Liva gjekk ut frå vidaregåande med 23 seksarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.08.2018 09:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liva trur at grunnen til at ho har oppnådd så gode resultat er at ho passar godt inn i det skulesystemet som finst.

– Eg har alltid trivst som elev og synest det eigentleg er heilt topp. Uansett om det var barneskule, ungdomskule eller vidaregåande har eg hatt høg trivsel. Lærarar og klasse har vore eit miljø ein kunne spira i, fortel ho.

Liva føler ofte at det er lettast for lærarane å tilretteleggja for dei som har utfordringar i skulen, fordi dei er lettast å sjå.

– Og det er sjølvsagt veldig viktig. Men det eg er så nøgd med, er at i tillegg til dette så vart me som var litt flinke i faga òg sett. Me fekk òg tilrettelagt opplegg, særleg på ungdomsskulen, seier Thiis.

Liva Thiis gjekk ut frå Odda vidaregåande med 23 seksarar. Foto: privat

Fekk bryna seg på vidaregåande pensum

Liva fekk ta vidaregåande matematikk i 10.-klasse og fekk eige opplegg.

– Eg fekk styra mykje av eiga læring sjølv. Det var noko som kom til nytte seinare, ikkje minst på vidaregåande. Det er viktig å sjå elevane på den måten òg, seier ho.

Liva har aldri sett seg eit konkret mål om å oppnå slike arbeidsmål som ho har gjort.

– Eg har alltid hatt gode personar rundt meg som alltid har sagt at eg må slappa av. At «du treng ikkje vera god i alt». Fleire år har eg sagt at «i år skal eg skal ta det litt roleg og ta det som det kjem».

Det ligg naturleg for meg

– Men så ligg det så naturleg for meg å  arbeide med skulen. Sikkert fordi eg trivst så godt med det. Eg har ikkje hatt vanskar med å interessere meg for nokon av faga eg har hatt. Det har kome så naturleg for meg.

I samfunnet i dag har det vore litt snakk om «Generasjon prestasjon».

– Det er jo definitivt eit press. Ein vert rost for å gjera de bra. Samstundes så trur eg det presset eg har opplevd, er eit press eg har lagd sjølv. Om det har vore eit press utanfrå har eg i stor grad stengd det ute. Nettopp fordi det er så mange som har sagt at «det går an å ikkje alltid gjera det best». Eg har vore litt bevisst på det sånn sett.

LES OGSÅ: Seksar-Torstein sine beste eksamenstips

Ligg mange timar bak seksarane

På spørsmål om ho har ofra noko, er svaret klart:

– Ja, det har eg jo. Det er mange som har sagt ting som, «du treng jo ikkje øva, du får jo seks uansett.» Men eg må jo øva for å få den seksaren.

Liva fortel at det ligg fleire timar med øving bak ein slik karakter. Ho har nytta mykje tid på skulearbeid. Av og til går det litt treigt. Det er ikkje alltid like kjekt å setje seg ned, sjølv om ein er interessert, innrømmer ho.

Det er ein kjent sak at det er mykje skulearbeid på vidaregåande. Det var det òg for ho. Det har tatt mykje tid som har gått ut over andre ting.

– Eg kunne nok definitivt ha vore meir på fest eller med vener, fortel Liva.

Men Liva kjenner ikkje på noko sakn, men så må ho innrømma at ho har ikkje fått ting på avstand heller, enno.

– Akkurat no er det jo ein fordel. Eg har moglegheit til å kome inn på den skulen eg vil. Men det kan jo tenkjast i seinare tid, at eg ville hatt fleire minner frå russetida – anna enn å øva til eksamen. Men akkurat no følest det ganske greitt.

LES OGSÅ: Ny student? Her er sju ting du treng å vita

Går tur i skogen med hund

Når Liva skal kopla av går ho på tur. Turgåing er det ultimate for ho. Ho har hund, ein fuglehund som krev ganske mykje. På dei mest hektiske dagane sat ho alltid av eit par timar til å gå tur i skogen, som er rett utanfor huset.

– Då har eg noko å sjå fram til. Så får eg ein pustepause i øving og alt mogeleg anna. Det er det som får meg til å kopla av. Eg går og reflekterer over lærestoffet.

Liva er ei tøff jente. Ho tok jegerprøven som 14-åring.

– Me har ein skokk med jegerar i familien. Far min er jegerinstruktør. Me er aktive der, med hytte på vidda. Det sa eg frå eg var lita, at eg skulle ta jegerprøven når eg kunne. Det fall heilt naturleg for meg, seier den tøffe Oddajenta.

Ho jaktar kvar haust.

– Det er ikkje alltid eg som går med børsa, eg går som regel som hundeførar. Men eg har skutt rypa.

Liva Thiis (til venstre), saman med elevrådsleiar Sigrid Walle og nestleiar Siri A. Gravdal Elton, jubla før jul 2014 då det vart vedteke at Odda held fram med reine bokmåls- og nynorskklassar. Året etter fekk dei målpris for innsatsen. Foto: Privat

Nynorsk er mitt hjartespråk

Målsaka er noko Thiis er oppteken av. Ho har vore leiar for Sørfjorden Målungdom.

– Me vart introdusert for målsaka på ungdomskulen. Då jobba me for «Oddamodellen». Me reiste rundt å jobba for denne språkdelinga. Den gagnar nynorsken, sjølv om den òg gagnar bokmålet. Eg møtte mange i målagsmiljøet, og vart introdusert på ein veldig fin måte for saka der.

– Eg har alltid hatt eit bevisst forhold til nynorsken og har alltid følt den som ein stor del av identiteten min. Eit hjartespråk, seier Liva. Ikkje minst har eg mange gode opplevingar i samband med målsaka, som har forsterka heile opplevinga mi av det.

Det store høgdepunktet for henne innan målsaka – var i 2015, då ho fekk vera med til stortinget og halda innlegg for Hordalandsbenken. Det var veldig stort. Ho var òg med på valkamp i 2015 i Bergen. Det å få lov til å prata direkte til politikarar er stort, det òg.

– Korleis har du klart å balansera målpolitikk og skule?

– Eg er flink til å planlegga, gjerne langt fram i tid. Struktur er ein stor del av det. Men når det gjeld målsaka, kan jo den kombinerast med andre skulerelaterte emne. Det arbeidet har verkeleg gagna meg både i norskfaget og så hadde eg eit fag som heiter politikk og menneskerettar, fortel ho.

LES OGSÅ: Vil ha Odda-modellen over heile landet