Nynorsk nær fråverande ved universiteta: – Signaliserer at berre bokmål har verdi

Berre 6 av 32 lærestader oppfyller lovkravet til veksling mellom nynorsk og bokmål på nettsidene sine. Universitetet i Agder er dårlegast i klassen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Vi ser at fleire større lærestader har forsvinnande lite nynorsk på nettsidene sine, år etter år. Dei syner ikkje nokon som helst vilje til å følgje lova og arbeide for å nå Stortingets uttrykte politiske mål, som er at nynorsk og bokmål skal vere likestilte skriftspråk her i landet, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, til Khrono.

Berre 6 av 32 institusjonar i universitets- og høgskolesektoren heldt seg innanfor kravet om minimum 25 prosent nynorsk tekst på nettsidene i 2024. Når det gjeld innhald i sosiale medium, ser det litt betre ut: Der oppfyller 14 av 32 kravet.

Det er langt frå første gong at Språkrådet refsar norske forskings- og utdanningsinstitusjonar for å ignorere ein sentral del av det språklege mangfaldet, det lovpålagde kravet om veksling mellom nynorsk og bokmål.

– Når ein nettstad ved ein høgskule eller eit universitet har over 90 prosent bokmålstekstar, signaliserer lærestaden at berre bokmål har verdi, seier språkdirektør Wetås.

Ho peikar på at dei norske skriftspråka skal vere synlege for alle i Noreg.

– I ansvaret institusjonane har for å bruke norsk, seier lova at dei særleg skal arbeide for å styrke nynorsk. Når ein lærestad systematisk og over tid medvite usynleggjer det minst brukte av dei norske skriftspråka våre, går lærestaden også inn i rekka av instansar som gjer det vanskeleg for dei som har nynorsk som hovudmål, å halde på språket sitt, seier Wetås.