AUF jublar over moderpartiet sine løyvingar til psykisk helse og skulehelsetenesta på sitt alternative statsbudsjett.
mm

– Eg er redd den koronapandemien me no står i òg vil føre til psykisk helse-pandemi, seier AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem.

Ho viser til dei som no sit i heimane sine utan moglegheit til å møta andre, noko som gjer vegen til einsemd kort og vegen til hjelpetenestene lang.

350 millionar til psykisk helse

– Eg meiner me må leggja ned ein like stor innsats som det me gjer på å nedkjempe pandemien, på å sikra at folk har ei frisk psykisk helse på andre sida, understrekar Hoem.

I dag legg Arbeidarpartiet fram sitt alternative statsbudsjett for 2021.

Her føreslår dei 350 millionar kroner meir til psykisk helse blant unge, mellom anna gjennom eit løft i skulehelsetenesta.

Pengane vil dei bruka til:

  • Lågterskel psykisk helsehjelp utan tilvising (50 millionar)
  • Bemanning av skulehelsetenesta (50 millionar)
  • Opptrappingsplan for bemanning og heiltid i kommunane (100 millionar)
  • Styrking av psykiatrien (150 millionar)

Skulehelsetenetsa og «e-helsesøstrer»

Eit viktig mål er at skulehelsetenesta skal vere tilstades kvar dag, som eit lågterskeltilbod.

– Skulehelsetenesta har vore underfinansiert i mange år. Det er ikkje nok, men det er ein start og det er betydeleg meir enn det Høgre har gjort. Det er ikkje alt me får fiksa i løpet av eitt år, men me er utolmodige når det kjem til skulehelsetenesta, seier Hoem i AUF.

Arbeidarpartiet føreslår vidare «e-helsesøstrer» og at skulehelsetenesta kan vise vidare til spesialisthelsetenester.

Uroa for lange ventetider

Astrid Willa Eide Hoem
Astrid Willa Eide Hoem er leiar i AUF. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet vil òg med sitt alternative budsjett bidra til å kutta i ventetidene med løyvingar til psykiatrien.

– Utfordringa er at når ein får henvising til spesialisthelseteneste eller DPS så er det ganske mange månader venting etter tilvisinga. Då er det allereie alvorleg, for ein ber ikkje om hjelp når det byrjar å bli vanskeleg, seier Hoem, som meiner køane bør kuttast under korona.

– Eg har opplevd at folk eg kjenner får beskjed om at det er ein til to månader ventetid i ein periode av livet der dei kanskje slit med helseangst, fordi det er ein pandemi og ein ikkje vågar gå ut døra.

Regjeringa vs. Arbeidarpartiet

I sitt alternative statsbudsjett legg Arbeidarpartiet opp til å bruka 35 milliardar kroner meir enn regjeringa. Desse pengane hentar dei mellom anna inn gjennom formueskatt og å bruka 14,7 milliardar meir av Oljefondet, ifølgje NRK.

Men Arbeidarpartiet er ikkje åleine om å satsa på psykisk helse under pandemien.

I 2021 har regjeringa sett av 170 millionar kroner til Opptrappingsplanen for barn og unge si psykiske helse, som går i perioden 2019-2024.

100 millionar av desse går til kommunane, medan 35 millionar skal gå til større digital tilgjengelegheit i helsestasjons- og skulehelsetenesta, ifølgje regjeringa.

Leiar i Mental Helse Ungdom, Martine Antonsen, understrekar at det viktigaste er at barn og unge får rask hjelp når dei treng det.

Leiar i Mental Helse Ungdom, Martine Antonsen, meiner Arbeidarpartiet sitt forslag ved første augekast kan sjå betre ut enn regjeringa sitt.

Men at det er nokre poeng verd å kommentera:

– Den sitjande regjeringa har føreslått å løyva 100 millionar kroner til å følgje opp opptrappingsplanen for psykisk helse lokalt i kommunen åleine.

– Dette betyr at der regjeringa legg 100 millioner kroner på bordet for å styrke kommunane lokalt på tenestesida, føreslår Ap berre 50 millionar, understrekar ho i ein e-post til Framtida.no.

– Gå frå ord til handling

Antonsen peikar på at også regjeringa føreslår satsingar som vil styrke spesialisthelsetenesta (psykiatrien), men at desse ikkje kjem klart fram i statsbudsjettet.

Mental Helse Ungdom-leiaren synest det er positivt at Arbeidarpartiet synleggjer denne satsinga.

– Positivt er det også at ein føreslår å jobba for heile stillingar i kommunene, men dette er ikkje spesielt for psykisk helse, og kan fort tilsløra kva som faktisk handlar om psykisk helse og ikkje, når det vert blanda inn.

Ho meiner både regjeringa og Arbeidarpartiet har gode kvalitetar ved forslaga, men at regjeringa sitt er best for det lokale tilbodet.

– Overordna sett vil både posisjonen og opposisjonen i Noreg mykje godt med psykisk helse, så her er vel poenget mest av alt å gå frå ord til handling, både for regjering og storting.

Studentar og NAV-hjelp

I det alternative budsjettet til Arbeidarpartiet er det òg sett av 20 millionar til ein styrka innsats for studentane si psykiske helse.

Hoem fortel at dei òg vil ha ei forsterka oppfølging av unge i NAV-systemet.

– Mange unge står utan jobb og møter eit komplisert system i NAV. Unge som står utanfor arbeid eller studiar har vanskeleg for å kome inn att. Dette er eit viktig tiltak for unge, fordi det å vere utanfor slit på den psykiske helsa.


F.v. Helsesista
Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Ingebjørg Blindheim i Psyktærlig (Foto: Privat).

 

Oppdatert: torsdag 12. november 2020 15.00
ANNONSE