Skeive bøker, seriar og filmar du bør sjå i juni

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du kan ta med deg ei bok i parken, ha ein podkast på øyret medan du går tur eller slenge deg på sofaen med ein god serie!

Framtida.no har spurt FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold kva deira beste tilrådingar er: 

? Bøker

Dei FRI-tilsette tilrår alle å lese Written on the body av Jeanette Winterson, Middlesex av Jeffrey Eugenides og Ti Kniver i hjertet av Nora Dåsnes.

FRI-leiar Inge Alexander Gjestvang tilrår alle å lese Ti kniver i hjertet av Nora Dåsnes.

– Denne nydeleg illustrerte boka trefte meg både i lærarhjartet og pappahjartet – og ikkje minst stakk ho eit spett opp under eiga usikker ungdomstid og vippa gamle kjensler opp til overflata, skriv han på e-post til Framtida.no.

Den grafiske romanen sikra Dåsnes både Pondusprisen og Kulturdepartementets pris for beste teikneserie.

– Ei flott historie med vakre illustrasjonar som tek for seg brytningstida mellom barn og ungdom, og ikkje minst korleis det kjennest å kjenne på ei annleisheit, seier Gjestvang.

Andre tips: Written on the body av Jeanette Winterson og Middlesex av Jeffrey Eugenides.

? Filmar

FRI-staben tilrår den kritikarroste filmen Portrait of a lady on fire frå 2019. Foto: Arthaus 

Øvst på tilrådingslista til FRI-leiaren er den kritikarroste God’s Own Country frå 2017.

– Ei uventa kjærleikshistorie som på mange måtar minner meg om ein annan favoritt, Brokeback Mountain. Her vert beinhardt gardsarbeid, identitetskrise og grå kvardag med emosjonell oppvaking og vakre landskapsbilete blanda.

Andre tips: Portrett av en kvinne i flammer (2019)

? Seriar

På leit etter noko å sjå på? FRI-redaksjonen tipsar om Netflix-serien Sex Education og dei tre HBO-seriane It’s a Sin, Pose og Euphoria. Foto: Netflix, HBO.

It’s a Sin tok både sjåarane og kritikarane med storm i januar, og Filmpolitiet kalla det ein «knallgod serie som både beveger, gir innsikt og underholder».

Gjestvang fortel at serien, som gjev eit innblikk i AIDS-epidemien sine tidlegaste fasar og fortel historiene til dei første offera, har opna for mange samtalar hjå ein yngre generasjon skeive, som ikkje har kjent denne delen av historia på kroppen.

– Mykje rørande vennskap og kjærleik kombinert med livsglede og fantastiske nachspiel i sletne leilegheiter, men òg mykje sorg, fornekting, frustrasjon og sinne, skildrar FRI-leiaren.

Andre tips: Sex Education (Netflix), Pose og Euphoria (begge på HBO).

Treng du meir overtyding? Her er fem gode grunnar til å elske Sex Education!

? Podkast

På podkastfronten tipsar Gjestvang om Trans Norge, som er ein podkast laga av Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens (PKI) og leia av Luca Dalen Espseth og Aleksander Sørlie. 

FRI-leiaren rosar podkasten for å vere lærerik og informativ, og med stemmene til dei det faktisk handlar om.

– Ein fantastisk podkast som tek for seg korleis det er å vere trans i Noreg i dag. Korleis er tilgangen på helsehjelp, kva seigliva myter bør verte avkrefta ein gong for alle, korleis tek vi eigentleg den såkalla «transdebatten»?


Les også sakene i artikkelserien Over RegnbogenDer kan du mellom anna lese eit intervjuet med Barents Pride-iniativtakar Valentina Likhosjva. Då ho fekk Thorvald Stoltenbergs pris fekk ho dødstrugslar i heimlandet. 

Valentina Likhosjva har motteke Thorvald Stoltenbergs pris for arbeidet sitt med Barents Pride og menneskerettar. Då det vart kjent i russiske medium fekk ho dødstrugslar. Foto: Privat