«De gir millionar av kroner til klesbutikkar og kulturnæringa. Det er bra, men kor er satsinga på den psykiske helsa?»

Ingebjørb Blindheim/Psyktærlig
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kjære, regjeringa.

Eg, Ingebjørg, resten av gjengen i Psyktærlig, Helsesista, Mental Helse Ungdom og fleire er svært uroa for heile Noregs befolking.

Det blir stramma inn ekstremt mykje i samfunnet for å unngå at smitten spreier seg, noko som er heilt forståeleg og som må til.

Likevel høyrer eg ingen politikarar og helsestyresmakter snakke om å setje inn konkrete tiltak for å samtidig ivareta den psykiske helsa til folk, noko som gjer meg svært uroa.

Australia gjekk allereie i mars ut med ein stor krisepakke på 1,1 milliardar australske dollar (omlag 7,2 milliardar norske kroner) for å styrke det psykiske helsevernet og meir, for å ta vare på den psykiske helsa til befolkinga.

Denne krisetida vil legge ekstra mykje press på eit allereie overbelasta psykisk helsevesen, både no – og også i lang tid etter pandemien har roa seg. Det må settast inn tiltak FØR det har alvorlege konsekvensar for den psykiske helsa til folk.

Noko som diverre allereie har skjedd.

Liv har gått tapt, både grunna sjølvmord og drap utført av menneske som ikkje har fått tilstrekkeleg helsehjelp.

Liv har gått tapt, både grunna sjølvmord og drap utført av menneske som ikkje har fått tilstrekkeleg helsehjelp.

Dette er ytste konsekvens, som diverre ikkje er så sjeldan som vi skulle ønskje. Andre, også alvorlege konsekvensar er tilbakefall hos menneske som har blitt friske frå sine psykiske lidingar, menneske som aldri har slite, som plutseleg no får mørke tankar om livet og psykiske lidingar eller alkohol/rusproblem.

Pandemien påverkar ikkje berre folk si fysiske helse. Eg får tilbakemeldingar frå menneske som fortel om at dei mistar den psykiske helsehjelpa dei er avhengige av.

Psykiatriske sjukehus og avdelingar har inntaksstopp enkelte stader fordi det er for mange folk som treng hjelp.

Menneske fortel om at dei mistar den psykiske helsehjelpa dei er avhengige av.

Vi har ikkje nok døgnplassar eller behandlarar i psykiatrien. Både unge og eldre ventar i månadsvis på å få hjelp. Fleire blir einsame. Mange mistar jobbane sine, eller blir permitterte. Dei strenge smittevernstiltaka skapar ekskludering, folk får ikkje innleggingar på psykiatriske døgnplassar når dei treng det, på grunn av manglande kapasitet. Mange blir innestengt på heimekontor og heimestudiar, også i heimar der dei ikkje har det noko bra av ulike årsaker.

Menneske som aldri har slitt før blir sjuke, og menneske som har blitt friske fra si psykiske liding får tilbakefall.

Alt dette utan at ein kan garantere at hjelpa er der om dei søker den.

Vi treng eit statleg finansiert lågterskeltilbod som består av helsepersonell med kompetanse innan psykisk helse.

Der alle som treng, uavhengig av kor i landet dei bur, uavhengig av alder og uavhengig av tidlegare sjukdomshistorie, kan få eit kortvarig tilbod frå 5-10 gonger med anten telefon- eller videooppfølging. Aller helst fysisk oppmøte der det er mogleg, og då spesielt for dei som bur åleine og ikkje har nokon nærkontaktar.

Dette tilbodet bør også kunne gi tilvising til vidare psykisk helsehjelp dersom det er behov for det.

Vi i Psyktærlig og fleire blir gladeleg med på å hjelpe dykk å utforme eit slikt tiltak raskt.  

Kjære politikarar, de må faktisk slutte å stole på at dagens psykiske helsevesen er godt nok, når det gong på gong viser at det ikkje er det. Det er ikkje nok. Og det er ikkje godt nok.

Det er ikkje nok. Og det er ikkje godt nok.

Høyr på oss, ver så snill. Vi er fleire som etterspør eit slikt tilbod. De må slutte å lene dykk på eit overbelasta helsevesen og utslitte frivillige, og ta ansvar. De gir millionar av kroner til klesbutikkar og kulturnæringa. Det er bra, men kor er satsinga på den psykiske helsa?

Kor er nullvisjonen?

No, Bent Høie, Erna Solberg og resten av regjeringa. No har de høve til å vise at de bryr dykk om oss som slit.

At vi også har ein verdi for dykk under denne pandemien. At vi ikkje blir kasta under bussen og ofra for at de skal ha kontroll på pandemien.

Høyrer de ikkje på oss no, og snur dette, kjem helsevesenet til å ha eit ekstremt press på seg i lang tid etter pandemien, med alle friske som er blitt sjuke og sjuke som er blitt sjukare.

Eg er redd, Bent Høie og Erna Solberg.

Eg har #ingenflereåmiste.

Innlegget var først publisert på Psyktærlig sine sider. Teksten er gjengjeve og omsett med velvilje.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

F.v. Helsesista Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom (Foto: privat).