Hellemyrsfolket – eit naturalistisk verk

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.04.2019 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hellemyrsfolket av Amalie Skram inneheld fleire naturalistiske trekk. Allereie i eit utdrag frå opningskapittelet i andre bind, To venner (1887), kjem dette tydeleg fram.
I utdraget er både miljø og personar skildra detaljert og objektivt. Slike grundige skildringar er typiske for naturalismen. Naturalismen vert ofte kalla «dei heslege sin estetikk», og i utdraget er det lagt mykje vekt på det fælslege, til dømes i framstillinga av Oline: «Ryggen var bøyd i hoftene og stod forover i en skrå linje. I det grågustne, flate ansiktet satt den røde nesen som en svullen klump. Underleppen hang ned på haken (…)». Dette gir òg teksten ein pessimistisk grunntone.

Når det gjeld innhaldet, er determinisme eit sentralt omgrep. I skildringa av Oline kjem det tydeleg fram at ho er prega av eit hardt liv, medan Sivert står utan høve til å forme sitt eige liv: «Og hvor kunne han vente å komme seg frem i verden -, folk ville være redd for å ha med slikt pakk å gjøre.». Fokus på korleis arv og miljø verkar inn på lagnaden til menneske er typisk for naturalismen.

Gjennom bruk av talemål i replikkane i Hellemyrsfolket vert det mogleg å plassere karakterane. For det første kan dei lettare plasserast geografisk, men i naturalistiske tekstar er det endå viktigare å plassere dei sosialt. Medan realistiske forfattarar ofte skreiv om borgarskapen, valde naturalistiske forfattarar å sjå på dei lågare samfunnslaga. Dette fokuset får òg fram den underliggjande samfunnskritikken i naturalistiske verk.
I dette utdraget frå Hellemyrsfolket finst det altså fleire sentrale naturalistiske trekk, både når det gjeld form og innhald.

KJELDELISTE:

Eide, Ove; Schulze, Anne-Marie; Garthus, Karen M. Kvåle; Ystad, Ragnhild H.; Græsli, Bjørn H. (2015). Intertekst VG3. Bergen: Fagbokforlaget
Jansson, Benthe K.; Kristoffersen, Kristian E.; Krogh, Jannik; Michelsen, Per A. (2008). Tema VG3. Aurskog: Samlaget

Fakta

I 2018 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål. Sjå eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje) Sjå svaret til Liva Thiis på langsvaroppgåva her!