Renate Reinsve klar for å fronte Noregs Oscar-kandidat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag var det duka for den spennande avsløringa av kva for ein norsk film som skulle bli Noregs Oscar-kandidat fram mot nominasjonen i Oscar-kategorien for beste internasjonale film.

På førehand hadde produsenten av filmen, Thomas Robsahm, nærast kalla det «ein skandale» om ikkje valet fall på Joachim Triers kritikarhylla og Cannes-prisvinnande film med Renate Reinsve som den berande krafta. Men skandalen svikta.

Filminstitutt-direktør Kjersti Mo uttalte på pressekonferansen at Triers film har «ei heilt unik moglegheit til å nå heile vegen fram», etter storsuksessen utanlands – mellom anna med Renate Reinsves oppsiktsvekkjande, beste kvinnelege skodespelarpris i Cannes i sommar.

For avsløringa måndag er berre starten:

– Det er ein lang veg igjen, dette er første steg, seier regissør Joachim Trier. Hans store stjerne legg til:

– Det blir kalla «Oscar Race» av ein grunn. Eg har ikkje vore med på dette før, så eg er berre veldig, veldig spent, seier Renate Reinsve.

Hovudrolleinnehavar Renate Reinsve med «Verdens verste menneske»-regissør Joachim Trier (t.v.) og produsent Thomas Robsahm utanfor Filmens Hus i Oslo rett etter Oscar-kandidatoffentleggjeringa måndag. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

– Sjå på havet

Reinsve, som langfilmdebuterte i hovudrolla som Julie, får éi veke fri før den italienske premieren. Den skal ho vere på ei øy utanfor Napoli. Då skal ho vere smått utilgjengeleg, berre sjå på havet og ikkje snakke om seg sjølv, smiler ho. Men det er ikkje fordi ho er lei av «Verdens verste menneske» – tvert om.

– Det er det som er så fint, at eg er så entusiastisk for denne filmen og berre er glad for å vere lenger i dette universet, seier Reinsve, som seier at ho «lærer noe nytt» om filmen frå dei ulike perspektiva som journalistar så vel som publikummarane ho møter, har.

– Eg skjønner kva han betyr for andre menneske. Det er derfor ein lagar film: For at det skal resonnere hos andre. Det har «Verdens verste menneske» så absolutt gjort, seier Reinsve, som i forkant trudde filmen ville ha størst appell hos kvinner på hennar eigen alder. Ho medgir at ho vart overraska over å sjå kor breitt han slo an: Hittil er filmen sett av over 85.000 på kino i Noreg.

– Dei er av ulike kjønn og aldrar og alt, fordi han treffer folk ulikt med dei forskjellige temaa i filmen.

Renate Reinsve måndag ettermiddag i gråvêret ved Filmens Hus, rett etter offentleggjeringa av «Verdens verste menneske» som Norges Oscar-kandidat. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Skape snakkis

Renate Reinsve kjem til å høyre mange fleire perspektiv, for snart legg ho og filmlaget ut på nye promoteringsreiser og kjem ikkje tilbake før mot slutten av november. «Verdens verste menneske» er nemleg selt til heile verda.

Så blir det ein liten pause – før filmteamet og no òg Filminstituttet i samarbeid med den amerikanske distributøren av filmen, Neon, køyrer vidare på med Oscar-kampanjen i januar og februar. Det vankar 350.000 kroner i NFI-tilskot til den norske kandidaten i første runde, og nye 250.000 om han klarer seg vidare.

Men sjølv om «The Worst Person in the World» av bransjebibelen Variety er gjetta å vere den mest sannsynlege kandidaten til å vinne kategorien, og tonegivande New York Times held filmen som sin favoritt – og i tillegg spår Reinsve som kandidat i beste skodespelar, så er dette berre første trinn av ein fleirtrinnsrakett.

– No gjeld det å få «Verdens verste menneske» til å bli ein snakkis blant medlemmene av Oscar-akademiet, seier produsenten av filmen Thomas Robsahm i Oslo Pictures erfarent. Han har vore med på dette tre gonger før, med «Engelen», «Thelma» og fjorårets «Håp» – som faktisk kom med på kortlista og seier:

– At «Verdens verste menneske» er ein veldig tydeleg film, er mykje av suksessen. Derfor har vi fokusert medvite på hovudrolla, fordi folk er opptekne av karakterane.

Allereie før Renate Reinsve sensasjonelt vann prisen for beste kvinnelege skodespelar i Cannes, hadde Oslo Pictures plukka ut plakatbiletet, som berre viser henne. – Vi har vore svært bevisste på at dette ikkje skulle vere «ein Joachim-film», men at fokus blir på karakterane, seier produsent Thomas Robsahm, om løpet Oslo Pictures har lagt opp for sin norske Oscar-kandidat. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

– Nominasjon ikkje umogleg

– Slik utviklinga har vore med «Verdens verste menneske», med Cannes og favorittstempel i amerikanske medium, må eg innrømme at eg aldri har følt at sjansane har vore større til å komme langt på vegen, legg Robsahm til.

Først gjeld det for den norske Oscar-kandidaten å komme seg til ei kortliste på 15 filmar, som blir offentleggjorde 21. desember. Deretter blir det naglebitande jule- og januardagar, før dei nominerte blir opplyste 8. februar – stemt fram av medlemmene i Oscar-akademiet. Der er elles både regissør Joachim Trier og medmanusforfattar Eskil Vogt medlemmer.

Har du sett «Verdens verste menneske»?

Har du sett «Verdens verste menneske»?

Ja, og elska filmen!!!6
Ja, men likte han ikkje4
Nei, men har lyst1
Nei, og kjem ikkje til å sjå han0
Svar totalt: 11

 

– Akademimedlemmene får tilsendt rundt 80 filmar kvar, så det er klart at dei færraste ser alle. Så nummer éin er at folk ser filmen, og liker han. Ein pris i Cannes er med på å plassere oss blant dei øvste, og gir oss meir merksemd, konstaterer regi- og produsentveteranen og seier han trur «Verdens verste menneske» har ein veldig god sjanse.

– Sjå på «Druk» (Et glass til), korleis han vart halden fram som favoritt og gjekk heile vegen. Løpet vårt liknar litt på dette. Vi er blant dei ni–ti som har ein sjanse. No blir eg skuffa om vi ikkje kjem på kortlista. Eg føler at nominasjon er mogleg. Det har skjedd før at favorittar ikkje har nådd opp. Men det kjennest rett at vi har fått denne sjansen. Eg kan ikkje hugse at ein norsk film nokosinne før har vorte trekt fram som favoritt på denne måten her, avrundar Robsahm.


Foto: John Shearer og Chris Pizzello/Invision/AP