Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse for ungdom.

Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Vel éi av to oppgåver:

1. Skriv ein reflekterande eller argumenterande tekst om å gi tid.

Med telefonar som pip, TV-seriar som kallar og ei verd av distraksjonar kan det vera vanskeleg å finna tid til aktivitetar og menneske som betyr noko. Difor er ekte merksemd, å setja av tid til nokon, den finaste gåva ein kan få og gi. Har du råd til å la vera? spør Verdsdagen for psykisk helse i årets kampanje.

Tips til kva du kan skriva om:

  • Skriv om korleis du brukar tida di, og korleis det er når merksemda flyttar på seg heile tida.
  • Skriv korleis du, andre ungdommar og/eller samfunnet kan gjera noko med å setja av tid, og ta ekte merksemd tilbake.
  • Skriv om ein gong du hugsar som nokon har tatt seg god tid og gitt deg ekte merksemd – og kva lærdom me kan henta frå det.

2. Skriv eit debattinnlegg forma som eit brev til ordføraren din der du gjev råd til kva ordføraren kan gjera for å skapa ein betre kommune for ungdom.

Tips til kva du kan skriva om:

  • Skriv om kva som kan gjerast for å skapa eit betre fritidstilbod for ungdom.
  • Skriv om kva kommunen kan gjera for å kutta i klimautsleppa.
  • Skriv om kva som kan gjerast for å skapa ein endå betre skule.

Lengde: Maks 550 ord, men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Aldersgrense: under 20 år
Innleveringsfrist: 18. oktober 2019
Målform: Nynorsk

Teksten din kan du sende inn til magasinett @ gmail.com!