, Penda Faal, Andrine Sæther, Ravdeep Singh, Ylva Bjørkaas Thedin, Jonis Josef.

«The Middle Man»

Premiere: 17. september
Regi ved Bent Hamer

Slik ser Pål Sverre Hagen ut som einstøing i ein amerikansk småby i Bent Hamers nye film «The Middle Man». Foto: Norsk Filmdistribusjon

Ein mørk, humoristisk satire lagt til den amerikanske småbyen Karmack, der det skjer så mange ulykker og dødsfall at dei leiande mennene i byen tilset ein «mellommann» – som skal informere familiane. Men så byrjar han sjølv å initiere dei.

Hamers nye film er på engelsk, får verdspremiere på filmfestivalen i Toronto og er lausleg basert på ein del av Lars Saabye Christensens roman «Sluk».

Skodespelarar: Pål Sverre Hagen, Tuva Novotny, Aksel Hennie, Trond Fausa, Nicolas Bro, Paul Gross, Nina Andresen Borud.

«Vær Her»

Premiere: 17. september
Regi ved Ragnhild Nøst Bergem

Jan Ingvar Gjørstad er ein av dei tre hovudkarakterane i den komande filmen «Vær her». Foto: Euforia/Herlif film AS

I den varme, nære dokumentaren møter ein tre demensramma. Liva deira er prega av leiting etter ord, minne og ting. Men omsorg, samvær og musikk kan hjelpe. Dermed handlar filmen om betydninga av relasjonar og det å vere til stades.

Her møter ein Jan Ingvar Jørstad, Mildrid Mæhlum og Sigvald Tveit – sistnemnde no avdød musikkforskar og komponisten bak songar til «Portveien 2».

«Nattebarn»

Premiere: 24. september
Regi ved Petter Aaberg og Sverre Kvamme

Foto: India Film AS

Aaberg vart sjølv stoppa i siste liten då han stod klar til å hoppe utfor ei bru. For å halde dei mørke og vonde tankane på avstand, bestemde han seg for å lage film saman med bestekompisen Sverre, og resultatet er «Nattebarn» – kalla ein ekte, rå og usminka film om å velje livet.

I filmen møter ein Petter Aaberg, Sverre Kvamme, Miriam Øyna, Emma, Monica, Oliver, Cormelia.

«Aksel»

Premiere: 15. oktober
Regi ved Even Sigstad og Filip Christensen

Foto: Field productions/Euforia

Endeleg er dokumentaren om ein av Noregs største idrettsprofilar gjennom tidene klar. Den skildrar dramatiske hendingar i utforløypene, opp- og nedturar i livet utanfor bakken – og kampen mot ein kropp som slit med å tole belastningane. «En film om viljestyrke, frykt og samhold», heiter det om «Aksel».

Her møter sjåarane Aksel Lund Svindal, Kjetil Jansrud og pappa Bjørn Svindal.

«Verdens verste menneske»

Premiere: 15. oktober
Regi ved Joakim Trier

Renate Reinsve mottok prisen for beste kvinnelege skodespelar under den prestisjetunge filmfestivalen i Cannes for rolla i «Verdens verste menneske». Det har ingen andre norske kvinner gjort før ho. Foto: SF Studios/Oslo Pictures

Filmen skapte store overskrifter då han konkurrerte om Gullpalmen i Cannes, og hovudrolleinnehavar Renate Reinsve vann pris for beste kvinnelege skodespelar.

Handlar om ei ung Oslo-kvinne som strir med å «finne seg sjølv» i møtet med vaksenlivet generelt og menn spesielt. Sjølv kallar Reinsve dramakomedien for «en fin, kul og smart film om det å være menneske akkurat nå»

Skodespelarar: Renate Reinsve, Anders Danielsen Lie, Herbert Nordrum.

«John – den siste norske cowboy»

Premiere: 22. oktober
Regi ved Frode Fimland

Ein ekte einstøing: Frode Fimland tar dokumentarpublikummet med for å møte den siste norske cowboyen, John Høiland (92), son av ein norsk immigrant som bygget seg opp ein stor ranch i Montana. Foto: FIMfilm / NFI

Ny film frå skaparen av «Søsken til evig tid»-dokumentarane, der kinogjengarane får møte den 92 år gamle ungkaren John Høiland, son av ein norsk immigrant. Han har drive ein enorm ranch i Montana heile livet. No er John åleine på ranchen – som den siste, norske cowboyen. Rikfolk står i kø for å kjøpe eigedommen, men Johns lykke ligg ikkje i verdien av ranchen, den er forankra i fridommen til å arbeide på eiga jord.

Her møter sjåarane John Høiland.

«Nordsjøen»

Premiere: 29. oktober
Regi ved John Andreas Andersen

Andreas Baasmo er ein av skodespelarane i den nye katastrofefilmen. Foto: Nordisk Film Distribusjon

No er det duka for ny katastrofefilm frå skaparane av «Skjelvet» og «Bølgen», og denne gongen er det oljeplattformene i Nordsjøen som blir ramma på uforklarleg og dramatisk vis. I helterolle finn ein «Ninjababy»-skodespelar Kristine Kujath Torp som ung gründer som jobbar med svært avanserte undervassrobotar.

Skodespelarar: Kristine Kujath Thorp, Rolf Kristian Larsen, Anders Baasmo, Henrik Bjelland, Bjørn Floberg, Anneke von der Lippe, Ane Skumsvoll, Cengiz Al.

«Alt for Norge»

Premiere: 5. november
Regi ved Jo Vemund Svendsen og Daniel Høglund

Foto: SF Studios

Dokumentar vigd Egil «Drillo» Olsen, mannskapet hans og reisa dei tok det norske folket med på gjennom 90-talet. Gjennom personlege opptak og i stor grad nytt videoarkiv får publikum lov til å få vere med «i spillerbussen, garderoben og på innsiden av eventyret du berre har sett frå tribunen eller foran TV-en».

Ein møter Drillo og hans Drillos.

«Tre nøtter til Askepott»

Premiere: 12. november
Regi ved Cecilie Mosli

Mens vi ventar på jul: «Tre nøtter til Askepott», her med Astrid S med rolleriktig sot i ansiktet og venner og fiendar, har novemberpremiere. Foto: Frederick Howard

Den mykje omtalte norske versjonen av den tsjekkiske julefilmklassikaren, der «Skam»-skodespelar Cengiz Al speler prinsen som Astrid Smestads Askepott imponerer «med heseblesende ritt, briljant bueskyting og selvfølgelig – slottsball med vanvittige kjoler og en solid porsjon magi», som det heiter.

Skodespelarar: Astrid Smeplass, Cengiz Al, Thorbjørn Harr, Ellen Dorrit Petersen, Bjørn Sundquist, Kristoffer Hivju, Nader Khademi, Anne Marit Jacobsen, Jonis Josef, Ingrid Giæver, Sjur Vatne Brean, Arthur Hakalaht.

«Alle hater Johan»

Premiere: 26. november
Regi ved Hallvar Witzø

Slik ser Pål Sverre Hagen ut som einstøing i ei lita norsk bygd i «Alle hater Johan». Foto: Nordisk Film Productions

Ein eksplosiv komedie – med manus av Erlend Loe – om livet til Johan, ein einstøing med hest og sans for sprengstoff, som aldri heilt blir teken inn i varmen i lokalmiljøet. Men han gir ikkje opp kampen for tilhøyrsel – eller den livslange, uforløyste kjærleiken til nabojenta han ved eit uhell «kom til å sprenge litt i stykker i ungdomstiden».

Skodespelarar: Pål Sverre Hagen, Ingrid Bolsø Berdal.

«Kampen om Narvik»

Premiere: 25. desember
Regi ved Erik Skjoldbjærg

Carl Martin Eggesbø spelar hovudrolla i «Kampen om Narvik». Foto: Nordisk film Distribusjon

No skal den sterke historia frå andre verdskrigen, der stormaktene møttest i det store slaget om Narvik i 1940 og Tyskland vart påført det første tapet sitt, bli fortalt på kinolerretet. Sett gjennom auga både til ein ung, norsk soldat – og kona hans, som jobbar som stovejente ved Narvik-hotellet som blir hovudkvarteret til tyskarane.

Skodespelarar: Carl Martin Eggesbø, Kristine Hartgen, Stig Henrik Hoff, Kari Bremnes, Emil Johnsen, Mathilde Cuhra, Henrik Mestad, Torfinn Nag, Holger Handtke, Christoph Bach, Billy Campbell.

Kva film gler du deg mest til å sjå?

Kva film gler du deg mest til å sjå?

Clue: Maltesergåten1
a-ha The Movie0
De uskyldige0
Ingenting å le av34
The Middle Man1
Vær Her0
Nattebarn1
Aksel0
Verdens verste menneske2
John – den siste norske cowboy4
Nordsjøen2
Alt for Norge0
Tre nøtter til Askepott1
Alle hater Johan5
Kampen om Narvik5
Klarar ikkje å velje! 3
Svar totalt: 59

«Six feet uner», «The Wire» «Freaks and Geeks», «The Sopranos» og «Doctor Who» er nokre av klassikarane du kankasta deg over medan du skal halde deg unna folk.