Tolking av Ei raud, raud rose og Gressholmen

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.04.2019 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei raud, raud rose er eit dikt skrive av Robert Burns i 1794, og vert ofte trekt fram som eit døme på tidleg romantisk lyrikk. Gressholmen er ein songtekst frå 2017 som er skriven av den norske artisten Kristian Kristensen. I denne oppgåva vil eg finne ut korleis ulike romantiske tendensar kjem til syne i dei to tekstane, og tolke og samanlikne dei med kvarandre for å understreke skilnadane.

For å kunne gjere dette er vi først nøydde til å finne ut meir om epokeomgrepet romantikken. Perioden i Noreg varte frå om lag år 1800 til 1850, og kan sjåast som ein motreaksjon på 1700-talet si opplysningstenking. Gjennom store delar av det førre hundreåret hadde dei sentrale forfattarane freista å spreie kunnskap til folket, og målet var å finne system og orden i ei elles kaotisk verd. Mot slutten av 1700-talet byrja ein derimot å vende seg bort frå desse ideala. Målet var ikkje lenger å oppnå ein konsensus om naturlover og vitskap, men heller å uttrykkje sine særeigne sider og dyrke originaliteten utan å bli avgrensa av konvensjonar. Sentralt stod ideen om at det fanst ei røynd bak det sanselege, og verda kunne følgeleg best forståast gjennom kjensler, ikkje fakta. Med dette vart evna til å kunne sjå «bak teppet» idealisert, og den romantiske diktaren vart difor sett på som eit kunstnarisk og åndeleg geni som hadde som oppgåve å bryte ned skiljet mellom det fysiske og åndelege, og synliggjere dette for folket.

Dikting har lenge vore ein måte for elskarar å uttrykkje sine kjensler, og Ei raud, raud rose av Robert Burns bryt ikkje med denne tradisjonen. Han henta inspirasjon frå folkelivet heime i Skottland, og i sine kjærleiksdikt leika han med djupe, kjenslemessige tema (snl, 2013). Funksjonen til Ei raud, raud rose er tydeleg – det lyriske eg-et ynskjer å uttrykkje sin kjærleik til ei kvinne, og forfattaren nytter seg av ulike virkemiddel for å få fram denne bodskapen. I tittelen og fyrste verselinja samanliknar han kvinna med ei raud rose, noko som dei fleste vil vere einige om symboliserer noko vakkert, og tydeleggjer dermed korleis han ser på henne. I fjerde strofa seier han «så lenge skal eg elska deg, som tid og sandkorn renn». Sandkorn bærer assosiasjonar til eit timeglas, og det forfattaren meiner her er at kjærleiken, likeins med tida, vil eksistere for alltid. Til slutt understrekar han at avstand og har lite å seie, for han skal «koma att, om så ti tusen mil frå her». Hovudtemaet kan ein difor seie er ein brennande sterk kjærleik som overvinn både tid og stad.

Motivet i Gressholmen dreier seg rundt at det lyriske eg-et dreg ut på ein holme, midt iblant fjell, hav, sol og sand. Ut ifrå dette kan ein kanskje referere til teksten som eit stykke episk lyrikk, sidan den fortel ei historie som inneheld ei bestemt handling. Likevel er handlinga abstrakt og open for tolking, og det er ikkje lett å straks skulle seie noko om bodskapen. Det lyriske eg-et er eit «vi», noko som insinuerer eit fellesskap, og dermed formidlar ei tryggleikskjensle. Setningar som «Her kan vi leke, her kan vi glemme» sender ut sin bodskap om at eg-et kan slappe av. Slik eg tolkar det, dreier Gressholmen seg difor om ein fristad, og kjensla av å vere trygg. Dette kan vere knytt til staden ein er, eller til personen ein er med – eller muligvis ingen av dei to.

Hovudskilnaden på dei to lyriske verka er komposisjon og form. Ei raud, raud rose er skriven med omsyn til dei etablerte normene for lyrikk som prega litteraturen på 1700-talet. Det har bunden form, enderim og ein tydeleg rytme. Kvar av dei fire strofene består av fire verselinjer. I kombinasjon bidreg dette til at diktet blir lettare å memorisere, noko som gir meining, ettersom dikting opphavleg var ein munnleg sjanger. Utover på 1900-talet byrja forfattarane å lausrive seg frå dei tradisjonelle formkrava, som dei meinte gjorde litteraturen kunstig. Dette kjem tydeleg fram i Gressholmen, som er skriven i fri form og utan nokon tydelege rim. Omtrent alle strofene består av ulike antal verselinjer, og rett før refrenget i songen blir strofene kortare og kortare, noko som skapar variasjon i dynamikken. Den tydelege og systematiske komposisjonen i Ei raud, raud rose heng saman med den konkrete bodskapen, noko som skapar kontinuitet og samsvar i teksten. Det same gjeld for Gressholmen, som er skriven i eksperimentell form, og har ein tvitydig og uklar bodskap.

Det mest openberre romantiske trekket i Ei raud, raud rose er sjølvsagt det store fokuset på kjensler. Det er eit kjærleiksdikt, og er difor romantisk i både snever og vid forstand. I tillegg framhevar diktet den subjektive verdsoppfatninga, sidan dei personlege pronomena «eg», «min» og «mitt» blir gjentekne fleire gongar for å uttrykkje kjenslene til eg-et. Gressholmen er, i kjend stil, mindre tydeleg når det gjeld dette, men bodskapen omhandlar det menneskelege kjenslelivet sjølv om direkte skildringar av desse er vanskeleg å finne. I staden for å seie rett ut kva eg-et føler, får handlinga eit draumeaktig preg, og det blir meir opp til lesaren å tolke bodskapen ut ifrå eigne erfaringar og assosiasjonar.

Om ein skal kople desse tekstane opp mot romantikken, vil det og vere naturleg å seie noko om nasjonalromantikken, som spelte ei viktig rolle i oppbygginga av den nasjonale identiteten etter unionsoppløysinga i 1814. Sentralt i nasjonalromantikken stod naturen, då spesielt den norske naturen og romantiseringa av denne. Felles for dei to tekstane er nemleg den hyppige bruken av språklege bilete, og i begge to har både havet og fjella ein sentral plass, sjølv om funksjonen varierer. Havbileta i Ei raud, raud rose blir brukt som symbol på tida, medan Gressholmen legg til rette for at lesaren kan tolke referansane meir bokstaveleg, som om handlinga faktisk går føre seg ein stad ved kysten. I begge tilfelle bidreg desse verkemidla til at lesaren dannar seg eit levande og meir interessant bilete av motivet.

Det mest sentrale symbolet i Gressholmen er nettopp grasholmen. I romantikken meinte ein at naturen var levande, og difor har ei sjel på same måte som menneska. Når forfattaren i siste verset hevdar at «Gressholmen passer på vår kjærlighet», er dette eit døme på besjeling, og ein type idealisering av naturen som var vanleg for denne perioden. Bodskapen i teksten om at eg-et oppnår sjelero når det er på holmen, korresponderer med den romantiske tanken om at menneskesjela må ivareta kontakt med natursjela – som franskmannen Jean-Jacques Rousseau sa; «tilbake til naturen!» (Eide, 2014).

Trass i at Ei raud, raud rose og Gressholmen har store skilnader når det gjeld form og komposisjon, i tillegg til å ha sitt opphav i to vidt ulike tidsperiodar, kan ein i begge tekstane finne tydelege romantiske tendensar. Dei er prega av språklege bilete som får oss til å tenkje på fjell og hav, og hovudtemaet i begge to er menneskelege kjensler, draumar og fantasiar.

Referansar

Eide, S. G. (2014). Romantikken og nasjonalromantikken. I Intertekst vg2 (s. 228). Bergen: Fagbokforlaget.
snl. (2013, 01 25). snl. Henta frå Robert Burns: https://snl.no/Robert_Burns
Burns, Robert. “Ei raud, raud rose” (1794). Gjendikta av Johannes Gjerdåker. I Geir Uthaug (red.): Engelsk romantikk, Oslo: Den norske lyrikklubben, 2003
Kristensen, Kristian. “Gressholmen”. Frå Gressholmen (EP), 29.01.2018

Fakta

I 2018 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom fire langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål. Maiken Gjøsdal valde oppgåve 4, der elevane skulle tolka og samanlikna to dikt av Kristian Kristensen og Robert Burns.

Svaret hennar blei kåra til eitt av dei tre beste i Noreg. Sjå alle eksamensoppgåvene her! (ekstern lenkje) Sjå svaret til Maiken Gjøsdal på kortsvaroppgåva her!