Då eg var tjue: Åse Wetås valde med hjartet og gjekk vekk frå prestisjestudium

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

Den sommaren eg var 20 år, flytta eg til Oslo for å bli student i hovudstaden. Mange av dei eg gjekk på vidaregåande skule med i Sandnes reiste til Bergen for å gå på universitetet der. Ein god del drog til Trondheim for å ta ingeniørstudium på NTNU, men me var temmeleg få som valde å reisa austover til Oslo.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Etter vidaregåande skule tok eg eit grunnfag i engelsk på Høgskulen i Stavanger. Det året eg blei 20, søkte eg meg inn på medisinstudiet ved Universitetet i Oslo. Eg kom inn på første forsøk og starta på det som den gongen heitte preklinisk studiedel. Dette var hausten 1992.

Hugsar du kva som skjedde?

Eg hadde i mange år hatt som plan å utdanna meg til lege, aller helst samfunnsmedisinar. Då eg byrja på studiet, oppdaga eg ganske raskt at interessene mine nok gjekk i ei litt anna retning. Sjølv om eg både var og er oppteken av samfunnsmedisin som fagfelt, opplevde eg nok vegen dit som veldig lang og kjedeleg, og fyld med uoverstigelege mengder organisk og uorganisk kjemi.

…me var temmeleg få som valde å reisa austover til Oslo

Det einaste faget på medisinutdanninga eg syntest var ordentleg moro, var den medisinske nomenklaturlæra. Det er altså medisinfagleg terminologi på gresk og latin. I tillegg koste eg meg veldig med filosofihistoria alle måtte gjennom i dei førebuande prøvane på Universitetet. På det tidspunktet forstod eg vel at det var humaniora og språkfag eg burde studera vidare.

Les også om 20 år gamle Hanne «TegneHanne» Sibjørnsen som også flytta til Oslo for å studere: – Det var som at eg levde to liv samstundes.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Byrjinga av 1990-talet var jo midt i stordomstida til dei verkeleg store norske rockebanda.

Eg hugsar mellom anna ein fantastisk konsert med Dum Dum Boys på studenthuset Folken i Stavanger. Det må ha vore då eg var 20. Elles var det vel om lag på denne tida me sat klistra foran skjermane og såg på David Lynch-serien Twin Peaks. Som engelskstudent las eg masse engelskspråkleg litteratur, og blei kjend med store engelskspråklege forfattarar frå både Storbritannina og frå andre delar av verda.

Slik såg og høyrdest Dumdum Boys ut det året Wetås var tjue, i 1992: 

Hugsar du 20-årsdagen din?

Eg synest det er kjekt å feira andres åremålsdagar, men eg har aldri vore særleg glad i å feira meg sjølv. Difor har eg inga erindring av kva eg gjorde på 20-årsdagen min. Kanskje nykokt krabbe på langbordet i stova heime hos foreldra mine?

Eg er midtsommarbarn og då er det ein veldig god måte å feira på.

Les også om Bjørn Hatterud som hugsar nøyaktig kva han gjorde på 20-årsdagen sin: Stod fram som homo før han dansa resten av kvelden.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg har ikkje eitt konkret minne som skil seg ut, men det skjedde mykje dette året som eg hugsar godt, og som var med på å prega livet mitt.

Eg gjorde meg ferdig med mitt første år som student, og blei overraska over kor godt eg treivst med det. Eg flytta til Oslo og starta på vaksenlivet langt borte heimefrå, og eg miste farfaren min det året. I tillegg fekk eg som student heilt nye vener som eg er så heldig å framleis ha god kontakt med. Alt det står sterkt i minnet mitt.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg hadde ei veldig bestemt førestilling om kva eg skulle bli, men som så mange andre ombestemte eg meg altså undervegs i utdanningsløpet mitt.

Etter at eg har blitt vaksen har eg gjennom mange år arbeidd som verksemdsleiar. I løpet av den tida har eg tilsett ganske mange nye medarbeidarar. Då har eg sett at det er svært mange som endar opp med eit anna studieløp og ein annan yrkesveg enn det dei såg for seg då dei gjekk ut av vidaregåande skule.

Les også om Ingvild Bryn som alltid visste kva ho ville verte: journalist. 

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg har alltid sett lyst på livet og aldri hatt anlegg for å grubla. Eg trur ikkje eg tenkte særleg mykje på framtida, anna enn at eg vel hadde ei førestilling om at det kom til å gå bra.

Eg har alltid sett lyst på livet og aldri hatt anlegg for å grubla

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Som 20-åring var eg nok veldig opptatt av å vera klok og vaksen og redd for å ikkje ha god nok greie på alt mogleg. Når ein blir eldre, oppdager ein at det ofte ikkje er så farleg, og at ein alltids kan spørja seg fram dersom det er noko ein lurer på.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Vel med hjarta! Det har eg faktisk for ein stor grad gjennomført opp gjennom. I studietida valde eg vekk eit prestisjestudium fordi eg fekk meir lyst på noko anna. Då eg var ferdig med hovudfaget i nordisk språkvitskap, valde eg vekk tilbod om fast jobb til fordel for eit kort, tidsavgrensa engasjement som var mykje meir fagleg spennande. Då eg var ferdig med doktorgraden min, gjekk eg ganske raskt inn i fagleg-administrativ leiing og lukka dermed døra til ein karriere i akademia. Eg har ikkje angra på nokon av desse vala.

Vel med hjarta!

Og eg har aldri i mitt liv hatt fast stilling, men eg trur nok det skal gå bra likevel!

Les også: Slik var 20 år gamle Else Kåss Furuseth