Etterlyser nynorsk på Netflix og kino
Nynorsk er så godt som usynleg på kino og strøymetenester, trass i at språket er likestilt med bokmål i Noreg, påpeikar Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Wetås og Langåker etterlyser tiltak for å auke bruken av nynorsk i undertekstar.
– Folk flest les færre bøker enn tidlegare, og teksting av tv, film og seriar blir difor ei svært viktig kjelde til skriftleg norsk. Allmennkringkastaren NRK bruker mykje nynorsk i tekstinga si, men dei private strøymetenestene bruker så å seie aldri nynorsk, skriv dei i eit innlegg på lnk.no.
Situasjonen er ikkje stort betre på kino. Sidan 2020 har det ikkje kome ein einaste kinofilm med nynorske undertekstar, så vidt forfattarane veit. Dette trass i at over ein tredjedel av alle kommunale kinoar her i landet ligg i nynorskkommunar eller språknøytrale kommunar med ein stor del nynorsk.
– Språklova slår fast at nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk, og at ein må setje inn særlege tiltak for å styrkje nynorsk, som er det minst brukte skriftspråket. Men det finst inga lov som slår fast at all underteksting skal vera på bokmål.
Artikkelforfattarane føreslår fleire tiltak for å auke bruken av nynorsk i undertekstar, mellom anna å setje krav om at ein viss del av tekstinga hos strøymetenestene skal vere på nynorsk, og at populære kinofilmar får teksting på både nynorsk og bokmål.
Merknad: Framtida.no er eigd av Landsamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), men er redaksjonelt uavhengig og rettar seg etter Ver varsam-plakaten.