Kortsvar om utdrag frå Hellemyrsfolket

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.04.2019 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hellemyrfolket er ein romanserie av Amalie Skram frå andre helvta av 1800-talet. Han plasserer seg i naturalismen mellom anna ved å taka opp tabuprega tema.

Utdraget byrjar med eit typisk formtrekk ved naturalismen: Detaljert og heilt utan kjensler vert det skildra korleis «et bondekledt fruentimmer» stavrar seg gjennom byen. «Ryggen var bøyd», «i (…) ansiktet satt den røde nesen som en svullen klump», og «midt i undermunnen stod to høye, smale tenner». Denne fotografiske skildringa gjev dessutan inntrykk av kva samfunnslag «fruentimmeret» høyrer til. Bøygd rygg, svollen klump og manglande tanngarde seier oss at dette er eit menneske som lever i fattigdom. Skildringa er mest hesleg, eit typisk kjenneteikn ved innhaldet i naturalismen: Tabuemne som alkoholisme, fattigdom og prostitusjon blei som regel tekne opp.

I utdraget kjem det fram i replikken: «Tippe Tue og Små fylla ska’ i Påttholle’ og selle skjørtet hinnes for brennevin!». Kvinna som blir skildra er altså alkoholikar, og for å sløkkja torsten, er ho vorten prostituert. Replikken er òg skriven på ei sosiolekt knytt til fattigfolket, eit formtrekk ved naturalismen som plasserer personar sosialt.

Til slutt i utdraget forbannar Sivert seg på Gud for at besteforeldra hans lever i slikt elende, og han lurer på korleis det skal gå med han sjølv, for «folk ville være redd for å ha med slikt pakk å gjøre». Noko som peikar på eit vanleg innhald i naturalismen, nemleg determinisme. Det vil seia at ting er førebestemt, og elendet går i arv.

På forma er utdraget typisk for naturalismen ved objektiv skildring, samt replikkar skrivne på sosiolekt. På innhaldet er det typisk ved at tabuemne vert tekne opp, og at personar er prega av eit førebestemt tilvære.

Fakta

I 2018 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål. Sjå eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje) Sjå svaret til Halvard Olavius Vestad på langsvaroppgåva her!