Levande litteratur og likeglade lesarar?

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.05.2019 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det at en Literatur i vore Dage lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat.» (Eide et.al., 2015, s. 99)

Det vert hevda at Georg Brandes med denne utsegna innleidde realismen i Noreg. Tidlegare, under romantikken, hadde kjensler vore viktigare enn fornuft, og framstillinga av livet vart idyllisert. Realistiske forfattarar tok avstand frå slike idéar – dei ville skildre det verkelege livet, få fram undertrykking og urett, og kritisere samfunnet. Korleis kunne dei endre samfunnet med litteratur? Har litteraturen framleis slike evner i det moderne samfunnet?

Portrett av Amalie Skram. Foto: ukjent

I Amalie Skram sin naturalistiske roman To venner, andre bind i Hellemyrsfolket, tematiserer ho mellom anna levekår for lågare samfunnslag, og korleis individet ikkje eigentleg er fritt. Særleg kjem dette tydeleg fram i Sivert sine refleksjonar i opningskapittelet: «Skammen suget ham om hjertet og brente ham i tinningene (…). Sånn fortærende spott og spe, farfaren var jo likedan. Det fantes i hele verden ikke en gutt som hadde det verre enn ham. Og hvor kunne han vente å komme seg frem i verden-, folk ville være redd for å ha med slikt pakk å gjøre.». Dette kan sjåast på som direkte kritikk mot dei høgareståande i samfunnet, som har eit nedverdigande syn på andre, men kritikken er kanskje endå meir retta mot samfunnet som ein heilskap. Det er store avstandar mellom dei sosiale klassane, og liten sosial mobilitet.

I dag er situasjonen annleis i Noreg. Vi likar å sjå på oss sjølve som eit klasselaust samfunn, og sjølv om det framleis finst klassedeling i Noreg, har den sosiale mobiliteten auka, og moglegheitene har vorte fleire. Det er vanleg å påpeike at dette er eit resultat av økonomisk framgang i andre halvdel av 1900-talet og utviklinga av velferdsstaten i etterkrigstida, men kanskje har litteraturen òg hatt ein viss innverknad. Forfattarar som valde å følgje Brandes si oppfordring var med på å setje nye problem på dagsordenen, og auka dermed merksemda rundt dei.

Likestilling og kvinnesak har òg vore vanlege tema i samfunnskritisk litteratur. Henrik Ibsen vart ein pioner for denne typen litteratur då han gav ut sitt banebrytande skodespel Et dukkehjem i 1879. Med Et dukkehjem utfordra Ibsen dei haldningane og tradisjonane som fanst i dåtidas samfunn, og samfunnskritikken han formidla gjennom skodespelet vart i fleire tilfelle møtt med raseri. I dag er situasjonen annleis, og likestillinga har kome langt i ei rekkje moderne og utvikla land. Likevel er dette framleis eit omdiskutert tema som stadig vert teke opp til debatt. I Ebba Haslund sin roman Mor streiker frå 1981 viser ho fram ei kvinne som bryt med forventningar og normer i samfunnet. Frigjering av individet er eit sentralt tema, og Haslund får fram at Ibsen sin kritikk av samfunnet er like aktuell hundre år seinare. Også i dag vert Ibsen framleis referert til, mellom anna i sesong to av den norske nettserien Skam (Rustad, 2017). Dette kan tyde på at vellukka samfunnskritisk litteratur kan vere til nytte i lang tid, sjølv om samfunnet endrar seg.

Det triste er at det skal vere naudsynt med denne typen samfunnskritikk i moderne tid. Skram skildra ukomfortable samfunnsforhold i Hellemyrsfolket, og sjølv om klassesamfunnet ikkje eksisterer i same grad i dag, kan det sjå ut som at likesæle er like fullt eksisterande. Dei siste åra har verda opplevd ei flyktningkrise. Det har vore ulike måtar å handtere denne krisa på i dei ulike landa, men for mange land har det vore ønskjeleg å halde avstand til dette problemet og heller hjelpe dei «der dei er». Velutvikla velferdsstatar toler inderleg vel den uretten som ikkje rammar dei sjølv. Har ikkje litteraturen sin samfunnskritikk vore vellukka?

Litteraturen si største veikskap er kanskje at han er så avhengig av eit publikum. I følgje marxismen er «tankane som rår, tankane til dei som rår» (Mellbye & Kval, 2012, s. 31). For å kunne rå, må ein ha visse ressursar som gjev makt. For litteraturen vil talet på lesarar vere avgjerande for kva innverknad han får. Men i tillegg må denne gruppa av lesarar vere mottakelege for den bodskapen som litteraturen ønskjer å formidle. Det er ikkje mogleg dersom lesarane ter seg som ein «kompakt majoritet», slik som Ibsen formulerte det. Dersom litteraturen skal vere samfunnskritisk, må altså publikummet vere innstilt på å vere det same. Og dersom litteraturen ønskjer å nå ut med kritikken, må publikummet vere stort.

Her møter litteraturen ein konkurrent. Media er kanskje vel så effektiv når det gjeld å setje problem under debatt, fordi denne typen kanalar alltid er lett tilgjengelege, og på svært kort tid kan nå ut til eit stort publikum. #Metoo-kampanjen som starta hausten 2017 viste at både sosiale skilnadar og kvinnesynet ikkje er like utvikla som ein skulle ønskt. Kampanjen tematiserte altså mykje av den same kritikken som litteraturen har prøvd å få fram, men media sin store fordel var at spreiinga av informasjon kunne gå til mottakarar over heile verda på ein augneblink.

Men litteraturen har òg sine fordelar når det gjeld å setje problem under debatt. Der den fjerde statsmakta er tvungen til å vere objektiv, kan litteratur spele på kjensler og involvere lesarane emosjonelt. Dermed kan litteraturen skape eit heilt anna engasjement og ei heilt anna interesse for temaet. Sigrid Undset skreiv i 1915 «Ti sed og skikk forandres meget, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres og de tænker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dage.» (Eide et.al., 2015, s. 142). Appellen til nettopp hjartet er litteraturen sin store styrke når det gjeld å formidle samfunnskritikk.

Når Skram i To venner skildrar korleis samfunnet si undertrykking av låge samfunnslag fører til nedbrytande emosjonelle og fysiske konsekvensar for ulike individ, klarar ho å skape ukomfortable kjensler hos lesaren. I Mor streiker av Haslund vert lesaren provosert av far sin reaksjon på mor si utbryting: «Men far var i godt humør og gjerne med på en spøk. – Jaså, du vil streike du. Og hvorfor det da?». Kjensla av at kvinna ikkje vert teken seriøst engasjerer lesaren, og skaper eit ønskje om endring.

Maja Lunde har skrive bestseljaren «Bienes historie».

I romanen Bienes historie frå 2015 framstiller Maja Lunde eit mogleg samfunn i Kina om 80 år. Ho får fram korleis handlingar i dag kan føre til katastrofale følgjer i framtida. I 2098 finst ikkje lenger bier, og pollinering for hand har vorte løysinga. For å skaffe nok arbeidskraft til å erstatte biene, må barn sysselsetjast. Lunde utfordrar lesaren sine internaliserte verdiar rundt barnearbeid, og skaper sympati for borna som mistar barndommen sin som følgje av lite berekraftig utvikling. Samstundes skaper Lunde ei redsle for ei slik samfunnsutvikling, og dermed eit engasjement. Fordi denne forma for samfunnskritisk litteratur vender seg mot framtida, og speler på frykt, er den kanskje vel så effektiv som den realistiske litteraturen. Men han kan òg oppfattast som lite sannsynleg, og sjåast på som underhaldning i staden, nettopp fordi han ikkje skildrar verda slik ho er. Kor vellukka samfunnskritikken er, vil altså vere avhengig av mottakaren.

Sidan Georg Brandes i 1871 uttalte at å setje problem under debatt var den viktigaste funksjonen litteraturen hadde, har samfunnskritisk litteratur vore ein populær sjanger. Forholdet mellom slik litteratur og samfunnsutviklinga kan oppfattast som gjensidig – litteraturen og samfunnet utviklar seg avhengig av kvarandre. I nyare tid er det framleis behov for samfunnskritikk, men litteraturen står i fare for å verte utkonkurrert av nye kanalar for informasjonsspreiing. Den største moglegheita for litteratur er å utnytte kjenslene hos lesarane sine. Det er levande lesarar som gjer at litteraturen kan verte levande sjølv!

KJELDELISTE:

Eide, Ove; Schulze, Anne-Marie; Garthus, Karen M. Kvåle; Ystad, Ragnhild H.; Græsli, Bjørn H. (2015). Intertekst VG3. Bergen: Fagbokforlaget
Jansson, Benthe K.; Kristoffersen, Kristian E.; Krogh, Jannik; Michelsen, Per A. (2008). Tema VG3. Aurskog: Samlaget
Mellbye, Axel J. & Kval, Karl-Eirik (2012). Politikk og Makt. Oslo: Cappelen Damm
Rustad, Gry Cecilie (2017): Skam, Store Norske Leksikon, henta 25.05.18 frå https://snl.no/Skam_-_TV-serie

Fakta

I 2018 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom fire langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål. Liva Thiis valde oppgåve 1, der elevane skulle skriva ein resonnerande tekst der dei skulle reflektera over korleis litteratur kan vera samfunnskritisk.

Svaret hennar blei kåra til eitt av dei tre beste i Noreg. Sjå alle eksamensoppgåvene her! (ekstern lenkje) Sjå svaret til Liva Thiis på kortsvaroppgåva her!