Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan seiast å vere mykje ymse å finne i julefilm-kategorien. Om du har lyst til å gå inn i adventstida med ein av filmane som blir rekna å vere av dei betre, er dette lista for deg.

Framtida.no har samla filmane som er mest populære og høgast rangert på filmnettstadane IMDB, Rotten Tomatoes og Metacritic. Ein del av filmane som kjem best ut blant kritikarane og filmentusiastane er frå 40-talet, og er dimed ikkje så lett tilgjengelege for strøyming i Noreg. Vi har difor teke utgangspunkt i filmane som er tilgjengelege på strøymetenestene.

Mest populære på IMDB

IMDB er den største filmdatabasen på nett, og mange sjekkar rangeringa ein film har der for å avgjere om han er verd å sjå.

Når ein søkjer på julefilmar på sida med høgast IMDB-score, er det episoden «A Very Sunny Christmas» frå It’s Always Sunny in Philadelphia som toppar lista med ein score på 9,2. Vidare følgjer Livet er vidunderleg frå 1946 og A Kylie Christmas: Live from the Royal Albert Hall, som er Kylie Minogue sin julekonsert.

Sidan dette kanskje ikkje er akkurat det du er ute etter i jakta på ein juleFILM, presenterer vi heller dei mest populære julefilmane på IMDB.

? Alene hjemme (Home Alone) (1990)

Filmen som tronar øvst over dei mest populære julefilmane på IMDB er ingen ringare enn klassikaren Alene hjemme.

Det var vel inga bombe! Og då snakkar vi sjølvsagt om den første filmen. (Sjølv om Kevin på eventyr i New York ikkje er feil det heller.)

Sannsynet er stort for at du allereie har fått med deg kva denne filmen handlar om, men om du har budd under ein stein, eller bak eit juletre – her er ei lita oppsummering:

Åtte år gamle Kevin (Macaulay Culkin) blir gløymd att heime når familien reiser på juleferie. Ikkje berre må han klare seg aleine heime, han må òg hanskast med nokre skurkar. Men du yppar ikkje med Kevin, og skurkane skulle nok ønskje dei valde seg eit anna nabolag å rane. Viss du ler av at folk får strykejern i fleisen og tråkkar på spiker, er dette filmen for deg.

Du finn filmen her: Disney +, TV 2 Play, Viaplay

Hjelp det er juleferie! (National Lampoon’s Christmas Vacation) (1989)

Hjelp, det er juleferie! ligg som ein god nummer to når ein rangerer julefilmar etter popularitet, altså det folk er mest inne på, på IMBD.

Denne filmen er ein komedie som handlar om familien Griswold som skal feire den perfekte jula saman. Men ting går ikkje som det skal, for å seie det mildt. Dei blir overraska av uinviterte slektingar som kjem på besøk og det oppstår naturlegvis ei rekkje forviklingar.

Du kan sjå filmen her: Netflix, TV 2 Play, Viaplay

? Last Christmas (2019)

Den tredje mest popluære julefilmen på IMDB er Last ChristmasWham! sin ikoniske julelåt Last Christmas har inspirert denne romantiske komedien av ein julefilm.

Kate (Emilia Clarke) fekk aldri den musikkarieren ho drøymde om, og jobbar i staden som alv i ein heilårsjulebutikk i London. Ho lever eit kaotisk liv, kan karakteriserast som ein uheldigper, og har ei ganske kynisk tilnærming til livet og jula. Men ein dag møter ho mystiske Tom utanfor butikken, og det skal forandre alt…

Filmen passar for deg som er fan av Emilia Clarke, er lettrørt og klar for ein romantisk dramakomedie.

Du kan sjå filmen her: Netflix, Viaplay, TV 2 Play

Kritikarane sine favorittar

Ein ting er kva filmar som er populære, men kva filmar er det kritikarane meiner er best? Metacritic er ein nettstad som samlar omtalar om bøker, musikk, TV, film og spel. Dei har laga ei liste over julefilmane som har fått best vurdering frå filmeldarar. Filmen som kjem best ut er klassikaren Møt meg i St. Louis (Meet Me in St. Louis) frå 1944. Filmmusikalen der Judy Garland syng Have Yourself a Merry Little Christmas for første gong er ikkje tilgjengeleg på norske strøymetenester, så vi hoppar til nummer 2 på lista!

? Mirakelet på Manhattan (Miracle on 34th Street) (1947)

Kritikarane har vore begreistra for denne filmen, som òg har blitt heidra med tre Oscar-prisar. Andreplassen han har fått på lista, er basert på 10 meldingar av filmen.

Mirakelet på Manhattan handlar om den hyggelege gamle mannen Kris Kringle, som påstår at han er julenissen. Den vesle jenta Susan har blitt fortalt av mor si at julenissen ikkje er ekte. Ho møter Kringle, som jobbar som julenisse på varehuset Macy’s i New York, og byrjar å lure på om nissen kanskje finst likevel og at Kringle fortel sanninga.

«Det er lett, det er sjarmerande, det er herleg morosamt og fullstendig fengslande. Det er alt dette, og noko meir. Han har ein udefinerbar andeleg kvalitet som løftar sjåaren sin ande til ei glad, håpefull stemning.», skriv meldar Kate Cameron i Daily News om filmen, ifølgje Metacritic.

Du finn filmen her: Disney+

? Et førjulsmareritt (The Nightmare Before Christmas) (1993)

Filmmeldarane sin bronsevinnar er Tim Burton-filmen Et førjulsmareritt.

Med årets halloween-feiring overstått får kongen av Halloween Town, Jack Skellington, ei aldri så lita identitetskrise. Han er lei av den same gamle tralten, og klarar ikkje finne motivasjonen til å legge planar for neste års skremselshøgtid. På ein litt sorgmodig gåtur i skogen, snublar han over ein lysning med portalar til dei andre høgtids-verdene. Han endar opp i Christmas Town, og gresskarkongen Skellington får plutseleg ein ny vind over seg. Kva om han berre tek over jula?

Tim Burton sin stop motion-klassikar byr på ei julefeiring heilt utanom det vanlege og eit lydspor du kjem til å synge i dusjen heilt fram til påske.

Du finn han her: Disney+, Viaplay, TV 2 Play

Arthurs Julegaverace (Arthur Christmas) (2011)

For at julenissen skal rekke rundt med gåver til alle barn på eitt døgn, så har han sjølvsagt eit svært apparat rundt seg og tusenvis av hjelparar på Nordpolen. Han har òg hjelp i dei to sønene sine Arthur og Steven.

Arthur har eit hjarte av gull, men er kanskje ikkje den mest nevenyttige av folk. Steven er målretta og driv pakkeleveringa som ei effektiv maskin, men kanskje òg av det kjøligare slaget. Steven har sett føre seg å ta over som julenisse når faren pensjonerer seg – noko som nærmar seg med stormskritt.

Men når eit barn risikerer å vakne på julemorgonen utan pakke under treet, vert ferdigheiter og prioriteringar sett på prøve.

Du finn filmen her: Netflix

Rotten Tomatoes-toppane

På Rotten Tomatoes si liste over beste julefilmar er det igjen Frank Capra-filemn Livet er vidunderleg som kjem best ut og Mirakelet på Manhattan som kjem hakk i hel. Det er ein del filmar frå 1940-talet på denne lista, så om du synest det er vanskeleg å få strøymd dei gamle, eller rett og slett berre har eit sterkare forhold til dei nyare, har vi plukka ut dei «moderne» filmane som kjem best ut frå vurderingane til bidragsytarane på sida.

? Little Women (2019)

The Nightmare Before Christmas scorar best av såkalla nyare filmar på lista, så den første tilrådinga frå Rotten Tomatoes er Little Women, 2019-filmatiseringa av boka til Louisa May Alcott med same namn (Småfrøkner på norsk). Filmen er regissert av Greta Gerwig og blei teke godt imot av kritikarane.

Historia følgjer Jo March og systrene hennar Meg, Amy og Beth i ein liten by i Massachusetts på 1800-talet. Dei er fire unge kvinner som er fast bestemte på å leve livet på sine eigne premiss, trass forventingar. Jo prøvar å slå igjennom som forfattar, og vi følgjer søstrene gjennom kjærleiksforhold og ulike utfordringar. Historia er ikkje fortalt kronologisk, men hoppar fram og tilbake i tid.

Filmen blei nominert til ei rekkje prisar, og har vunne Oscar for beste kostymedesign. I Little Women finn vi store stjerner som Saoirse Ronan, Emma Watson, Florence Pugh og Timothée Chalamet.

Du kan sjå filmen her: Prime Video, TV 2 Play, Viaplay

? Die Hard (1988)

Die Hard høyrest kanskje ikkje ut som den mest typiske julefilmen, men det har blitt tradisjon å sende dei første Die Hard-filmane i jula, så mange assosierer dei med nettopp jul. Handlinga i filmen er òg lagt til jula og Die Hard inneheld ein daud kjeltring med nissehue – det blir ikkje meir julestemning enn det!

Actionfilmen med Bruce Willis i hovudrolla handlar om politimannen John McClane som skal feire jul i Los Angeles med ekskona Holly og ungane. Men terroristar er i ferd med å kapre bygget der Holly er i juleselskap, og McClane tar opp kampen mot dei.

Du finn filmen her: TV2 Play, Disney +

? Klaus (2019)

Klaus handlar om postmann-studenten Jesper. Han gjer dårleg figur i utdanninga, og vert stasjonert på ei forfrosen øy nord for polarsirkelen, der bebuarane verken sender brev eller pratar saman.

Jesper er i ferd med å miste motet før han møter læraren Alva og oppdagar Klaus, ein mystisk snikkar med hytta full av handlaga leiker. Det vert starten på ein ny arv med sjenerøse naboar, magi og strømper som heng framfor peisen.

Visste du at ein av karakterane i Klaus snakkar nordsamisk? Det er Nede Margrethe (13) som har gitt stemme til karakteren!

Du finn filmen her: Netflix


Skjermdump frå When Harry met Santa /Posten