Foto- og skrivekonkurranse: «Rommet mitt»
Korleis ser rommet ditt ut og kva seier det om deg? Send inn ditt bidrag i vår foto- og skrivekonkurranse innan 30. april!


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida.no, Magasinett og magasinet Faktafyk, som vert gitt ut av Foreningen !les inviterer ungdom i alderen 13-18 år til å bli med på foto- og skrivekonkurransen «Rommet mitt». Ta eit bilete av rommet ditt og skriv ein kort tekst om ditt forhold til rommet ditt.
I tillegg til å bli publisert på Framtida.no og Faktafyk, vil vinnaren få 2000 kroner.
Sjanger er valfri, men bidraget må vere på nynorsk.
Aldersgrense: 13-18 år
Innleveringsfrist: 30. april 2019
Maks lengde: 450 ord + foto
Send bidraget ditt til: hilde@ foreningenles.no