Naturalistiske trekk i «Hellemyrsfolket»

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.04.2019 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdraget i vedlegget er henta frå romanserien «Hellemyrsfolket», som vart skrive av Amalie Skram og gjeve ut i 1887.

I naturalismen fann ein gjerne ei deterministisk verkelegheitsoppfatning, der ein såg på menneska som produkt av arv og miljø, med få høve til å ta styring over eigen livsførsel. Dette er og eit tema i «Hellemyrsfolket», der vesleguten Sivert ser mørkt på framtida grunna opphavet sitt og besteforeldra sine omdøme: «Og hvor kunne han vente å komme seg frem i verden – folk ville være redd for å ha med slikt pakk å gjøre». I tillegg ser «Hellemyrsfolket» ut til å omhandle dei tragiske skjebnane til fattigfolk, med stort fokus på sosial naud og urett. Dette var vanlege tema i naturalismen, som freista å endre samfunnet gjennom litteraturen. Typisk for naturalismen var òg at røynda skulle skildrast med stor presisjon, og forfattarane gav god plass til dei heslige detaljane som i tidlegare litterære epokar hadde vore sterkt tabubelagde. Prostitusjon er til dømes eit av emna som vart populære, og det blir insinuert at Oline i «Hellemyrsfolket» driv med dette: «[…] småfylla skal i Påttholle’ og selle skjørtet hinnes for brennevin». Forfattaren held heller ikkje tilbake når ho fortel om den fæle utsjånaden til Oline: «I det grågustne, flate ansiktet satt den røde nesen som en svullen klump».

Ut ifrå tekstutdraget ser vi at idéinnhaldet i «Hellemyrsfolket» korresponderer med mykje av det frå naturalismen, med tema som fattigdom og tarvelege menneskeskjebnar. Teksten bærer og preg av ei deterministisk verkelegheitsoppfatning, og inneheld nøyaktige og realistiske skildringar av karakterar, sjølv om desse ikkje naudsynlegvis er vakre.

Fakta

I 2018 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål. Sjå eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje) Sjå svaret til Maiken Gjøsdal på langsvaroppgåva her!