Startar stort samarbeid for å setja klima på dagsorden før lokalvalet

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet vårt er å laga kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar, både ungdom og vaksne, og set dette på dagsordenen for å bidra til klimaløysingar lokalt, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

Framtida.no og Energi og Klima skal laga artikkelseriar som blir tilgjengelege for dei over 100 lokalavisene og ABC Nyheter og Startsiden.no. Lokalavisene skal òg få gravehjelp og støtte til å laga god lokal journalistikk om lokal klimarisiko, og klimaløysingar lokalt.

Vil skapa debatt om løysingar

Norske lokalsamfunn vil oppleva meir ekstremvêr, fleire og større flaumar, auka rasfare og høgare snø- og tregrense. Kor godt rusta me er til å møta klimaendringane, avheng av kva kommunepolitikarane bestemmer.

Likevel er det i dag lite journalistikk om klima og miljø i lokalavisene, ifølgje ei fersk undersøking frå Nord universitet. Det ønskjer samarbeidspartnarane å gjera noko med.

– Me vil trekkja vekslar på andre kjelder enn dei som vanlegvis uttalar seg. Inspirert av Lokal Agenda 21 vil me driva journalistikk etter prinsippet «tenk globalt, handla lokalt», seier Framtida.no-redaktør og prosjektleiar Svein Olav B. Langåker.

LLA: – Viktig oppgåve for lokalavisene

– Me ser fram til at vi saman skal vera med på å lage både viktig og nyskapande journalistikk om eit tema som blir viktigare og viktigare, både globalt og lokalt. Folk flest vil merka klimaendringane både i kvardagen rundt seg og ved at kommunane må bruke meir pengar, først og fremst til førebygging, men og til reparasjon. Lokalavisene vil også her ha ei viktig oppgåve i å informera og avdekka gjennom god journalistikk, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA).