Desse skrekkfilmane gjer deg betre rusta for å handtere koronapandemien

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie viser at dei som ser mykje på skrekkfilmar er betre rusta til å takle pandemien mentalt.

Difor har Framtida.no leita fram nokre skrekkfilmar som kan føre til ei og anna søvnlaus natt, men som kanskje får deg til å takla kvardagen betre:

The Host (2020)

Kvifor ikkje starte skrekkfilm-maratonet med ein fersk film i korona-tida?

The Host handlar om ein vennegjeng som er i karantene på kvar sin kant, og bestemmer seg for å ha ei seanse over Zoom. Karantenelivet vert nokre knepp skumlare, ganske fort.

The Host byr på digital skrekk i koronatida.

Midsommar (2019)

Ein amerikanske vennegjeng som reiser til Sverige for å delta på ein festival, som berre finn stad kvart 90. år. Det dei møter er ei kult, med urovekkande ritual og hensikter.

A Quiet Place (2018)

John Krasinski frå The Office viser at han kan meir enn å selje papir.

Filmen tek føre seg eit postapokalytisk verd, der eit vesen frå verdsrommet skapar vanskelege vilkår for menneska som er att. Dei har superhøyrsel, og kan lokalisere deg ut frå den minste lyd. Fin dei deg, så drep dei deg.

Abbott-familien prøver overleve i det stille, men sjølv om dei har ei dotter som er døv og difor er godt vane med å kommunisere utan å prate, så viser det seg å verte utfordrande.

Hereditary (2018)

Annie Graham (Toni Collette) lever eit tilsynelatande normalt familieliv med ektemannen, tenåringssonen og dottera. Så døyr mor hennar. Annie har alltid hatt eit spent forhold til mora, som alltid har halde alle korta nært brystet.

Det er berre den første av fleire tragediar som kjem til å råke familien, og det vert etterkvart klart at kanskje ein ikkje kjenner kvarandre like godt som ein hadde trudd.

I denne filmen kjenner ein seg aldri trygg. Men det er umogleg å heilt setje fingeren på kva som gjer alle scenar og dialogar litt ubehagelege å sjå på.

Get Out (2017)

Fotografen Christopher skal møte familien til sin kvite kjærast Rose, og er uroa for korleis dei kjem til å reagerer på at han er ein svart mann. Det som møter han er meir urovekkande enn han forventa. Det er noko underleg med denne familien.

Dette er filmen som verkeleg etablerte Jordan Peele som ein regissør av rang, og filmen vart hylla over heile linja. Peele står òg bak skrekkfilmen Us (2019), om denne gjev meirsmak.

IT (2017)

I oktober 1988 forsvinner seksåringen George sporlaust, og sommaren etter leitar storebroren Bill og vennane hans etter kor han har forsvunne. Dei finn fort ut at kloakken er ein utriveleg plass som skjuler utrivelege ting.

Stillbilete frå IT (2017): Warner Bros. Entertainment Inc.

(Om du ikkje synest klovnar var skumle før denne filmen, så er det god sjansen for at du synest dei er det etterpå.)

It Follows (2015)

Kva om kjønnssjukdommar var endå skumlare? Det er plottet for It Follows. 

19-åringen Jay har sex med Hugh, og han gjev ho noko ho ikkje kan kvitte seg med ved hjelp av antibiotika. Så kva gjer ho då? Rekrutterer vennane sine, vel.

The Witch (2015)

I 1600-talets England må ein puritansk familie handtere hekseri, vondskap og forsvunne barn i ei salig blanding.

Ekstra «nei takk»-poeng for tvillingar og skumle dyregreier.

The Witch tek deg med til 1600-talets England der ein gudfryktig familie møter mørkret.

The Conjuring (2013)

Paret Roger og Carolyn Perron og deira fem døtre flyttar inn i eit nytt hus, men det viser seg fort å ikkje vere like ubebudd som dei hadde håpa.

(Om ein har lært noko av skrekkfilmar, så er det å aldri flytte inn i store, ærverdige hus så det er jo godt nytt for generasjonen som ikkje kjem seg inn på bustadmarknaden.)

Stillbilete frå The Conjuring: Warner Bros. Entertainment Inc.

Om filmen gjev meirsmak, så har du eit kvelv av andre filmar innanfor same univers å sjå: Annabelle: Creation (2017), The Nun (2018) og Annabelle Comes Home (2019) er komne til no, og fleire er i produksjon.

For kven vil vel ikkje kose seg med ein film om skumle dokker?

The Cabin in the Woods (2011)

Ein gjeng ungdommar på ei forlatt hytte i skogen, kva kan gå gale? Ganske mykje. Spesielt om ein legg til mystiske ritual, eit laboratorium og zombiar.

Cabin in The Woods er ein horror-komedie med det sjangeren inneber.

Paranormal Activity (2007)

Det føregår noko uforklarleg i det nye huset til Karie og Micah. Difor set dei opp eit kamera på soverommet sitt for å finne ut kva som skjer medan dei søv.

Ei stund etter du ha sett denne filmen kjem du til å vere hyperbevisst på huslydar, nøklar som klirrar, lys som blinkar, og dører som lear på seg.

Amityville horror (2005)

I filmen møter ein familien Lutz som nettopp har flytta inn i sitt nye hus i 112 Ocean Avenue i Amityville. Huset har vore åstand for nokre grufulle drap eit år i førkant, men no skal det verte ein idyllisk heim. Det vert ikkje heilt som venta.

Filmen er basert på boka The Amityville Horror av forfattar Jay Anson, og tek for så vidt utgangspunkt i sanninga. I 1974 var 112 Ocean Avenue åstaden då Ronald DeFeo Jr. skaut og drap seks familiemedlemmar, og det var George og Kathleen Lutz som flytte inn eit drygt år etter. Men det paranormale nivået er nok skrudd opp nokre hakk i både bok- og filmversjonen.

Åtvaring: Du kjem til å kveppe ein gong eller to.

Amityville Horror frå 2005 er ei nyinnspeling av filmen frå 1979, der skumle saker skjer i eit gamalt hus.

The Descent (2005)

Ein vennegjeng er på ferie og bestemmer seg for å utforske ei grotte i fjella Appalachane i USA. Dei må navigere gjennom smale grottegangar for å finne vegen ut att.

Foto: Lionsgate Entertainment/TriMark

Relativt god sjanse for at du kvepp og mister lysta på grotteutforsking (om ikkje Thailand-dramaet for to år sidan tok knekken på den frå før av).

The Grudge (2004)

Ein amerikansk sjukepleiar vert sendt for å ta vare på ei eldre amerikansk dame, som bur i eit hus i Tokyo. Det ho ikkje veit er at ei forbanning òg bur innanfor dei same veggane.

Dette er ein amerikansk versjon av ein japansk film, som er tilfelle for fleire av filmane på denne lista. Det er komne fleire filmar innanfor same univers, høvesvis The Grudge 2 (2006), The Grudge 3 (2009) og The Grudge (2020).

Den japanske skrekkfilmen The Grudge kan setja ein støkk i dei fleste.

Saw (2004)

To menn vaknar opp på eit skitent bad, lenka fast. Det viser seg etterkvart at dei begge er tekne til fange av ein seriemordar som likar å spele spel. Klarar dei overliste han før tida går ut?

Om dette er din type film, så har du flaks. Det er nemleg laga åtte filmar i Saw-serien og ein niande er venta å kome neste år.

The Ring (2002)

Venninne Katie og Becca diskuterer ei vandrehistorie dei har høyrt om ein forbant VHS, og alle som ser den døyr i løpet av sju dagar. Journalisten Rachel vert sett på saka, og skal nøste opp i mysteriet, koste kva det koste vil.

(Takk gud for at det er eit fåtal som framleis har VHS-spelar i 2020.)

Dette var òg første film i ein serie, med oppfølgjarane The Ring Two (2005) og Rings (2017).

The Blair Witch Project (1999)

Dette er ein klassikar!

Filmen handlar om nokre studentar, som skal lage ein dokumentarfilm om den segnomsuste Blair Witch. Dei reiser til Burkittsville for å intervjue lokale om legenden, og set i gang med å utforske den nærliggande skogen. Den har tidlegare vore åstad for mange mystiske hendingar, og studentane får erfare litt for godt kva som kan hende i skogmørkret.

Du følgjer filmen gjennom linsa til dokumentarfilm-studentane, og det gjer det heile ekstra skummelt.

The Shining (1980)

Klassikaren ein ikkje kjem unna. Sjølv om du aldri har høyrt om Stanley Kubrick, har du høyrt om The Shining.

Filmen følgjer ein mann og familien hans, på eit hotell kalla The Overlook. Han skal passa på hotellet i vintertida, men det viser seg at hotellet ikkje likar folk særleg godt…

Denne filmen let deg aldri kjenne deg trygg. Kva kjem no? Det er umogleg å vite. Her er det ikkje bø-skremming, men ein ekkel stemning som lurkar og ikkje slepp taket før lenge etter filmen er over.


Eller du kan førebu deg på deg amerikanske valet med ni tv-seriar og filmar om amerikansk politikk du bør sjå!

Frå venstre: Donald Trump i rolla som seg sjølv i Netflix-dokumentarserien «Trump: Den amerikanske drømmen», Julia Lois-Dreyfus i rolla som Selina Meyer i «Veep» og Alexandria Ocasio-Cortez i Netflix-dokumentaren «Kampen om Kongressen». Foto Netflix, HBO, Netflix