Her er dei beste nynorske faktabøkene for barn og ungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 02.01.2020 21:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I kategorien faktabøker, vart det tydeleg for juryen kor lite utvalet av nynorsk sakprosa for barn og ungdom er, seier seier juryleiar Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåra dei beste faktabøkene på nynorsk etter 2000 for å vise breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar.

I kåringa av dei beste bøkene i kategoriane barnebok, biletbok og ungdomsbok var ei av utfordringane at det var svært mange bøker juryen ikkje fekk plass til på listene, men når det kom til sakprosa for barn og unge, var stoda ei ganske anna.

Ifølgje juryleiar og høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke Øvereng er det få bøker for kvar aldersgruppe og innan kvart tema er det eit relativt lite utval og det er fleire tema ein ikkje finn bøker for.

– Men vi såg også at ein finn gode nynorske faktabøker om mange tema, bøker som er fine for høgtlesing, lese sjølv og til bruk i undervisning, legg ho til.

Tilsette ved Nynorsksenteret i nominasjonsprosessen og idemyldrar saman med juryleiarane. Foto: Ingvild Myklebust Hovden, Nynorsksenteret

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng har leia juryen saman med høgskulelærar Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret. Juryen har valt ut 10 bøker i dei tre kategoriane barnebøker, biletbøker og ungdomsbøker: og no til slutt faktabøker for barn og ungdom.

Bjørlykke Øvereng understrekar at barn som les fagbøker, åleine eller saman med vaksne, kan utvikle større ordforråd og betre leseforståing.

– Dette kan igjen påverke evna til å formulere seg skriftleg. Sjølv om utvalet av nynorske fagbøker for barn er lite samanlikna med bokmål, er vi glade for at fleire av forlaga har tatt dette på alvor og kjem med stadig nye utgjevingar. Vi håpar å sitje med eit endå større utval neste gong vi skal gjere ei kåring.

Berre éi bok per forfattar

Juryleiarane fortel at juryen har arbeidd etter tre prinsipp: Boka skal vera utgitt etter år 2000. Boka skal ikkje skal vera omsett, men nynorsk originallitteratur. Det tredje prinsippet har vore at kvar forfattar berre kan vera representert med ei bok.

Troels Posselt frå Foreningen Les, kritikar og litteraturformidlar Janne Karin Støylen og lesegledar Trond Strand har òg vore med i juryen.

Støylen meiner at det er ei styrke ved kåringa at det berre er ei bok per forfattar.

– Dermed får me kasta lys over ein større del av den nynorske barnebokhylla gjennom den merksemda kåringa gjev. Ei tilsvarande liste med fleire titlar av færre forfattarar ville gi eit smalare og svakare bilde av den store litterære rikdommen som finst i dei nynorske barne- og ungdomsbøkene, seier litteraturformidlaren.

Samlar bøkene i katalog

I etterkant av dette prosjektet vil Nynorsksenteret samla bøkene i ein katalog. Her vil dei gi ein fyldigare presentasjon av alle dei nominerte bøkene.

– Me vil i tillegg presentere fleire av bøkene til ein del av dei nominerte forfattarane. I tillegg vil me presentera nokre bøker som fell utanfor våre utvalsprinsipp, til dømes klassikarar før år 2000, bøker av utanlandske forfattarar og bøker i andre sjangrar, som dikt og teikneseriar, fortel Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Målet er at katalogen skal bli eit godt verktøy for barnehagelærarar, lærarar, bibliotekarar, foreldre og andre som skal hjelpe barn og ungdom å velje nynorske bøker, seier juryleiarane.

Her er lista over dei ti beste nynorske sakprosabøkene for barn:

Under ein stein – Erna Osland og Inger Lise Belsvik (illustrasjon)

Ei kjempefin og informativ bok om små dyr som lever liva sine under ein stein. Boka pirrar nysgjerrigheita til lesaren. Illustrasjonane er tydelege og innhaldet blir formidla gjennom eit velklingande språk tilpassa barn. Perfekt å ha med ut på tur.

 

Ida – Torstein Helleve og Jørn Hurum og Esther van Hulsen (ill.)

Ei fantastisk forteljing om fossilet Ida, med informative og realistiske illustrasjonar. Boka er delt i to, der den første delen fortel historia om livet til Ida frå fødsel til død. I fagdelen av boka får vi kjennskap til korleis ho levde, og korleis forskarar arbeider for å hente fram slik kunnskap. Boka inviterer lesaren til varierte måtar å lese på.

 

Klara kan mykje rart om matTerese Grøtan og Ella Okstad (ill.)

Ei kunnskapsrik bok som tek historia bak maten på alvor. Boka viser alt ein kan få til viss ein vil det nok. Klara er på sommarferie hos bestemor og hjelper til i den vesle gardsbutikken hennar. Vi blir med dei på leit etter lokal mat å selje. Vi får lære om kortreist mat, korleis mat blir til og ulike eigenskapar maten har.

 

Viss eg hadde haleMats Eldøen og Sindre Goksøyr (ill.)

Ei uvant, original og overskridande tilnærming til formidling av fakta. Boka handlar om kva dyra brukar dei ulike kroppsdelane sine til. Vi får sjå korleis det hadde sett ut om vi menneske hadde desse eigenskapane sjølve. Her får begge hjernehalvdelane vere i full sving. Fakta på ei side, leik med assosiasjonar og fantasi på den andre.

Ti ville ekspedisjonar – Pia Strømstad

Inspirerande forteljingar om kjende og mindre kjende ekspedisjonar. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, dei som lykkast i å kome heilt fram eller setje rekorden dei håpa på. Men mange når ikkje målet. I denne boka er også dei med. Dette er ei faktabok som gjev noko ekstra: Vi føler vi er med på ekspedisjonane.

 

Dyras beste sjekketriksMalin Hellebø og Camilla Kuhn (ill.)

Ei energisk og humoristisk formidling av korleis dyr går fram når dei skal finne ein partnar. Malin Hellebø samanliknar flørting og kurtise i dyrelivet med våre eigne måtar å nærme oss kvarandre; dyra dansar, kysser og gjev kvarandre gåver. Ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda

 

Ørjans keeperskuleØrjan Nyland

Personleg skildringar om korleis ein skikkeleg god keeper tenkjer og handlar i avgjerande situasjonar i ein kamp. Boka har ei rekkje tips om korleis ein kan bli ein god keeper. Innimellom avsnitta med treningstips, kjem forteljingar frå Ørjan Håskjold Nyland si fantastiske karriere. Boka er illustrert med mange store og gode bilete frå trening og kampar med fullsette stadion.

Les også: Landslagskeeperen vil inspirere unge med ny bok

KlimabokaSigri Sandberg Meløy

Dette er ei bok om klimaproblem som gjer temaet levande og nært, som angrip det frå mange vinklar og oppmodar lesaren til å tenkje sjølv. Boka styrer innom brennaktuelle problemstillingar og sneiar borti både isbjørn, klimamodellar, satellittar, drivhuseffekten og ny forsking. Lettbeint og munnleg om store og vanskelege spørsmål.

Les intervju: Bli med dit verda smeltar!

 

OrdleiksbokaOlaf Husby

Ei leiken, humoristisk og myldrande bok for språkinteresserte og dei som skal bli det. I denne boka kan du bli med på ei oppdagingsferd i språkverda og leike med ord, uttrykk, ordtak og dialektord. Kvar bokstav har sitt eige kapittel. Der finn vi aktivitetar rim, regler, vitsar, rebusar og fakta. Vi får mange ulike innfallsvinklar til bokstavleik. Denne bør stå i bokhylla både på lærarrommet og barnerommet.

 

Som ein brorAlfred Fidjestøl

Dette er ei velskriven forteljing på nynorsk om livet til sjimpansen Julius. Visuelt er boka lekker og innbydande, med mange foto frå kvardagen, både i dyreparken i Kristiansand og heime hjå menneskefamiliane der han vaks opp. Språket er lett og daglegdags, og historia rører ved og engasjerer lesarar i mange aldrar.