Her er dei ti beste nynorske ungdomsbøkene i dette årtusenet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har skrive dei beste nynorske ungdomsbøkene

Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion og Framtida.no tatt initiativ til å kåra dei beste ungdomsbøkene på nynorsk etter 2000 for å visa breidda i den nyare, nynorske barne- og ungdomslitteraturen skrivne av norske forfattarar.

– Det er mange gode nynorske ungdomsbøker og vanskeleg å velja ut berre ti bøker. På lista har me fått ei breidde i sjangrar med både fantasy, grøssar, sjøroman, historisk roman, novellesamling og andre. Dette seier kanskje noko om at ein no finn ei stor breidde i den nynorske ungdomslitteraturen, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Ho har leia juryen saman med Liv Astrid Skåre Langnes. Juryen har valt ut 10 bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og faktabøker for barn og ungdom.

Dei beste barnebøkene er allereie kåra, og dei andre sjangrane vil bli offentleggjort seinare i haust.

Marit Kaldhol, Brynjulf Jung Tjønn og Anders Totland var til stades då kåringa blei offentleggjort på barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu tysdag kveld. Foto: Svein Olav B. Langåker

Berre éi bok per forfattar

Juryleiarane Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Liv Astrid Skåre Langnes fortel at juryen har arbeidd etter tre prinsipp:

– Eit av prinsippa har vore at boka skal vera utgitt etter år 2000, boka skal heller ikkje skal vera omsett, men nynorsk originallitteratur. Det tredje prinsippet har vore at kvar forfattar berre kan vera representert med ei bok, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Troels Posselt, Janne Karin Støylen og Trond Strand har òg vore med i juryen.

Leseformidlar og kritikar Janne Karin Støylenhar vore med i juryen. Foto: Nynorsksenteret

– Prinsippet om ei bok per forfattar inneber at fleire forfattarskapar blir representert i kåringa, dermed får me kasta lys over ein større del av den nynorske barnebokhylla gjennom den merksemda kåringa gjev. Ei tilsvarande liste med fleire titlar av færre forfattarar ville gi eit smalare og svakare bilde av den store litterære rikdommen som finst i dei nynorske barne- og ungdomsbøkene, seier jurymedlem Janne Karin Støylen.

Samlar bøkene i katalog

I etterkant av dette prosjektet vil Nynorsksenteret samla bøkene i ein katalog.

– I katalogen vil me gi ein fyldigare presentasjon av alle dei nominerte bøkene. Me vil i tillegg presentere fleire av bøkene til ein del av dei nominerte forfattarane. I tillegg vil me presentera nokre bøker som fell utanfor våre utvalsprinsipp, til dømes klassikarar før år 2000, bøker av utanlandske forfattarar og bøker i andre sjangrar som dikt og teikneseriar. Målet er at katalogen skal bli eit godt verktøy for barnehagelærarar, lærarar, bibliotekarar, foreldre og andre som skal hjelpe barn og ungdom å velja nynorske bøker, seier juryleiarane.

Eit løft for nynorsk barnelitteratur

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk kultursentrum, Garborgsenteret, Falturiltu, Nynorsksenteret, Diktardagane og Rom for ord har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til eit løft for gode nynorske lese- og litteraturopplevingar for barn i samband med Bokåret 2019.

Gjennom prosjektet skal det arrangerast 50 arrangement 50 stader i Noreg.

HER ER DEI TI BESTE UNGDOMSBØKENE:

Smadra av Brynjulf Jung Tjønn

Truverdig bok om eit vanskeleg tema: Oda har ei mor som slår. Kapitla i boka er korte, og er skrivne som verselinjer med rytme og driv. Sjølv om teksten er kort og språket er lett å lesa, er setningane både bilderike og meiningssterke. Temaet i boka er mørkt, likevel slepp forfattaren inn det lyset både Oda og lesaren treng.

Les bokmeldinga: Lyset du treng finst

Jag är Supermann av Lars Mæhle

Novellesamling med fem noveller. Alle hendingane går føre seg den same sommardagen på Sunndalsøra. Novellene teiknar eit realistisk bilete av kva ungdommar i bygde-Noreg gjer på, snakkar om, tenkjer på, drøymer om og uroar seg over. Lars Mæhle skriv slåande godt. Han brukar både humor og språklege verkemiddel, og vender seg til ungdommane med eit språk mange kan kjenne seg heime i.

Les bokmeldinga: Klokt og innlevande om kor lite me veit om kvarandre

Inn i elden av Aina Basso

Ei opprivande bok om hekseprosessar i Finnmark på 1600-talet. Ei velståande, gift jente er gravid og byrjar å blø. Ei fattig jente kan kunsten å stogga blod, noko som blir rekna for å vera trolldom. Den fattige jenta stoggar blodet og reddar liv – men slik vert hennar eige liv sett i fare. Aina Basso skriv lyrisk og originalt, suggererande og effektivt.

Les bokmeldinga: Ei gripande og sterk bok

Arrfjes av Terje Torkildsen

Historisk sjøroman som er tettpakka med fengande hendingar. Ejner er på si første reise som dekksgut på den norske skuta «Haabet». Året er 1812, og kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste. Arrfjes er ein eventyrleg roman med mykje spenning, godt driv og med gode litterære kvalitetar.

Les bokmeldinga: Historisk spenning i førjulstida

12 ting som må gjerast før verda går under av Bjørn Sortland

Humoristisk, eksistensielt skråblikk på livet. Foreldra til Therese skal skiljast, og Therese set opp ei liste over ting som må gjerast før dommedag. Ho bestemmer seg for å setje lista ut i livet. Dette er ei bok med store spørsmål om korleis alt heng saman og kvifor det er viktig å vera ærlege med kvarandre. Boka er full av morosame episodar og komiske situasjonar.

LES OGSÅ: – Oooh, Bjørn Sortland, me elskar deg!

Engel i snøen av Anders Totland

Vakker og sterk roman om ungdom med kreft, og kor brutalt og kontrastfylt livet kan vere. Denne boka vert ståande lenge, fordi ho tek unge menneske på alvor. Boka er lågmælt og varm, og skildrar vennskap og samhald som lyser opp sjukehuskorridorane.

Les bokmeldinga: Sterkt og lågmælt om dei store spørsmåla

Fengsla av Hilde K. Kvalvaag

Ei gripande forteljing om ungdomsliv fylte av uro, lausriving, lengt og ein trong til å prøva ut. Skuleflinke Idun får verda snudd på hovudet når kusina Mai, som er av den utprøvande typen, flyttar inn heime hjå dei. Brått endrar livet seg frå kjedeleg til farleg. Historia er fortalt i eit røft og knapt språk med mykje kynisme og slåande skildringar.

Les bokmeldinga: Ærleg og brutalt

Søkeord: Ayotzintli av Marit Kaldhol

Tankevekkande roman, skriven i dagbok- og brevform. Mikke er ein ressurssterk gut med kjærast, venner og gode føresetnader for eit godt liv. Etter kvart bryt han kontakten med sine næraste og lukkar seg  inne på rommet og inne i seg sjølv. Språket i boka er skarpt, det kjennest nesten som om kvar setning ber på ei underliggande meining.

Les bokmeldinga: Skriv uhyggeleg verkeleg

Drakeguten av Asbjørn Rydland

Drakeguten er første boka i fantasyserien med same namn. Stallguten Koll finn ei drakehole og må hanskast med lojalitetskonfliktar, soldatar og kreftene i nordavinden. Rydland skriv godt, handlinga er spennande og fiksjonsuniverset er stort, komplekst og levande.

Les også: Rydland får Uprisen for fantasy-bok

Glimt av Tor Arve Røssland

Denne grøssaren går føre seg på to ulike tidsplan: andre verdskrigen og i dag. Etter kvart byrjar det henda skremmande og uforklarlege ting i notidsforteljinga. Kan dei vera knytte til det som hende under krigen? Glimt er ei spennande og uhyggeleg bok.

Les bokmelding her!