Desse 21 Marvel-filmane må du sjå før Avengers: Endgame

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 11 år har «Marvel Cinematic Universe» (MCU), eit filmselskap under Marvel Studios, produsert superheltfilm på superheltfilm. Alt starta med Iron Man i 2008, og sidan dess har det balla på seg.

Snart kjem «Avengers: Endgame» og markerer slutten på ein æra.

Ei epoke er over

Det finst mange filmar frå Marvel-teikneseriane, men frå selskapet Marvel Cinematic Universe har det så langt kome 20 filmar. Heltane og handlingane i desse eksisterer innanfor same univers.

Filmane er delt opp i fasar, likt som ein deler opp ei bok i kapittel:

Fase 1 tar for seg oppstarten til superheltane, og sjåaren får møte Iron Man, Hulken, Captain America, og Thor, før fasen avsluttar med den første Avengers-filmen. Fase 2 leiar opp mot den andre Avengers-filmen, og ein del nye heltar vert introdusert.

No er filmane i Fase 3. Denne fasen er oppbygging mot den store, slemme superskurken Thanos. Den tredje Avengers-filmen Infinity War samla alle heltane, og seinare i mars får universet også den første kvinnelige superheltrolla i filmen Captain Marvel. Fasen vert avslutta med del 2 av Infinity War som har fått tittelen Endgame. Der skal alle heltane samlast ein siste gong for å bekjempe skurken Thanos, som vil utslette halve befolkninga for å skape balanse på jorda.

Endgame markerer slutten for desse kapitla, og ti år med dei same heltane. No er det tid for nye karakterar.

Avengers, civil war

Teamet til Captain America i «Avengers: Civil War». Falcon, Ant-Man, Hawkeye, Captain America, Scarlet Witch, og Buckey Barnes. Foto: Ant-Man/CC BY-SA 2.0/Flickr

Om du er verkeleg vil setje deg inn i fasane og tidslinja i universet, så kan du lese meir her

Berre å setje i gang med «bingewatch»

Har du kanskje sett ein film eller to? Eller kanskje vil du sjå alt for å oppdatere deg? Eller kanskje du berre vil sjekke om du har fått med deg heile historia?

Her er i alle fall lista over alle dei 22 filmane du må sjå før Avengers: Endgame kjem:

>

Les også: Linn lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet sitt 

Fjerde best i verda

Filmane har vore godt likte, eit globalt publikum har både snakka om dei og sett dei på kino. På lista over filmane som har tent mest pengar ligg Avengers: Infinty War på fjerde plass like bak Star Wars: Force Awakens, Titanic, og Avatar. Av dei tjue filmane på topp, har MCU heile seks filmar, og dei har alle tent over 1 milliard dollar.

Samstundes vart Infinty War den første superheltfilmen som tente meir enn 2 milliardar dollar, altså litt over 17 milliardar norske kroner.

Greier dei å halde fram på same vis sjølv om dei no tar vekk ein heil generasjon av dei kjæraste superheltane?

Thanos vil skape balanse i universet. For å gjere det må han samle alle infinty-steinane.

Les også: Ta kvissen for å sjå kor mykje du kan om Marvel-Universet

Er det slutten?

For Endgame vil ikkje berre vere slutten på ein fase, men det er òg slutten på mange av dei kjente kjære superheltane vi har følgt opp i gjennom åra.

Fleire av skodespelarane har ikkje kontrakt lenger, men det ryktast òg at filmselskapet vil legge desse superheltane bak seg, og finne andre superheltar frå teikneseriane.

For nokon ser det i alle fall ut som slutten. Ein kan for eksempel lure på korleis det går med Captain America etter at skodespelaren Chris Evans tvitra dette:

https://twitter.com/ChrisEvans/status/1047896966410190849

Ein del av reisa er slutten, skriv Marvel Studios på Twitter i lag med traileren på den nye filmen:

Les også: Publiserer teikneseriar på nynorsk