Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange som veit lite om yrket og spør: «Kva gjer du eigentleg?» Då plar eg seia at eit rekneskap fortel ei historie om ei bedrift og korleis dei har skapt verdiane sine, og så går me inn og verifiserer den sanninga. 

Det seier senior revisormedarbeidar Kristina Ågedal på telefon til Framtida.no. 

Jobb før fullført studie

28-åringen frå Agder fekk tilbod om jobb i revisjons- og rådgjevingsselskapet EY i Oslo allereie året før ho var ferdig utdanna med mastergrad i rekneskap og revisjon.

– I den bransjen eg jobbar i er dei store revisjonssselskapa veldig synlege ut mot studentane. Eg var veldig aktiv på karrieredagar og fekk ei interesse for EY som arbeidsgjevar, så eg søkte på ei open stilling, forklarar Ågedal. 

Tilbodet kom i 2018 og august 2019 var ho klar for den nye jobben i Oslo. 

Arbeidskvardagen

Ågedal opplevde at det var ein jobb der ho tidleg i karrieren fekk mykje ansvar.

– Ein lærer mykje. Som revisor er du ein kunnskapsperson. Samfunnet forventar at revisor held deg oppdatert på lover og reglar. Som nyutdanna revisor bør du setje deg inn i ulike selskap og bransjar, og kva dei driv med. Mange selskap vil sjå på deg som ein attraktiv ressurs etter nokre år med revisjon, seier Ågedal.

Arbeidskvardagen varierer etter årstidene. På hausten sit revisoren ute hos kunden for å kartleggja og forstå vesentlege prosessar, risiko og kva som genererer inntekter. Det vert ein del observasjon og analysar av tal, samstundes som ein snakkar med sentrale personar i selskapet. 

Kor mange ulike kundar ein har varierer avhengig av storleiken på selskapa. Ein kan ha alt frå tre store til 50 små selskap. 

– Hjå små kundar ser ein gjerne heilskapen frå A til Å. Store kundar kan ha meir komplekse problemstillingar, men så ser ein mindre av heilskapen, forklarar Ågedal, som har ein såkalla portefølje på ti større og mindre kundar.

Revisor Kristina Ågedal (28) trivst godt med å jobba i team. Foto: Privat

Blir kjent med ulike selskap

Ved årsslutt kjem ein intensiv periode der den uavhengige revisoren skal få oversikt over at det ikkje er vesentlege feil og manglar i rekneskapet.

– Ein kjenner selskapet godt, utan å jobba der. Eg kunne søkt om å jobba i eit selskap, til dømes for DNB, Telenor eller Orkla, men som revisor arbeider ein litt med mange selskap.

Ågedal har lenge vore interessert i økonomi, noko som førte ho inn på vegen mot å bli revisor.  

– Heilt sidan eg byrja å studere har eg likt rekneskap, fordi det er relativt konkret samanlikna med mange andre fag, svarar Ågedal. 

Ho likar balansen der ein gjerne har konkret rettleiing i lover og standardar, men at det stadig kjem nye problemstillingar som gjer at ein må vurdera og tolka utifrå kunnskapen ein har.

Mange revisorer har en utdanningsbakgrunn i økonomi, til dømes mastergrad i økonomi og administrasjon.

Konkret rekneskap

Ågedal sin spesifikke master i rekneskap og revisjon gav eit godt fagleg grunnlag for å starta ein karriere som revisor. Forventningane hennar om mykje teamarbeid i eit høgt tempo med mykje endring, vart innfridd.

– Det som likevel overraska meg er kor tidleg ein får tillit og vert ein sparringspartnar for kunden, noko som er veldig givande, seier revisoren. 

Som revisor vert ein aldri utlært, men utdanninga gav ho eit fundament av ulike omgrep og lover og reglar. I tillegg kjem studieteknikken godt med når ein skal setja seg inn i bedrifta og økonomien til nye kundar. 

– Team fungerer best med mange ulike typar

Lagarbeidet, variasjonen og tilliten ein får frå kunden er det beste med jobben. Det inneber òg at ein rettleiar kunden slik at dei oppfyller lover og reglar.

– Då kan me saman finna ut korleis ein løyser oppgåvene. Me kan gje tilrådingar og kartleggja korleis det best skal handterast saman med ei tverrfagleg gruppe av ekspertar. 

Ågedal trur mange tenkjer at revisorar berre sit på ein data med tal, men fortel at ho òg brukar mykje tid i møter og jobbar tett med menneske.

– Kven passar jobben for?

– Eg er av den oppfatninga at eit team fungerer best med mange ulike typar, noko forsking òg viser. Difor er det ikkje ein standard type, seier Ågedal. 

Likevel kan det løna seg å vera glad i å jobba med folk, nyfiken, villig til å læra nye ting og komfortabel med tal, lover og reglar. 

– Kva er det mest utfordrande med jobben?

– Det er utan tvil at det i periodar er veldig korte tidsfristar og vanskeleg å balansera kva som hadde vore fint å ha med og kva og som er viktig, seier Ågedal, som er midt i ein slik innspurt før påske.

Ingen revisordraum

– Har du nokre tips til unge som siktar mot denne jobben?

– Det er vel ikkje så mange unge som drøymer om å bli revisor, småler Ågedal.

Hennar råd er uavhengig av yrkesveg å lytta til personar med erfaring og vera audmjuk overfor dei som kjem med råd.

Sjølv drøymde ho alt som 10-åring om å verta leiar, og meiner revisorjobben gjev eit godt grunnlag og businessforståing.

– Kva draumar har du for framtida?

– No har eg lyst å halda fram som revisor. Det kjem stadig nye tekniske løysingar, nye krav og arbeidsoppgåver som endrar seg. Eg trur det berre blir meir og meir spanande med meir bruk av skjønn og teknologi. Dessutan trivst eg med å jobba i eit ungt miljø med unge folk både under og ved sidan av meg, avsluttar Ågedal. 


Kollasj: Framtida.no. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen. Foto: Foto: Berit Roald / NTB

Revisor

  • Revisjon vert òg kalla rekneskapskontroll.
  • I 2020 hadde 65 prosent av nye revisorar ein master i økonomi og administrasjon. 24 prosent hadde ein master i rekneskap og revisjon.
  • I 2020 var startlønna for ein nytilsett i overkant av 450.000 kroner

Kjelde: Revisorforeningen