Ny Ringenes Herre-serie er dyrare enn USAs måneutforskingsbudsjett

I september 2022 blir det premiere på verdas dyraste serie, nemleg Lord of the rings basert på universet til J.R Tolkien.

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 2. september 2022 blir det premiere på serien mange har venta på. 

Lord of the rings har vore i opptak på New Zealand frå februar 2020 til august 2021, men måtte ta fleire månaders pause grunna koronapandemien

Serien er forventa å bli den dyraste TV-serien i historia.

Dyrare enn Game of Thrones

Første sesong av serien har eit produksjonsbudsjett på 465 millionar dollar. Dette vil seie omtrent 4 milliardar norske kroner. For å skissere kor enormt mykje ein milliard faktisk er, varar ein million sekund i 11 dagar, mens 1 milliard sekund varar i 32 år.

Desse milliardane er fordelt på 8 episodar, med 58 millionar dollar i budsjett per episode.

Til samanlikning kosta siste sesong av verdas hittil dyraste serie Game of Thrones, 90 millionar dollar, det vil seie 15 millionar dollar per episode.

Første sesong av den populære Disney-serien The Mandalorian kosta 100 millionar dollar, og tilpassa inflasjon brukte Kevin Costner rundt 300 millionar dollar i 1995 for å bygge ei heil øy utanfor Hawaii for filmen Waterworld.

Dei originale The Lord of the Rings-filmane var i si tid var nokre av dei største og mest ambisiøse filmprosjekta som nokon gong har vore laga.

Det samla budsjettet for dei tre filmane var på 281 millionar dollar – 181 millionar dollar mindre enn den nye serien.

Strenge sikkerheitstiltak

Handlinga for den komande The Lord of the Rings-serien er sett til andre tideverv –  tusenvis av år før handlinga til Hobbiten og Ringenes Herre.

Vi veit veldig lite om handlinga, og Amazon har hatt strenge sikkerheitstiltak for å ikkje lekke noko.

Det eineste vi veit er at dei har tilsett rundt 20 skodespelarar som har vore med på innspillinga.

Episodane er regisserte av Wayne Yip, J.A Bayona og den svensk – franske regissøren Charlotte Brandstrøm som mellom anna har regissert episodar av den norske serien Okkupert. Det er ingen kjente stjerner blant skodespelarane.

Bezos ynskja seg sjåar-suksess

Bakgrunnen for at serien blei til er at Amazon-eigar Jeff Bezos ønska seg ein global sjåarsuksess som Stranger things eller Game of Thrones.

Derfor deltok Amazon i ein bodkrig med Netflix om rettane til Ringenes Herre-bøkene, som Amazon tilslutt vann. Prislappen for rettane enda på svimlande 250 millionar dollar, som vil seie rundt 2,2 milliardar kronar. 

Amazon-leiar Jeff Bezos skal ha vore direkte involvert i forhandlingane mellom Warner Bros, Tolkien-familien og Amazon.

Kunne finansiert serien 400 gonger

Journalist Cristopher Grant i the Verge samanliknar budsjettet til serien med USAs budsjett for måneutforsking.

I 2021 lå dette budsjettet på 451 millionar dollar.

Grant skriv at sjølv om budsjettet høyrest stort ut for ein ikkje-milliarder, kan Jeff Bezoz finansiere serien personleg over 400 gonger før han vil gå tom for pengar.

Jeff Bezoz er for augenblinken verdas nest rikaste mann etter Elon Musk, og har ein formue på 202 milliarder dollar.

Dette bildet som er gitt ut av Sony Pictures viser Tom Holland, venstre, og Benedict Cumberbatch i Columbia Pictures «Spider-Man: No Way Home.» Foto: Sony Pictures via AP