Fem filmtips frå Filmoteket

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmoteket blei lansert i april som den nye måten å låne film frå biblioteket på. Dersom det lokale biblioteket ditt er tilknytta er det berre å logge inn med lånekortet ditt og opprette profil. Her finn du meir informasjon om korleis.

Ein kan velje mellom norske og internasjonale filmar i ulike sjangrar, og både indie-filmar og store Oscar-vinnarar er representerte. Det finst filmar for både barn, ungdom og vaksne, og i løpet av 2020 blir over 1000 titlar tilgjengelege for gratis strøyming.

Her er fem gode filmar du kan starte med:

1. Hairspray

Er du ei checkerboard-chick?

Den perfekte feelgood-filmen å fylle sommarkvelden med, som samtidig får deg til å dirre av rettferdig harme mot kvite privilegium. For deg som har lyst til å gråte, le og hente inspirasjon til neste Black Lives Matter-demonstrasjon.

Pluss: John Travolta spelar ei overvektig 1950-tals husmor.

2. The Rum Diary

Likte du Frykt og avsky i Las Vegas?

The Rum Diary er basert på ei bok frå same kultforfattar, Hunter S. Thompson, og handlar om det ville og stadig meir alkoholiserte livet til journalisten Paul Kemp i Puerto Rico. Denne filmen gir deg all den blå karibiske himmelen du saknar på Noregsferien din, samt nokre gode tips til kva du IKKJE bør gjere på neste tur til varmare strøk.

3. Kapernaum

Har du enno ikkje sett filmen om tolv år gamle Zain, som saksøker foreldra sine for å ha sett han til verda?

Ja, røynda som filmen portretterer er botnlaust trist og urettvis, men filmen har akkurat nok humor og varme til at du orkar å sjå den likevel. Og får innsikt i ein type liv du elles sjeldan ser på film.

3. The Bling Ring

Filmen basert på den sanne historia om ein ungdomsgjeng i Los Angeles, besette av rikdom, mote og berømmelse, som gjorde innbrot (eller “shoppa” som dei kalla det) i husa til Hollywood-kjendisar for å stele ikoniske klede, smykke, sko eller andre statussymbol.

Godt regissert film av Sofia Coppola, som også har laga klassikaren Lost in Translation.

5. Million Dollar Baby

Girly – tough ain’t enough!

Synest du verdas beste kvinnelege boksar, Cecilia Brækhus, er kul? Sjå filmen om Maggie, den kvinnelege boksaren som må lukkast for å sleppe vekk frå ein mistrøstig white trash-eksistens. Heldigvis møter ho trenaren Frankie, spela av Clint Eastwood.

Inspirerande bli-ein-champion film à la Rocky, men med ein overraskande tvist …

Illustrasjon: Colourbox