Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marita Katharina Wilhelmsen Andersen er sexolog, eit yrke ho fortel mange har feiloppfatningar om.

– Ein av grunnane, er nok at sexolog ikkje er ein verna tittel. Det er difor mange som meiner mykje rart, utan å nødvendigvis ha fagutdanning å støtte uttalingane på, fortel 31-åringen på e-post til Framtida.no.

Nokre veit heller ikkje at sexologiske rådgjevarar driv med samtaleterapi.

– Nokre få trur at sexologar sjølv må vere svært seksuelle, eller kanskje til og med perverse. Det er ikkje tilfellet, seier Andersen og poengterer:

– Vi er fagfolk – med seksualitet som spesialitet.

Click bait-versjonen av yrket

Samstundes kan media vere med å skape feilaktige bilete av yrket:

Sex sel og media er glad i click bait. Eg opplever ofte misvisande overskrifter.

Wilhelmsen viser til ein gong ho og nokre medstudentar skulle arrangere eit gratis kurs om seksualitet. På plakataen stod føredragshaldarar med høg kompetanse på mellom anna seksualitet, overgrep, sjukdom og LHBT, og deltakarane kunne vandre mellom ulike stands og fekk matservering.

Overskrifter frå avisa var: «Starter sex-festival».

– Slike overskrifter skremmer vekk folk frå å møte opp på arrangementet. Det skapar nokre gongar eit inntrykk av at sexologar ikkje kan verte tekne på alvor. Det er leitt, synest Andersen.

Foto: Nathalie Wick Bunes

Har ikkje angra eit sekund

Marita Katharina Wilhelmsen Andersen er utdanna sexologisk rådgjevar, noko som er ein verna tittel i motsetnad til sexolog.

Etter vidaregåande utdanna Andersen seg til barnevernspedagog, fordi ho ønska seg eit yrke der ho kunne vere til hjelp. Ho vart difor saksbehandlar i barneverntenesta og miljøterapeut på ulike institusjonar, som akutt barneheim og bustad for einslege, mindreårige asysøkjarar.

31-åringen fortel at ho frå tid til annan møtte på seksuelle problemstillingar i arbeidet sitt, og at ho hadde lært svært lite om seksualitet frå før.

– Eg forstod ikkje kvifor eit gutebarn ønska å kle seg i dameklede, eller kvifor seksualitet skulle vere eit så vanskeleg tema å snakke om og forstå.

Ho bestemte seg difor for for å oppsøke den kunnskapen ho trong, og søkte seg inn på vidareutdanning i sexologi ved Universitetet i Agder, hjå deira avdeling i Grimstad.

For å studere sexologi må ein nemleg ha ei treårig universitets- eller høgskuleutdanning innanfor eit relevant fagområde i botn. Legar, helsesystrer, psykologar, sosionomar og vernepleiarar er blant dei som kan søkje – eller barnevernspedagogar, som Andersen.

– Det har eg ikkje angra på eit sekund, fortel Andersen om vidareutdanningsvalet.

Berre éin skule og 200 sexologar

Før ho tok til på sexologi-utdanninga, visste Marita Katharina Wilhelmsen Andersen ikkje heilt kva ho gjekk til på studiet eller kva ho skulle kome til å jobbe med.

Men då ho først hadde starta på utdanninga, forstod 31-åringen raskt kor viktig temaet er for alle, og særleg for yrka som arbeider med menneske.

 Då eg utdanna meg var det rett over 200 sexologar spreidde rundt om i Noreg, og berre éin skule som tilbydde vidareutdanning i sexologi. Eg forstod dermed raskt at mange var like uvitande som det eg var før eg tok utdanninga.

Ho var innstilt på å vere aktiv for å spreie kunnskapen til fleire:

– Eg fekk eit engasjement for faget, og kor mykje godt arbeid som kan verte gjort for menneske si seksuelle helse. Eg forventa, og ønska, å jobbe beinhardt for å få mi stemme høyrd – og få seksualitet inn på timeplanen. 

Etter å ha fullført UiA-utdanninga, tok Andersen også ei spesialisering i klinisk sexologi og er autorisert spesialist i sexologisk rådgjeving via NACS, Nordic Association for Clinical Sexology.

Eg føler eg bidreg med å gjere verda til ein litt betre stad

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja, det vil eg absolutt påstå. Eg kan varmt tilrå vidareutdanning i sexologi ved UiA. Dei har kompetente og engasjerte lærarar, som jobbar praksisnært og har kontakt med fagfeltet og utvikla som skjer rundt oss, forklarar ho.

Til no har forventningane hennar til yrkeskvardagen på mange måtar stemt overeins med røynda. Ho har måtte jobbe hardt med å spreie informasjon, men dei som har teke seg tid til å høyre på ho har òg møtt ho med positivt engasjement.

– Eg kjenner meg trygg i møte med seksuelle problemstillingar og utfordringar, og eg føler eg bidreg med å gjere verda til ein litt betre stad. Når eg jobbar med faget mitt, overgår det dei fleste forventningane eg hadde drøymt om. Dette er gjevande.

Seksuell uhelse er eit folkehelseproblem

Noko av det som frustrerer sexologen mest, er andre fagfolk som ikkje tek seg tid til å lytte til kvifor kunnskap om seksuell helse er viktig.

– Eg var på ein faglunsj på eit legekontor, der den eine fastlegen fortalde at han hadde eit så stramt fjes og var mann, så ingen snakka med han om seksualitet – han trong difor heller ikkje kunnskap om det.

Andersen fortel at ho vert trist på vegner av alle som møter på slike menneske i helse- og omsorgsyrke, og vert utruleg frustrert over at kommunar og staten ikkje set av meir pengar til sexolog-stillingar.

– Om lag 11 prosent av befolkninga har til ei kvar tid eit seksuelt problem. Seksuell uhelse er eit folkehelseproblem. Vi må ta ansvar for å hjelpe alle dei som har det vondt og vanskeleg med sin seksualitet.

31-åringen fortel at det i dag er få offentlege og kommunale arbeidsplassar der dei har fulltidsstillingar for sexologiske rådgjevarar, og at det difor er vanleg å anten berre ha ein viss prosentdels stilling eller bruke kompetansen inn mot sin daglege jobb.

I barnevernstenesta får Andersen brukt ein del av kunnskapane sine frå sexologi-studiet:

– På ungdomsinstitusjon har eg hatt gode pratar med ungdommane som syntest det er fint at nokon ikkje vert flau av å snakke om seksualitet, og at nokon har kunnskap til å hjelpe dei med å forstå seg sjølv og eigne behov/åtferder.

Seksualitet er mykje meir enn kjønnssjukdommar

No har Andersen i tillegg oppretta ein eigen privat praksis og har i så måte også skapt sin eigen arbeidsplass. Ho har klientar for sexologisk rådgjevning, held kurs og underviser, og arbeider aktivt med å spreie informasjon til samarbeidspartnarar, frå fastlegar og fysioterapeutar til kyrkja.

Ein vanleg dag på kontor for sexologen, inneheld både samtalar, reklamering, føredragsførebuing, artikkelskriving og administrasjon.

 Det er mange som ønsker samtalar etter arbeidstid, så eg er ofte fullbooka frå 16 til 19 eller 20, forklarar Andersen.

Foto: Nathalie Wick Bunes

På kvelden, når alle samtalane er ferdige, noterer ho seg dei viktigaste tinga, heimelekser og oppfølgingsnotatar som ho har i eit lukka journalprogram.

Til no har ho berre kontordag ein gong i veka, og då jobbar ho gjerne 10-12 timar for å få unna alt. Føredrag og seksualitetsundervisning tek ho ved sidan av, i tillegg til fulltidsstillinga ho har som miljøterapeut.

– Etter kvart kan eg kanskje leve av jobben som sexolog åleine, men det krev sjølvsagt eit godt grunnarbeid først.

– Kva er det beste med jobben?

– Eg er utruleg stolt av jobben min. Mange har aldri hatt nokon å snakke med om dei indre tankane sine knytte til seksualitet. Det å føle at ein er til nytte, og høyre tilbakemeldingane frå pasientane som opplever seg forståtte og trygge, er ei fantastisk kjensle, fortel Andersen.

Samstundes får ho mykje glede frå å halde føredrag eller vere med på faglunsjar, der ho ser at ho klarar smitte andre med engasjementet sitt for seksuell helse.

– Eg diggar også å ha seksualundervisning for ungdom, som endeleg kan få litt informasjon om positiv seksualitet, ikkje berre eit mantra om kjønnssjukdommar, uønskt svangerskap eller overgrep. Seksualitet er så mykje meir enn det!

– Du vil ikkje angre

– Kven passar yrket for?

– Yrket passar for deg som likar å jobbe med menneske, og er førebudd på å stå opp for kunnskapen du får. Du lærer å verte trygg på å snakke om seksualitet på studiet, så du må ikkje vere god på det før du tek utdanninga.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Gjer det! Du vil ikkje angre på kunnskapen du får. Du må likevel vere førebudd på at det er ein veg for å jobbe som sexolog på fulltid, forklarar Andersen.

Ho rår unge som vurderer å verte sexolog til å finne ei grunnutdanning ein har engasjement for, få nokre år med erfaring frå arbeid med menneske på baken – og så søke seg inn på vidareutdanning for sexologi.

Samstundes håpar ho at dei som vil arbeide med menneske i andre yrke enn sexolog likevel etterlyser kunnskap om seksuell helse knytt til den gruppa dei skal arbeide med. Ho drøymer nemleg om at det skal kome inn på timeplanen i alle utdanningar innanfor helse- og omsorg.

– Eg jobbar ikkje med magi, men…

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Eg jobbar ikkje med magi, men det er heilt utruleg at min kunnskap og mine ord kan hjelpe andre menneske. Noko av det kulaste som har hendt, må vere å møte mine førebilete innan sexologi – og lære av dei. Eg har vore heldig, og hatt fleire slike treffpunkt.

Ein av draumane til Marita Andersen er å kunne jobbe med sexologi på fulltid, i tillegg til å halde fram med å lære meir og dele av kunnskapane ho allereie har. Samstundes har ho planar om å skrive ei fagbok om sexologi for barnevernspedagogar.

Ho drøymer òg om fleire statlege og kommunale sexolog-stillingar og betre seksualitetsundervisning på skulane, for det kan ikkje vere avhengig av ekstra engasjement.

– Eg ønsker at vi fjernar tabuet kring å snakke om seksualitet. Eg ønsker at befolkninga får ei betre seksuell helse – fri frå tvang, overgrep og diskriminering.


Marita Katharina Wilhelmsen Andersen

Alder: 31 år

Frå: Alta/Sarpsborg

Yrke: Sexologisk rådgjevar og miljøterapeut

Utdanning: Spesialist i sexologisk rådgivning (NACS) og barnevernspedagog