Student Caroline (19): – No er alt stengt igjen, og eg veit knapt kven eg går på kull med

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Student Caroline (19): – Eg veit knapt kven eg går på kull med

Caroline Clausen (19) gjekk siste året på vidaregåande skule og hadde det travelt med skule og fritidsaktivitetar, då koronaviruset kom til landet i vår og alt stengde ned.

Ho er del av kullet som verken fekk møte venene sine frå vidaregåande i særleg grad før ein flytta, som ikkje kunne vera ordentleg russ, og som i haust for første gong flytta heimefrå til nye byar og studentlivet.

Om Clausen hadde visst korleis det skulle bli, hadde ho ikkje valt å byrja å studera i år.

– Eg ville ikkje gjort det igjen. Då ville eg heller gått på folkehøgskule eller bibelskule, der ein er kan vera saman med folk.

– Enda opp heilt åleine på hybelen

Før hausten trudde Caroline Clausen heller at det skulle bli motsett. At folkehøgskular og bibleskular ville vere meir ramma sidan ein der bur oppå kvarandre, medan det ville betre for ho som skulle studere på universitetet.

– Eg trudde dei ville prøve å finne betre løysingar til hausten, men så enda eg opp heilt åleine på hybelen min.

Ho hadde gleda seg til å ta til på medisinstudiet hjå Universitetet i Bergen, flytte for seg sjølv og «bli vaksen».

– Alt låg til rette for at eg skulle ha det fint. Eg hadde fått hybel, og kome inn på studie eg ville inn på. Men når ein ikkje har det sosiale blir det veldig einsamt og ein trivst ikkje så særleg godt. 

Ho fortel at det er veldig rart å gå frå det å ha gode vener rundt seg kvar dag, til å ikkje ha nokon.

– Det er jo berre ein telefon unna, men det å ikkje ha nokon der fysisk til å spele spel med, ete middag med, gå tur med, studere med og anna gjer at ein blir veldig lei og føler seg veldig åleine.

Uroa for førsteårsstudentane

Felipe F. Garcia, NSO

Den siste tida har det vore ekstra mykje fokus på kva koronarestriksjonane gjer med den mentale helsa, og fleire har peikt på studentar som ei sårbar gruppe. 

Norsk studentorganisasjon (NSO) er særleg uroa for nettopp førsteårsstudentane, som ikkje har fått den tilhøyrsla ein vanlegvis får ved studiestart.

– Når undervisninga er digital kan terskelen for å ta kontakt med ein medstudent bli mykje høgare, då kan det vere ekstra krevjande å få nye studievener. I tillegg er det veldig avgrensa kor mange ein får møte i sosiale sammenhengar, og då blir det raskt lettare å la vere å ta kontakt enn å faktisk gjere det, seier nestleiar Felipe F. Garcia i ein e-post til Framtida.no.

Ved Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) fortel dei at det har vore større pågang hos helsetenestene denne hausten, og dei har mellom sett inn fleire psykologar og rådgivarar for å styrka tenestene.

– Mange studentar rapporterer meir av dei «vanlege» plagene som engstelse for framtida og nedstemtheit. Fleire seier dei opplever å bli meir og meir umotiverte og slitne av situasjonen. Det er ikkje noko endepunkt for kor lenge dette vil vare, noko som bidreg til auka usikkerheit, seier leiar i SiO Psykisk Helse, Anne Karin Mullally, til Framtida.no i ein e-post.

Fleire av studentorganisasjonane har etterlyst meir støtte frå regjeringa, og onsdag vart det kjend at dei vil løyva 10 millionar kroner for å hjelpe studentar som no slit.

Ei ekspertgruppe skal levere sine anbefalingar 23. november, og er eit samarbeid mellom departementa og representantar frå mellom anna Høgskolerådet, samskipnadsrådet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Velferdsansvarleg i NSO, Jonas Økland, meiner det er på høg tid og håpar det er nok.

– Det er håp, men det er håp i eit hengande snøre, seier han til VG.

Meiner universitetet må ta meir ansvar

UiB-student Caroline Clausen meiner at også universitetet burde teke meir ansvar for å sikre det sosiale blant studentane.

– Eg er sikker på dei kunne gjort meir for at me skulle hatt høve til å bli kjende med kvarandre og ikkje sitje åleine. Eg trur mange på kullet mitt tenker det same. Det er vanskeleg å bli kjend med kvarandre når den einaste møteplassen me har er førelesing på Zoom, der dei fleste attpåtil sit med kameraet av.

4. november skreiv ho eit innlegg i Aftenposten Si;D der ho delte sine erfaringar som einsam førsteårsstudent i pandemitida.

Etter det har det rent inn med meldingar frå andre studentar som fortel at dei har det på same måte, og som takkar for at ho set fokus på dette.

Ho håpar dette vil føre til at universitetet tek meir ansvar for å sikre at studentane kan bli kjende med kvarandre gjennom den digitale undervisinga.

Eg trur i alle fall eg ikkje ville følt meg så einsam om det var på plass meir interaktiv undervising og meir gruppearbeid. Når ein ikkje kjenner kvarandre og ikkje ser kvarandre, er det vanskeleg å sjølv ta initiativ til å finne på noko med medstudentar. 

Seks gonger på campus

Sjølv kom ho inn på førsteåret på medisin frå venteliste, og gjekk dimed glipp av det vesle sosiale som var i fadderveka. Etter det har ho vore på campus seks gonger.

– No er alt stengt igjen, og eg veit knapt kven eg går på kull med.

– Eg trur universitetet ikkje har tenkt så mykje på at me som kjem rett frå vidaregåande er ganske unge, har flytta til ein heilt ny by og kanskje ikkje kjenner nokon andre. At det er viktig for oss å bli kjend med folk, så ein har nokon ein kan snakka med. 

Ho prøvde sjølv å skaffa seg eit nettverk gjennom andre arenaar og studentorganisasjonar, men også desse har blitt stengde som følgje av koronakrisa. Ho har også gått på gudstenester for unge vaksne, men der oppmodar dei no til sitje med dei ein bur med.

– Det er vanskeleg når ein ikkje bur med nokon.

UiB: – Me er uroa for studentane våre

Oddrun Samdal, UiB.

– Vi ynskjer at studentane våre skal få høve til å vere sosiale både fysisk og digitalt, og jobbar difor ein del med å legge til rette for det, seier viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal i ein e-post til Framtida.no.

Ho fortel at dei føler med studentane som ikkje fekk den studiestarten dei hadde sett føre seg.

Ho viser til at situasjonen i Bergen no er slik at dei ikkje kan ha fysisk undervisning på campus, men seier dei tek einsemd blant studentane på alvor.

– Me er uroa for studentane våre no i koronatida, og gjer fleire tiltak. På fredag lanserer me ein ny portal som heiter «Vær god mot deg selv», der me deler kunnskapsbaserte tips til korleis studentane kan få ein betre kvardag, både dei som er einsame, eller dei som på andre måtar føler at den digitale kvardagen går ut over den psykiske helsa eller deira motivasjon for å studere.

Ho legg til at dei etter initiativ frå studentar, også har ei mentorordning ved universitetet, som kan gjere overgangen frå vidaregåande skule til universitet enklare.

– Ein mentor er ein erfaren student eller ein fagleg tilsett som kan støtte deg i studiet, og som du kan diskutere ulike sider ved det å vere student med, til dømes prestasjonspress, eksamensmeistring, einsemd, tvil om studieval, mangel på motivasjon og liknande.

Ho fortel at universitetet planlegg samlingar for mindre grupper førsteårsstudentar i desember.

– Når det er sagt, synest eg det er leit at studentane ikkje føler at me legg godt nok til rette for sosiale møteplassar, og me tek gjerne imot tips til korleis dei meiner at me kan bli betre på dette.

Ingen nærkontaktar i studiebyen

No har Caroline Clausen flytta heim til familien på Tysvær, for å sleppe å sitje åleine i studenthybelen.

– Det er ikkje noko kjekt å sitje der, og det er ikkje noko vits i å vere i Bergen no. 

Gjennom heile perioden har ho reist på helgeturar heim og er takksam for at det har vore ein så kort tur at det var mogleg. Elles har ho kunne besøke besteforeldra i Bergen når ho har kjend seg einsam, eller ringt til familiemedlemmar og snakka lenge med dei.

Ho håpar neste studieår startar med litt meir fysisk oppmøte, og betre digital undervising så kvardagen blir litt betre.

F.v. Helsesista Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom (Foto: privat).