TV-seriane som får kvardagen i 2020 til å sjå litt lysare ut

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.10.2020 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: HBO Nordic

What We Do In The Shadows

Dei tre vampyrane Nandor the Relentless («because I just never relent…»), Laszlo og Nadja og energivampyren Colin bur saman i eit hus på Staten Island.

Der må dei hanskast med vanlege kvardagsutfordringar (kjedebrev på e-post) og meir uvanlege utfordringar (som at dei ikkje har teke over heile USA enno, og no kjem ein frå the old country for å sjekke framgangen).

Heldigvis har dei god hjelp frå Nandor sin familiar Guillermo, som håpar han får oppfylt sitt høgaste ønske etter ti år med tru teneste. Han bistår med alt frå å drage for gardinene når det er dagslys til å kvitte seg med lik, som ein god arbeidstakar utan løn.

Serien er ein del av same franchise som filmen med same namn frå 2014, og det er Flight of the Conchords-makkar Jemaine Clement og Jojo Rabbit-skapar Taika Waititi som står bak.

Tilgjengeleg på: HBO Nordic
Sesongar: 2
Episodar: 20
Speletid: 22-30 min

Foto: Comedy Central

Schitt’s Creek

Kva om the Kardashians hadde mista alle pengane sine og måtte flytta til ein liten by i gokk? Det er plottet til Schitt’s Creek med nokre små justeringar.

Rose-familien har levd som kongar, men når dei mister heile formuen vert dei tvinga til å flytte til Schitt’s Creek, ein småby som far Johnny ein gong kjøpte i gåve til sonen David. Slikt vert det kulturkræsj (og ein utruleg morosam serie) av.

Schitt’s Creek er både ein sjåar- og kritikaryndling, og på årets Emmy-utdeling tok serien storeslem og sette rekord for flest Emmy-prisar ein komiserie har vunne for ein sesong.

Tilgjengeleg på: TV 2 Sumo
Sesongar: 6
Episodar: 80
Speletid: 22 min

Foto: NBC

Brooklyn Nine-Nine

New Yorks finest held til på politistasjonen i Brooklyn sin 99.ande distrikt.

Politibetjentane Jake, Rosa, Amy og Charles gjer sitt beste for å bure inne flest mogeleg kriminelle, medan sjefane Terry og Raymond Holt passar på at ting ikkje går heilt over styr*. Hitchcock og Scully sine hovudmål er vel mest å sitje inn stolane sine og å ete lunsj. Assistenten Gina er mest oppteken av slengkommentarar og dansegruppa si.

Mellom alt politiarbeidet vert det sjølvsagt intrigar, Halloween-heists og stadige forsøk på å utkonkurrere kvarandre – uansett kva konkurransen er. Nine-nine!

*Det går av og til heilt over styr.

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 7
Episodar: 143
Speletid: 21-23 min

Foto: HBO Nordic

The Great

Katharina den store er den lengstsitjande kvinnelege regenten i Russland si historie, men ho kom ikkje dit utan å få litt skit under neglene.

I The Great følgjer sjåaren Katharina frå ho er ung og naiv og gifter seg med Peter den store, til ho vert ei kvinne med stadig større ambisjonar og handlekraft. Ikkje berre har ho nettopp fått ein relativt utilrekneleg ektemann, men ho lyt også verte klok på absurde tradisjonar og politisk maktspel. Huzzah!

Med ei solid dose humor og ei endå større dose kunstnarisk fridom.

Tilgjengeleg på: HBO Nordic
Sesongar: 1
Episodar: 10
Speletid: 45-55 min

Ethan Hawke i rolla som John Brown og Joshua Caleb Johnson speler slaveguten Henry Shackleford, som vert kalla Onion og tolka som ei jente. Foto: Showtime

The Good Lord Bird

For deg som likar kreativ omskriving av historia er mini-serien The Good Lord Bird gull. Serien er basert på den kritikarroste boka ved same namn av James McBride.

Serien følgjer slaveguten Henry Shackleford, som tilfeldigvis vert ein del av følget til den den altoppoffrande John Brown, som er ein ekte historisk figur. Ei misoppfatting gjer at Brown trur Henry heiter Henrietta, og slaveguten speler med fordi ingenting godt har nokosinne kome ut av å fortelje sanninga til ein kvit mann.

Ethan Hawke sitt portrett av ein eksentrisk og idealistisk predikant sitt valdelege korstog mot USAs urettvis er ein fryd. Med si opptakt til borgarkrigen i USA framstår serien som tidsaktuell og sjølv om historia ikkje er fortald akkurat slik det skjedde dukkar det opp nokre viktige historiske figurar som ein kan merke seg.

Tilgjengeleg på: HBO Nordic
Sesongar: 1
Episodar: 7
Speletid: 60 min

Rachel Brosnahan (t.v.) spelar Mrs. Maisel medan Alex Borstein spelar manageren Susie. Foto: Amazon via AP

The Marvelous Mrs. Maisel

Midge Maisel har eit tilsynelatande perfekt liv. Ho kjem frå ein jødisk middelklassefamilie, er godt gift og har eit lite barn. Ein draum på 1950-talet! Då familielivet byrjar å rakne, tek den munnrappe Mrs. Maisel til ei lita standup-scene og vrenger sjela si til latter frå salen. I kulissane står Susie Myerson og ser på – ho arbeider på klubben, og kjennar att potensialet.

Saman skal dei to freiste å ta over standup-verda, sjølv om den ikkje enno veit at kvinner kan vere morosame.

Tilgjengeleg på: Amazon Prime
Sesongar: 3
Episodar: 26
Speletid: 43–76 min

Foto: NBC

The Office

Når ein sit i heimekontor eller koronakarantene, kva er vel ikkje betre enn å sjå ein serie om opent kontorlandskap og alt det medfører?

Kvardagen i Dunder Mifflin Paper Company si Scranton-avdeling er ikkje heilt A4. Sjefen Michael Scott har ikkje peiling på kva han driv på med, men anar det ikkje sjølv. Jim er avstandsforelska i den forlova resepsjonisten Pam, og får tida til å gå ved å kødde med Dwight.

Ein klassikar med god grunn! (Men det kan vere lurt å hoppe over Scots Tot’s-episoden.)

Tilgjengeleg på: Viaplay
Sesongar: 9
Episodar: 201
Speletid: 22–42 min

Sharon Horgan og Rob Delaney har både skapt, skrive og spelar hovudrolla i Catastrophe. Foto: Avalon Distribution

Catastrophe

Sharon er singel og bur i London, men vert uventa gravid etter ein fling med amerikanske Rob. Dette er vel utgangspunktet for dei fleste velfungerande parforholda?

Serien viser alt anna enn eit romantisert glansbilete av familielivet, men heller korleis to personar freistar å kjempe seg gjennom kaos og (sjølvskapt) rot i eit forsøk på å halde saman og få kvardagen til å funke. Og det er latterleg morosamt.

Tilgjengeleg på: Viaplay
Sesongar: 4
Episodar: 24
Speletid: 24–28 min

Foto: Justin Lubin/NBC

The Good Place

Eleanor Shellstrop døyr i ei absurd ulukke, og vaknar opp i resepsjonen på eit kontor. Ho vert vist inn til «arkitekten» Michael som forklarar ho at folk som døyr ender opp anten i the Good Place eller the Bad Place – alt etter kor mange poeng du har scora medan du levde.

Eleanor har gjort seg fortent til the Good Place, der ho får ein heim skreddersydd for ho og skal møte sin sjelevenn: moralfilisofen Chidi. Eleanor trur ho har hamna der ved ein feil, ein mistanke som vert styrka når ho møter naboen sin, sosietetsdama Tahani, og hennar sjelevenn munken Jason.

(2020 er the Bad Place!)

Tilgjengeleg på: Netflix 
Sesongar: 4
Episodar: 53
Speletid: 22 min

Frå venstre: Jonathan Van Ness, Karamo Brown, Bobby Berk, Tan France og Antoni Porowski. Foto: Ryan Collerd/Netflix

Queer Eye

I 2018 pusta Netflix nytt liv i Queer Eye med ein ny «Fab Five». I kvar episode møter dei nokon som ikkje tek godt nok vare på seg sjølv, og hjelper dei innsjå at dei fortener å ha det bra.

Medan Bobby latar til å renovere heile kåken, tek Tan ansvaret for kledene, Antoni er matansvarleg (lærer folk å lage mat med avokado), Jonathan fiksar sveisen og Karamo nøstar i kvifor vedkomande har lete ting skli ut.

Det høyrest jo vel overflatisk ut, men det går mykje djupare enn å berre klippe håret til nokon og å kjøpe dei ein fin blazer.

Historiene til kvar person dei hjelper står i sentrum, og det er tidvis utruleg rørande. Allereie i første episode sit tårene laust. Der møter ein 57-åringen Tom, som er skild og vart nominert av dottera. Han ønskte å vinne ekskona si attende, men meinte at «you can’t fix ugly». Det vert berre meir og meir tårevått, di fleire Fab Five hjelper.

Denne serien gjev deg trua på verda igjen.

Tilgjengeleg på: Netflix 
Sesongar: 5
Episodar: 47
Speletid: 43–51 min


Alexa Paulay-Simmons datar Braxton, noko som får ho til å lura på om har «daddy issues». Foto: Netflix