Skrivekonkurranse om klima
Skriv om kva du meiner me bør leva av i framtida! Over 3.000 kroner i premiar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse for ungdom.
Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Tips til kva du kan skrive om:
– Korleis kan samfunnet vårt bli meir berekraftig?
– Kva er løysinga på klimautfordringane?
– Kva skal me leva for i framtida?
– Kva yrke og utdanning vil det vera behov for i framtida?
– Kva vil vera framtida for lokalsamfunna som i dag er avhengige av oljeindustrien?
– Korleis kan ein klara å halda oppe busetnaden over heile landet?
– Korleis bør samfunnet tilpassa seg dei klimaendringane som kjem på best mogleg måte?
– Korleis ser draumesamfunnet ditt ut?
Skriv ein artikkel, lesarbrev, kronikk eller kåseri der du argumenterer og reflekterer over korleis klimaendringar kan påverka samfunnet, og kva du og samfunnet kan gjera med klimaendringane.
Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Aldersgrense: under 20 år
Innleveringsfrist: 15. februar 2019
Målform: Nynorsk
Teksten din kan du sende inn til magasinett @ gmail.com!