Liva Thiis, Maiken Gjøsdal og Halvard Olavius Vestad skreiv verdas beste norskeksamen på nynorsk våren 2018.
mm
Fridthiov Oos’ legat
  • Eit legat grunnlagt av Fridthiov Oos i 1918. Det blir styrt av styret for Ivar Aasens fond.
  • Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål på vidaregåande, kan få stilen sin sendt inn til juryen.
  • Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule.
  • Tidlegare vinnarar inkluderer mellom anna tidlegare kringkastingssjef Einar Førde, direktør i Nynorskkultursentrum Ottar Grepstad, nobelprisvinnar Edvard Moser, direktør i Språkrådet Åse Wetås og fleire forfattarar og politikarar. Sjå lista her!
  • Sjå intervju og eksamenssvar til tidlegare vinnarar her!
LES FAKTALUKK FAKTA

– Utruleg kjekt! Det er stas å faktisk vera éin av tre verdsmeistrar i norskeksamen på nynorsk i 2018, seier Liva Thiis frå Odda.

Ho er éin av tre vinnarar av Oos’ legat, som blei delt ut på årsmøtet til Det Norske Samlaget på torsdag.

101 år gamal pris

Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål på vidaregåande, kan få stilen sin sendt inn til juryen for Fridtjov Oos’ legat.

Prisen for beste hovudmålseksamen på nynorsk er delt ut sidan legatet blei oppretta for 101 år sidan.

I vurderinga har juryen lagt vekt på fagleg kunnskap, tekstkompetanse og skriveevne.
Under overskrifta «Levande litteratur og likeglade lesarar» har Liva Thiis vurdert tre tekstar opp mot Georg Brandes krav til litteraturen om å setja problem under debatt.

– I oppgåvesettet var det fleire spennande oppgåver, og eg lurte på å skrive kreativ tekst, men det var oppgåva om korleis litteratur kan vere samfunnskritisk som eg hadde flest tankar rundt, fortel Liva Thiis.

Liva Thiis. Foto: Samlaget

Ho har alltid likt norskfaget, og alltid likt å skriva, anten det er kreative tekstar eller analysar. Framtida.no intervjua ho i fjor, då ho gjekk ut frå Odda vidaregåande med 23 seksarar på vitnemålet.

No går Liva Thiis på eit grunnstudium på NMBU, og studerer matematikk, kjemi, genetikk og diverse husdyrfag.

– Kva kan du tenkja deg å jobba med i framtida?

– Som følgje av enorm kjærleik for dyr, satsar eg i utgangspunktet på veterinærutdanning og etter kvart veterinærjobb, men eg kjenner òg at det hadde vore kjekt å jobba som lærar.

Les langsvaroppgåva til Liva Thiis her! Og kortsvaroppgåva hennar her!

Vann med Vinje og Garborg

– Det er stor stas å ha skrive Noregs beste norskeksamen på nynorsk! seier Halvard Olavius Vestad frå Aureosen i Søre Fræna.

Han skreiv ein kreativ tekst der han utforska nokre av tankane til Arne Garborg og Aasmund Olavsson Vinje om kunnskap og læring.

– Eg la ekstra merke til den oppgåva med ein gong, sidan eg sjølv hadde og har mange tankar om nett det. Dessutan hadde eg på førehand tenkt at viss eg fekk sjansen til å skriva ei kreativ tekst, ville eg bruka sjansen viss temaet var interessant.

Halvard Olavius Vestad. Foto: Samlaget

No går Halvard Olavius Vestad fyrsteåret på medisinstudiet i Trondheim.

– Kva kan du tenkja deg å jobba med i framtida?

– Av å studera medisin så vert ein jo lækjar. Så er spørsmålet: Kva type lækjar? Og det er eg sanneleg ikkje sikker på. Eg må seia at organsystema og funksjonane deira, spesielt immunsystemet, er spanande. Men også handverket kirurgi verkar tiltrekkande. Sjansane er difor store for at eg vert ein såkalla sjukehuslækjar. Dessutan har eg alltid likt å prøva å forklara og læra bort ting, så eg kan godt tenkja meg å undervisa attåt.

– Kva tips vil du gi andre som no snart skal opp til eksamen på vidaregåande?

– Tja. Få godt med søvn, og jobb jamt og trutt.

Les langsvaroppgåva hans her! Og kortsvaroppgåva hans her!

Draumen er jobb i Språkrådet

Maiken Gjøsdal frå Dalsfjord i Volda samanlikna to så ulike lyriske uttrykk som «Ei raud, raud rose» (1794) av Robert Burns og songteksten «Gressholmen» (2017) av Kristian Kristensen og knyter dei til romantikken som litterært uttrykk.

Maiken Gjøsdal. Foto: Samlaget

Ho synest det er stor stas å vinna, og hadde ikkje venta å skriva verdas beste nynorskeksamen. No går ho på lektorutdanninga på NTNU i Trondheim.

– Eg tek historie som hovudfag, og så blir det norsk som andrefag neste år.

– Kva kan du tenkja deg å jobba med i framtida?

– Sidan eg blir lektor er det jo naturleg å få jobb på ein skule, men det er og mykje anna som kan gjerast med den utdanninga – til dømes kan eg godt tenkje meg å jobbe på eit museum. Eg er og glad i grammatikk, så eit yrke som korrekturlesar hadde nok passa meg godt. Elles har eg jo hatt ein liten draum om å ein dag få jobba i sjølvaste Språkrådet.

Dagens direktør i Språkrådet, Åse Wetås, vann Oos’ legat i 1991. Tidlegare styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, vann i 1973. Sjå tidlegare vinnarar her!

– Kva tips vil du gi andre som no snart skal opp til eksamen på vidaregåande?

– Vel den oppgåva du kjenner deg aller tryggast på, strukturér teksten godt, og sørg for å svare på akkurat det oppgåveteksten ber om. Elles kan det vere lurt å unngå å gjenta ord mange gongar – finn synonym og variér språket!

Les langsvaroppgåva hennar her! Og kortsvaroppgåva hennar her!

Les også om korleis Åse Wetås og Ottar Grepstad var då dei var 20:

Ottar Grepstad har eitt einaste bilde frå den gongen han var tjue. Det var før han let skjegget gro. Foto: Privat

 

Kommentarar

ANNONSE