15. april er søknadsfristen for høgare utdanning – dette må du vite

Laurdag 15. april er fristen for å søke på høgare utdanning for i år. Her er den praktiske informasjonen du bør vite medan du bestemmer deg for kva du vil bruke dei neste åra på.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 10.04.2024 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OBS! Denne saka er frå 2023. I 2024 er søknadsfristen måndag 15. april.

Søknadsfristen er laurdag 15. april klokka 23.59

Gif av vekkarklokka som tikkar.

Laurdag 15. april klokka 23.59 er fristen for å søke høgare utdanning. Innan klokka slår 00.00 natt til sundag 16. april er det altså for seint å leggje inn fleire studieretningar du vil søke på. Dette gjeld både universitet, høgskular og fagskular.

Laurdag er også fristen for å laste opp dokumentasjon på avslutta utdanning. Dersom denne informasjonen allereie ligg inne eller du avsluttar utdanninga etter søknadsfristen, gjeld ikkje dette deg.

Tips! Ikkje la treigt internett gjere at du går glipp av fristen ved å logge inn laurdag klokka 23.55. Du kan logge inn på Samordna opptak no og legge inn det du skal.

Når må eg ha prioritert rekkjefølgje?

Gif av kvinne med tekst som seier "I choose me"

Når du har lagt inn alle vala dine (maks ti stykk), kan du sortere dei i ei prioritert rekkjefølgje. Du er garantert den fyrste studieplassen som du kjem inn på, men dei andre fell då bort. Difor er det viktig å tenke gjennom kva du plasserer på toppen.

Dersom du søkjer på ein fagskule må du prioritere rekkjefølgja innan laurdag 15. april klokka 23.59, altså det same som søknadsfristen.

Dersom du søkjer deg til universitet eller høgskule, er fristen 1. juli klokka 23.59. Dette er også fristen for å laste opp dokumentasjon på fullført utdanning frå i vår.

Når får eg svar?

Svampebob firkant leverer eit brev i ei postkasse.

Dersom du har søkt til ein fagskule får du svar på søknaden allereie 25. mai. For universitet og høgskule får du svar 20. juli.

Når må eg svare?

Gif av kvinne frå serin Schitts Creek som seier "I'll think about it"

For å sikre deg plassen du har fått tilbod om må du takke ja seinast 1. juni for fagskular og 24. juli for universitet og høgskular.

Når kan eg søke på restplassar?

Gif av kvinne som seier "I'm the queen of leftovers"

Du kom ikkje inn på det du kunne tenke deg, men det er framleis mange moglegheiter! Fleire studieretningar får ikkje fylt opp studia sine, og du kan søke på desse ledige plassane.

For fagskular får du oversikt over desse plassane frå 30. mai og du kan søke på dei frå 31. mai.

For universitet og høgskular får du oversikt over desse plassane frå 19. juli, og du kan søke på dei frå 20. juli.

Merk! Desse plassane har løpande opptak. Det vil seie at den fyrste som søker får plass. Difor er det lurt å vere så tidleg ute som mogleg dersom du vil søke på desse plassane.

Er det noko poeng å søke om eg ikkje kan starte rett på studiet?

Gif av Harley Quinn frå Suicide Squad som seier "Sorry I'm late"

Ja, absolutt! Dersom det er noko som hindrar deg frå å starte på ei studieretning i løpet av dei neste to åra, kan du søke om reservert studieplass.

Dette må du gjere direkte til den staden du har fått studieplass, ikkje gjennom Samordna opptak. Førstegongsteneste er ein vanleg grunn, men det er også mogleg å få det på grunn av til dømes helsesituasjonen din. Det er utdanningsinstitusjonen som godkjenner eller avviser søknaden din.

For å søke om reservert studieplass må du takke ja til plassen, før du sender ein søknad seinast tre veker etter du fekk tilbodet.

Korleis skal eg faktisk velje?

Gif av kvinne som seier "Make good choices".

Det er ikkje enkelt å svare på, men vi har nokre saker som er fine å lese gjennom dersom du framleis er usikker: