Da eg var tjue: Ottar Grepstad var ulukkeleg forelska og reiste med danskebåten

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ottar Grepstad (65) er i dag kjent som mangeårig leiar av Nynorsk kultursentrum. Han har òg sett spor som forfattar, førleggjar i Samlaget, redaktør av Syn og Segn og tidlegare leiar av Noregs Mållag. Nyleg hadde han 65-årsdag. Her fortel han om det året han var tjue.

Kor var du då du var 20?

Eg hadde flytta til Bergen seinsommaren 1973 og inn på ein hybel som ein kamerat hadde funne for meg ein månad før. Hybelen låg langt utanfor byen, og vertinna var ei streng snerpe, så etter jul skunda eg meg inn til sentrum for å bu blant folk.

Den hausten eg fylte 20, studerte eg førebuande, som det heitte den gongen, ved Universitetet i Bergen. Faga var filosofi, logikk og psykologi.

Hybelen låg langt utanfor byen, og vertinna var ei streng snerpe, så etter jul skunda eg meg inn til sentrum for å bu blant folk

To av førelesarane var også to av dei fremste filosofane i Noreg – Gunnar Skirbekk og Hans Skjervheim. Få månader forma meg meir enn dei tre regntunge haustmånadene.

Før studiesemesteret tok til, dreiv eg valkamp på heiltid for den radikale og liberale politikaren Gunnar Garbo i Venstre.

Kvar dag skulle fleire tusen aviser brettast og delast ut i gatene, plakatar skrivast, folk ringjast, innlegg skrivast. Garbo blei ikkje attvald til Stortinget, men dei vekene ville eg ikkje vore utan.

Les også: Cecilia Samartin: – Eg følte eg ikkje høyrde til den i amerikanske verda

Korleis var kvardagen?

Det var ei blanding av ganske intense dagar på lesesal og førelesingar, politisk arbeid og ei ulykkeleg forelsking.

Frå platecoveret til Roberta Flack. Foto: Flickr/CC BY 2.0

Lydsporet den hausten var Killing me softly with his song med Roberta Flack, der eg bytta ut «his» med «her», og Living next door to Alice med Smokie.

Opptil fleire gonger den hausten eller vinteren såg eg filmen Pat Garrett and Billy the Kid, mest fordi eg ville sjå og høyre Bob Dylan syngje Knockin’ on Heaven’s Door. Meiningar og melankoli, det var det den hausten handla om.

Meiningar og melankoli, det var det den hausten handla om

Inn mot jul var vi ein gjeng Unge Venstre-folk som aksjonerte mot matbutikkane i byen for at dei skulle importere issalat frå produsentar i California med organiserte arbeidarar.

Mange produsentar kunne levere billigare varer fordi dei betalte dårleg og stengde dei tilsette ute frå demokratiske rettar. Fleire butikksjefar tok oss på alvor, men det er meg ei gåte at eg var så tøff då.

I den amerikanske westernfilmen Pat Garrett and Billy the Kid dukka Bob Dylan opp som musikar. Han stod og for soundtracket til filmen. Filmen kom ut i 1973, og var produsert av Metro-Goldwyn-Mayer (MGM).

Hugsar du kva som skjedde?

Om ikkje alt, så meir enn nok. Dette var eit år etter den store striden om Noreg skulle bli med i EF, dagens EU, eller ikkje.

På denne tida var det mange gamle svar som blei vraka, og vi var mange som kjende oss ganske radikale og til tider opposisjonelle utan at vi nokon gong gav avkall på grunnleggjande demokratiske verdiar.

Les også: Då Tore Renberg var 20 år

Hugsar du 20-årsdagen din?

Den 1. oktober 1973 var ein måndag, ser eg. Eg trur vi var ein liten gjeng som feira, men ingen biletbevis finst.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Personleg å gå frå å bli dumpa til å reise med danskebåten sommaren 1974.

Eg skulle halde foredrag om norsk distriktspolitikk på den vesle danske øya Strynø for liberale ungdomspolitikarar frå heile Norden. Om bord møtte eg ei dansk jente som heldt seg i det franske, på Strynø ei dansk jente som berre var dansk, og begge delar var meir enn godt nok.

Etterpå la eg meg til med skjegg – som eg aldri seinare har fjerna.

Etterpå la eg meg til med skjegg – som eg aldri seinare har fjerna

Politisk var Vietnamkrigen langt borte, men svært nærverande likevel og skilsetjande for mi forståing av makt og fred. Når folk snakkar om krigen i dag blir eg framleis forundra over at dei meiner den tyske okkupasjonen av Noreg 1940–45.

For meg var ein annan krig mykje tettare på og mykje meir brutal. Det personlege og det politiske møttest på uventa vis. Den 11. september 1973 gjennomførte hæren i Chile eit militærkupp med total støtte frå USA.

Frå kuppet i Chile i 1973.

Alt i slutten av same månaden kom nokre første flyktningar frå Chile til Bergen. Eg møtte familien på Strand Hotell i Bergen og laga eit intervju med dei, men eg trur at det diverre aldri kom på trykk.

I den manuskriptkopien eg har, var overskrifta: «Chile under Allende: – Vi fekk augo opp for korleis bønder og arbeidarar levde».

Les også: Året han var tjue vart eit vendepunkt for Per-Kristian Foss

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ottar Grepstad hadde inga aning om at han skulle sitje som direktør for Nynorsk kultursentrum i tjue år. Foto: Nynorsk kultursentrum.

Absolutt ikkje, og eg trur ikkje at eg tenkte så mykje på det heller. Midt på 1970-talet var det framleis slik at den som tok høgare utdanning, var sikra arbeid.

Eg kom frå ein lærarfamilie med tre eldre søsken som alle hadde teke høgare utdanning, men lærar var ikkje det eg hadde mest lyst til å bli.

Å bli forleggjar i forlag, som eg seinare blei i Samlaget, var bortanfor all fantasi. For ikkje å snakke om å bli direktør i ein nasjonal kulturinstitusjon som eg no har vore i 19 år.

Det einaste eg var sikker på, var at eg likte å skrive. Ivar Aasen var knapt meir enn eit fjernt faktum. Eg skreiv nynorsk, kva anna skulle eg skrive?

Les også: Ferrante-roman blir spelefilm

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Det var på den tida nokre av oss dreiv og snakka om miljøpolitikk døgnet rundt utan at særleg mange brydde seg.

Å bli forleggjar i forlag, som eg seinare blei i Samlaget, var bortanfor all fantasi.

Eg var ein svamp av ein student som saug til seg kva det skulle vere av kunnskap og tok livet meir alvorleg enn ein 20-åring bør gjere.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Kor lite du forstod, kor mykje du ikkje fekk med deg, kor usikker du var!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Det kjem til å gå ganske greitt. Nei, forresten den etterpåklokskapen skal eg sanneleg spare meg for.

Les også: Slik var 20 år gamle Else Kåss-Furuseth