Krystall og kleberstein

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg sit og pratar medan eg jafsar i meg nista. Plutseleg går det opp for oss at, jo, det er time om to minutt! Resten av nista får venta til seinare. Me halvskundar oss til timen, dels av plikt, dels i frykt for fråværsregimet. Det gjekk bra; læraren var litt sein han òg. Då dagens pensum skulle leggjast fram, vart eg litt overraska. For eit tema, dette er kjempeinteressant, og det er det ikkje berre eg som synest! Ein medelev rekkjer opp handa og stiller eit spørsmål. Læraren: «Nei, men, det var litt av eit fasinerande spørsmål. Men, du, ikkje tenk på det, det går langt ut over læreplana, no skal eg seia deg: sjå på desse sidene. Der står alt du treng å vita til neste prøve, og til eksamen». Eleven sleppte ned handa og den nyfikna maska. Ei slags tilfredsheit senka seg over klasserommet: «Men, då, so, viss ein berre må vita dette til eksamen, so er det vel ikkje so viktig, då».

Du tenkjer sikkert: «Dette hev han berre dikta opp». Eg skal ikkje seia at det ikkje er «kunstnarleg fridom» i avsnittet ovanfor, men, heilt sant, eg hev opplevd liknande. Ofte vert nyfikna åt elevar sløkt i møtet med lærar og eksamen. Det er ein skilnad mellom ungdomen, elevane, og dei gamle, lærarane. Den skilnaden er fyrst og fremst at tilhøvet rundt ein gamal er statisk, medan ein ung opplever ting i konstant endring. Medan ein lærar kan ha arbeidd på same skulen, med same faget i over 30 år, kjem eleven frå borne- og ungdomsskulen og han skal vidare på universitet eller høgskule. Læraren hev sannsynlegvis slått seg ned med både, kone, born og hus, medan eleven er i ferd med å verta ferdig med puberteten og hev skiftande omgangskrins. Dynamikken er rett og slett heilt forskjellig. Arne Garborg skriv: «ung kan ikkje lære av gamal. / Kunne han det, vart han gamal sjølv». Eg ser på det som ei erkjenning av at det er ein grunnleggjande skilnad mellom tilværet som ung og som gamal.

Garborg som student. Frå boka «Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland». Foto: L. Szacinski / Nasjonalbiblioteket

Unge og gamle hev kvar sin framgangsmåte – «kvar sitt mål talar dei». Den eine minner om det ein i filosofien kan kalla «praktisk fornuft», den andre om «teoretisk fornuft». Den teoretisk fornufta går ut på at ein då veit om noko er slik eller slik, men omgrepet legg vekt på det «å vita», det er altso ein eigenskap ein hev. Den eigenskapen hev unge i at dei alltid spør og er nyfikne. Berre tenk på små ungar som, utan å skjøna det, spør store og filosofiske spørsmål. Unge veit rett og slett at ein må undra seg over ting for å vita om dei er slik eller slik. Den praktiske fornufta derimot, ho går ut på at ein då veit korleis ein skal løysa ei oppgåve. Her er det lagt vekt på «korleis løysa», og det er noko ein tileignar seg. Gamle er opplærde og hev erfart, so dei er prega av den praktiske fornufta ved at dei veit korleis dei skal løysa det eine og andre. Sjølv om opplæring og erfaring høyrest ut som noko som kjem heile tida og fører til endring, trur eg at den praktiske fornufta fører til ein meir statisk tilstand. Altså, når ein veit korleis ein skal løysa oppgåvene ein møter, er det ikkje lenger vits å vita at ein skal undra seg.

Kvar dag står eg opp tid same tid. Rutinane vert fylgde til punkt og prikke: kle på seg, pussa tennene, smøra niste, eta og taka buss til skulen. Det er liten plass til variasjon. Eg er ein av dei fyrste som går på bussen til skulen, so eg får velja sete fritt, ein fordel ved å bu grisgrendt. Etter kvart fyller bussen seg opp, og det vert so trongt om plassen at ein må byrja å setja seg ved sidan av kvarandre, for det gjer ein ikkje med mindre ein må her til lands. Ein buss tettpakka med folk, folk som hev mykje til felles: alle bur usentralt, alle tek bussen regelmessig, og ikkje minst, alle skal til skulen Då hadde det vore rimeleg å tru at bussen var full av prat, ja, full av støy. Men nei, då. Det er mest total tystnad. Dersom ein ser ut vindauga heile turen, skulle ein tru ein reiste åleine. Studerer ein passasjerlasten nærare, finn ein ut at alle sit med bøygd nakke og hev eit blått lys i andletet. Denne nærmast skumle stilla kjem nemleg av mobiltelefonen. Denne sokalla smarte dingsen tek all merksemda, inkludert min, fram til at ein går av bussen og må tusla opp til skulen.

Aasmund Olavsson Vinje.

Aasmund Olavsson Vinje skriv: «folk les for mykje og tenkjer for lite». I vårt moderne og digitaliserte samfunn les ein ikkje lenger på papir. Ein les på skjermar i alle storleikar. Det skjer ei konstant innmating av informasjon. Ein får med seg «alt» ved å fylgja sosiale medium, nyhendekanalar og andre medium, som Youtube. Då er det ikkje rart at ein vert sprengd når boklærdomen frå skulen kjem i tillegg; i dag snakkar ein om prestasjonsangst og psykisk press. Vinje mintest sjølv at det mest gjekk rundt for han då han «las på det hardaste til studenteksamen». Er det då slik å forstå at dersom ein tenkjer meir, finn kunnskap sjølv, so unngår ein presset? Eg trur i alle fall at dersom ein ikkje får tenkt sjølv, so vert ein ikkje trygg på seg sjølv og kva ein vil og står for. Og skulen i dag, spesielt frå og med årstrinna med karakterar, kan føra til at ein ikkje tenkjer på anna enn vurdering etter vurdering. Men sjølv om skulen kan henda enno lid av noko av det same som 1800-talets puggeskule, so trur eg at mykje av grunnen til at ein ikkje får fred til å tenkja i dag, er at ein konstant er påkopla. Ikkje ein gong ein busstur tek ein seg fri frå mobilen og internett.

Ein veks i dag opp i eit samfunn der det stendig vert kravt meir og meir effektivisering. Frå politikarane høyrer ein om at dersom me ikkje skjerpar oss, vert meir produktive og bidreg til ein større effektivitet, vert me snøgt utkonkurrerte av dei og dei frå eine og andre sida av kloten. Eg høyrde frå ein drosjesjåfør på veg til flyplassen i utlandet ein gong: «I dette landet vil ein ikkje at folk skal tena pengar. Her skal ein arbeida og so døy». Eg nikka, og for å ikkje provosera fram eit større sinne, byrja eg å tala om vêret. Men kva slags samfunn er det? Kven er dei som arbeider og døyr? Etter kvart hev det gått opp for meg, og eg kallar det «samfunnskverna». Ein skal nemleg veksa opp, gå i gjennom skulevesenet, ut i arbeidslivet og so helst døy fort for å ikkje pina pensjonskassa åt staten for mykje. Då er det eit skilje mellom folka som kjem inn i kverna, og dei som kjem ut. Eg kjenner igjen skiljet i teksta av Garborg. Dei unge kjem inn, og dei gamle kjem ut. Ein er ung og dynamisk, men samfunnet hev visse krav til borgarane, og det er best om alle vert krystalliserte etter dei krava. Og slik Vinje peikar på, er skulen ein måte å gjera om folk til «tutarhorn for andres tankar». Ein misser sjølvstendet sitt når ein får alt av andre og ikkje får finna ut noko sjølv. Både skulen og internett, ja, samfunnet i det heile, kan verka til å gjera at ein ikkje får tid og fred til å tenkja sjølv.

Ein kan ikkje ha kunnskap om framtida, men ein kan sjå for seg kva for kunnskap ein skal ha i framtida. Eg les mykje «dystopisk» litteratur, det vil eigenleg seia bøker som tek for seg alternative framtider der eit eller anna, meir eller mindre, utopisk prosjekt hev gått alvorleg gale og enda i ein dystopi i staden. Eit fellestrekk mellom alle dystopiane er at kunnskapen åt menneska er kraftig avgrensa; i kvart tilefelle vert einskildmenneske forma etter ynskja åt staten. Til dømes i den tilsynelatande utopiske verda i Fagre nye verden (Aldous Huxley, 1932) er dei fleste tankelause forbrukarar, bedøvde hedonistar, i den store økonomien. Eg vil ikkje påstå at skulen i dag lagar om ungdomen til slike. Det er berre at den ungdomlege dynamikken og nyfikna ikkje akkurat vert fremja heller. Og når samfunnet no står overfor store utfordringar som mistillit til demokratiet, økonomiske problem og nærståande økologisk og klimatisk krise, kan det henda at kleberstein er meir verdifull enn krystall.

Kjelder:

Vedlegg: Skram, Amalie. «Hellemyrsfolket», utdrag frå To venner (1887) frå romanserien Hellemyrsfolket. Oslo: Gyldendal 2000. Språkleg tilrettelagd.

Intertekst. Eide, Ove; Kvåle Garthus, Karen Marie; Græsli, Bjørn Helge; Schulze, Anne-Marie; og Hagen Ystad, Ragnhild. «Kapittel 5: Realisme og naturalisme – 1850–1890», «Kjennetegn på naturalisme», s. 111. Fagbokforlaget, 2015.

Vedlegg: Garborg, Arne. «Ung kan ikkje lære av gamal», utdrag frå «Paa hi sida». Fjell-luft og andre smaastykke. Kristiania: Aschehoug, 1903. Nasjonalbiblioteket www.nb.no/items/c35df62337183ede2862aa464782c4fa?page=0&searchText=Fjell- luft og andre smaastykke (29.01.2018). Språkleg tilrettelagd.

Tru og Tanke. Religion og etikk for den vidaregåande skolen. Heine, Gunnar; Myhre, Bjørn; Opsal, Jan; Skottene, Harald; og Østnor, Arna. «Kapittel 15: Kva er filosofi?», «Kva kan vi vite?», s. 235–236. Aschehoug, 2008.

Vedlegg: Vinje, Aasmund Olavsson. «Det høgre skulevesen», Dølen 1869. Frå Skrifter i Samling II. band. Kristiania: Cappelens forlag 1917, Nasjonalbiblioteket www.nb.no/items/f2809f7d1f11afd87a5d56924a6935cb?page=0&searchText=Vinje Dølen 1869 (29.01.2018). Språkleg tilrettelagd.

Fakta

I 2018 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom fire langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål. Halvard Olavius Vestad valde oppgåve 3, der elevane skulle skriva ein kreativ tekst der dei skulle utforska tankane til Garborg og Vinje om kunnskap og læring.

Svaret hans blei kåra til eitt av dei tre beste i Noreg. Sjå alle eksamensoppgåvene her! (ekstern lenkje) Sjå svaret til Halvard Olavius Vestad på kortsvaroppgåva her!