Erlend Loe kombinerer nynorsk og bokmål i Kukene/Kukane
Boka handlar om ein mann som mistar penisen sin.

– Hei! Eg har skrive ei bok no som heiter Kukene/Kukane. Ho kjem både på bokmål og nynorsk.
Det fortel Erlend Loe i ein video på Instagram. Boka handlar om ein mann som er litt uheldig og mistar tissen sin. Penisen fell av medan han står i dusjen, kan forfattaren avsløre.
– Det passar mildt sagt dårleg og blir opplevd veldig utgjort, seier Loe i videoen.
Han skildrar Kukene/Kukane som ei forteljing om tap, tilknyting og fridom – og om kva det vil seie å vere heil.
Boka blir gitt ut av Cappelen Damm og kjem i september.
Bokmålsforfattaren Loe er ikkje framand for å skrive på nynorsk. I boka Helvete kombinerer han òg målformene, og der møter vi sjølvaste Satan som nynorskbrukar.
«Hurra for nynorsk, og at den nynorske deleteksten står fyrst» kommenterer Noregs Mållag på videoen der Loe presenterer si nye bok.
Se dette innlegget på Instagram