Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. «Contagion» (2011)

15 år | | Action, Drama, Sci-Fi

Dette er filmen som verkeleg har fått ein ny giv, i lys av koronaviruset som går. Regissør Steven Soderbergh sin film viser korleis ein luftvegsvirus med opprinning i Asia, spreier seg i rekordfart. Matt Damon, Gwyneth Paltrow, Jude Law, Kate Winslet har alle ei rolle i filmen som viser panikken og informasjonskaoset som oppstår.

2. «Outbreak» (1995)

15 år | | Action, Drama, Thriller

Eit dødeleg virus kjem til USA frå Zaire i DR Kongo. Militær-legar kjempar for å finne ein kur på viruset som spreier seg gjennom ein by i California.

Med skodespelarar som Dustin Hoffman, Rene Russo, Morgan Freeman, Kevin Spacey, Cuba Gooding Jr. and Donald Sutherland i hovudrollene, er det duka for eit stjernespekka show.

Eit dødeleg virus spreier seg frå eit apekatt-bitt. Kor langt er styresmaktene villige til å gå for å stansa spreiinga?

3. «Flu» (2013)

| Action, Drama, Sci-Fi 

To brør oppdagar at ulovlege innvandrarar har døydd i ein shipping-kontainer, av ein ukjend sjukdom.

Det viser seg å vere eit dødeleg, luftbore virus som raskt infiserer innbyggjarane i ein by i Sør-Korea. Sjukdomen kan ta knekken på folk i løpet av 36 timar, og byen vert sett i karantene.

4. «28 Days Later» (2002)

18 | | Drama, Horror, Sci-Fi 

Eit mystisk virus, utan kur, spreier seg gjennom Storbritannia. Nokre få overlevande prøver å finne ein trygg plass å vere.

Denne horror-klassikaren er brutalt, dyster og hyper-realistisk, og viser zombie-aktig åtferd frå folk som er infiserte med viruset.

Her har ein med vilje casta mindre kjende skodespelarar, i håp om å gjera filmen meir realistisk.

5. «World War Z» (2013)

15 | | Action, Eventyr, Horror 

Basert på boka frå Max Brooks vart dette ein publikumssuksess i 2013.

Ei gripande og gjennomtenkt forteljing om ein tidlegare FN-inspektør (Brad Pitt) som må reise verda rundt for å prøve å finne ein måte å stansa zombie-pandemien som spreier om seg.

Her får ein mellom anna sjå korleis grensekontrollar og internasjonale forhold kan hjelpe, eller skada, i ein slik situasjon.

6. «Train To Busan» (2016)

15 | | Action, Horror, Thriller 

Denne sør-koreanske filmen er skremmande og blodig. Her får me sjå starten av eit zombie-utbrot, med fokus på eit tog frå Seoul til Busan. Korleis dei reisande prøver å forsvara seg sjølv, samstundes som kaoset spreier om seg rundt dei.

7. «The Last Man On Earth’ / ‘The Omega Man’ / ‘I Am Legend»

Dette er tre ulike adapsjonar av den same romanen: I am Legend av Richard Matheson. Ser du alle på rappen, får du sjå korleis verdas ende har forandra seg frå 1964 til 1971 og 2007.

I The Omega Man er plottet sett utifrå frykta for ein kald krig, med biologiske våpen. I The Last Man On Earth og I am Legend er det virusutbrot som ikkje er skapt av menneske som står i sentrum, og der helten kanskje er den einaste i verda som ikkje er smitta.

8. «Resident Evil»-filmserien

15 | Action, Horror, Sci-Fi 

Kven skulle tru at verdas ende tok så lang tid? Første film kom i 2002 (Resident Evil), så Resident Evil: Apocalypse (2004), Resident Evil: Extinction (2007), Resident Evil: Afterlife (2010), Resident Evil: Retribution (2012), og til slutt (?) Resident Evil: The Final Chapter (2016).

Dette er ein adapsjon av det svært populære dataspelet der hovudkarakteren kjempar mot vonde selskap og deira biologiske våpen, som har skapt ein zombie-apokalypse.

9. «The Andromeda Strain» (1971)

| | Sci-Fi, Thriller 

Ein mikroorganisme frå verdsrommet kjem på jorda gjennom ein satelitt som kræsjar.

Mikroorganismen er ekstremt dødeleg med evna til krystallisera menneskeleg blod til pulver. Dei som vert råka, døyr umiddelbart. Greier dei å forstå organismen før den spreier seg og drep alt liv på jorda?

Michael Crichton står bak nokre store frå roman til film-suksessar, som mellom anna Jurassic Park. Men hans aller første storfilm var denne thrilleren frå 1971.

10. «Panic In The Streets» (1950)

16 | | Crime, Drama, Film-Noir 

For dei ekstra interesserte, kan kanskje denne hauggamle filmen vera noko.

Elia Kazan sin film frå 1950 følgjer ein detektiv frå New Orleans. Han håpar å greie å stansa ein epidemi med lungepest frå å spreie seg. Jack Palance speler hovudrolla.

11. «The Stand» (1994) – miniserie

15 | Eventyr, Drama, Fantasy 

Eit biologisk våpen med ein variant av influensa, vert sleppt ved eit uhell. Over 99 % av verdas befolking døyr. Men kva skjer med dei få overlevande, som no må streva seg gjennom ein total samfunnskollaps?

Serien skremte ein heil generasjon med sjåarar, men er omlag like vanskeleg å få fatt på no som ansiktsmasker og antibac.

(Det ligg ein versjon på YouTube, men kven veit kor lenge?) Ein ny versjon av serien skal kome i løpet av 2020.

Dette er ein serie som er laga basert på Stephen King sin roman med same namn.

12. «12 Monkeys» (1995)

15 | Neo-Noir, Mysterium, Sci-Fi, Thriller 

Tidsreiser, Bruce Willis og Brad Pitt, kan det bli betre?

Hovudkarakteren James Cole lever i 2035 og sit i fengsel, men vert send tilbake i tid for å identifisera opphavet til ein global pandemi, som nesten utsletta heile menneskeslekta.

Han hamnar att og fram i tid og blir både arrestert og innlagt i søken etter ein kur.

I januar 2015 hadde fjernsynsserien 12 Monkeys, basert på filmen, premiere.

13. «Cabin Fever» (2002)

15 | | Horror

Ei gruppe nyutdanna studentar er på hyttetur i skogen, men blir infiserte av eit kjøtt-etande virus.

Filmen vart også laga på nytt i 2016, men ingen av dei gir deg særleg lyst til å nokosinne bu i skogen nokosinne igjen.

Fun fact: Namnet på filmen kjem frå eit ekte omgrep som skildrar korleis ein kan bli nesten klaustrofobisk, ekstremt irritert og rastlaus dersom ein endar opp på ein isolert stad over ein lengre periode. Så her gjeld det å passa på!

14. «Carriers» (2009)

13 | | Eventyr, Drama, Thriller

Fire venner har overlevd ein global pandemi, og reiser på biltur til ein plass der dei håpar å få fred, unngå å bli smitta og berre kan vente til pandemien er over.

Plottblottar: Det går ikkje sånn superbra.

I hovudrollene finn me mellom anna: Lou Taylor Pucci, Chris Pine, Piper Perabo, Emily Van og Kiernan Shipka.

15. «Blindness» (2008)

| Drama, Mysterium, Sci-Fi 

Her får me sjå kva som skjer når verda blir ramma av ein pandemi som gjer folk blinde. Og hovudrollene åleine gjer det nesten verd å sjå filmen, med mellom anna: Julianne Moore, Mark Ruffalo, Gael García Bernal, Danny Glover og Alice Braga.

Filmen er basert på den portugisiske romanen av José Saramago.

16. «Black Death» (2010)

| Action, Drama, Historie 

Som ei oppvarming til si livs hovudrolle som Ned Stark, er Sean Bean med i filmen. Her speler han leiaren av ei gruppe riddarar på jakt etter ein kjettar under svartedauden på 1300-talet.

Eddie Redmayne er også med, og speler ein munk som er med riddarane.

Fun fact: Også Carice van Houten har ei lita «Game of Thrones»-oppvarming i filmen og speler ei lur dame som kanskje/kanskje ikkje er ei heks.

17. «The Happening» (2008)

15 | Drama, Mysterium, Sci-Fi, Thriller

Ein naturfagslærar, kona hans og ei ung jente gjer alt for å overleva ein pest som får dei som er smitta til å ta sjølvmord.

I hovudrollene finn me mellom anna Mark Wahlberg og Zooey Deschanel. Regissøren er M. Night Shyamalan (kjend frå Den sjette sansen og Signs).