Utdanningsval: «23-åringar har ikkje svar på alt»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

I fjor vart eg ferdig med bachelorgrada mi i utviklingsstudium. Eg var fornøgd med val av studium, følte eg hadde lært mykje, men hadde ikkje peiling på kva eg ville vidare når studiet var over.

Skulle eg ta ein master? Skulle eg jobbe? Skulle eg ta ein ny bachelor? Kanskje eit årsstudium i noko? Nei. Ingenting freista. Så eg tok meg friår for å kjøpe meg litt tenketid.

23-åringar har ikkje svar på alt

I år blir eg 23 år gammal. Då eg var yngre trudde eg at folk som var 23 var vaksne, hadde pengar på bankkonto, hadde fast jobb, ein framtidsplan, kanskje til og med ein partnar dei hadde vore med i nokre år.

Den yngre versjonen av meg sjølv trudde i alle fall at folk like gamle som det eg er no, visste kva eller kvar dei ville.

Der tok eg feil.

No er eg halvvegs i friåret mitt, og søknadsfristen til høgare utdanning nærmar seg igjen. Eg har avtalt med ei venninne at vi MÅ ha ein facetime-date for å snakke om kva vi vil vidare, for eg treng hjelp.

Eg veit ikkje kva eg vil. Eg veit ikkje kvar eg vil gjere det eg ikkje veit kva er eingong.

Uroleg av å ikkje vite

Det å ikkje vite gjer meg mildt sagt uroleg. I alle fall når det kjennest ut som ein er den einaste i heile verda som ikkje veit kva ein driv på med.

Så lenge eg kan hugse har folk spurt kva eg skal bli når eg blir stor. Då eg var heilt lita svara eg at eg skulle bli rockestjerne, så skulle eg bli kunstnar, så hadde eg ein periode der eg ville bli klesdesignar, politikar, diplomat, journalist og forfattar.

Så lenge eg kan hugse har folk spurt kva eg skal bli når eg blir stor.

No når nokon spør meg kva eg vil, eller kva eg driv på med, så har eg ikkje lenger noko klart svar til den som spør.

Veldig innanfor å ikkje vite

I løpet av dei siste månadane har eg møtt mange andre unge som ikkje veit kva dei vil. Dei veit ikkje kvar dei vil bu, om dei vil studere eller eventuelt kva dei vil studere, eller kva dei vil jobbe med. I staden for å tvinge seg igjennom noko som ikkje passar for dei, har dei reist vekk, og tatt ei pause frå alt for å tenkje.

Sjølv om det heile tida blir lagt opp til at vi skal vite kva vi vil bli, så er det (tydelegvis) heilt normalt, og veldig innanfor å ikkje vite!

Det er heilt normalt at ein ein eller fleire gongar i løpet av livet tek seg ein pause for å tenkje over om ein beveger seg i ei retning som ein vil, eller om ein vil prøve ut noko anna. For det er fullt lov å ombestemme seg, prøve ut forskjellige ting og å bu forskjellige stadar.

Alt treng ikkje å gå som planlagt, og ein treng ikkje å planlegge alt.

Prøver å gi meg sjølv lov å leve i pausen

Seinast i dag gret eg heim på telefonen, og var fortvila over at eg ikkje veit kva eg driv på med. I staden for å kome med forslag på kva eg burde gjere, så svara mora mi «Nei, men treng du å vite det då?».

Nei, kanskje eg ikkje treng å vite det no.

Eg skal prøve å gi meg sjølv lov til å leve i den pausen eg no har tatt meg, sjølv om det ikkje alltid er like lett. Noko som også inneber å ikkje freake ut over at søknadsfristen for høgare utdanning nærmar seg nok ein gong.

Eg kjem nok til å fortsette å stresse litt så lenge eg ikkje veit heilt kva eg vil. Men det å vite at et er heilt normalt, og endåtil sunt, å ta seg tenkjepausar eller prøve ut andre retningar er til stor hjelp.


? Har du noko på hjartet? Send tips eller eit meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no! 


María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah Kjellevold Steinsland (18) går begge i 2.klasse på vidaregåande. Men elles er kvardagen ganske annleis. Foto: Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop og privat