Yrket mitt: Severin (24) er røyrleggjar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Yrket mitt: Severin (24) er røyrleggar – kunne livnært seg på TikTok-jobbar

Veldig mange tenkjer på kloakk når ein tenkjer på røyrleggjarar, men det er eit så utruleg breitt fag. 

Då Framtida.no slår på tråden til Severin Poppe Midteide (24) er røyrleggjaren på arbeid. Han sit i bilen og er på veg til neste oppdrag heime i Bærum. Det har lite med kloakk å gjere, for slikt finst det eigne firma som tek seg av.

Midteide fortel at før han sjølv tok til i yrket, hadde han nok dei same fordommane som andre. Han var ikkje klar over kor mykje forskjellig røyrleggjarfaget kunne romme, og kor spennande og sosialt det skulle vise seg å vere.

Samstundes opnar utdanninga fleire dører enn ein kanskje trur:

– Når du har eit sveinnebrev er du tjue år, og då kan du starte på studium eller kva søren du vil etter det. Du har eit godt grunnlag for å verte ingeniør eller veldig mange andre ting. Det er ein veldig god start på livet.

Sjølv vidareutdanna Midteide seg til å verte røyrleggjarmeister, og for to år sidan starta bæringen for seg sjølv med firmaet Grønne VVS.

Lærer det tekniske på skulen, men…

Severin Poppe Midteide fortel at han òg vurderte andre yrke, men enda på røyrleggjarfaget fordi det kombinerer fysisk arbeid og tenking.

– Eg lærer mykje betre når eg brukar kroppen. Om eg sit stille så sovnar eg berre. I tillegg er røyrleggjar eit nokså teknisk fag, så det vert litt meir å bryne seg på, fortel 24-åringen.

– Ein vert aldri utlærd som røyrleggar, noko alle gamlisane i faget òg seier.

Midteide fortel at utdanninga gav ein smakebit på korleis yrkeskvardagen er reint teknisk, men at han ikkje var budd på kor mykje ansvar han ville få og kor fort utviklinga skulle gå.

– Det som er tøft med yrket er at du veks veldig fort i læreperioden, for du får fort mykje ansvar. Du får ansvar for deg sjølv og di eiga opplæring, og dét er det få som fortel deg når du går på vidaregåande.

Samstundes understrekar bæringen at dersom du er interessert i faget og gira på å lære, så kjem ein seg inn i ting mykje enklare.

– Meir service-yrke enn mange trur

Ein treng brei kunnskap som røyrleggjar, for det finst heilt sinnssjukt mange delar, fortel Severin Poppe Midteide. Foto: Norges Hyggeligste Håndverker.

Som røyrleggjargründer har 24-åringen ein fot innanfor både anleggsrøyrlegging og servicerøyrlegging.

Vanlegvis startar arbeidsdagen mellom klokka 7 og 8 på morgonen med ein tur til grossisten som leverer delar, før første oppdrag. 

– Nokre gongar tek jobben éin eller fleire dagar, andre gongar er det berre nokre timar før du er på veg vidare til neste kunde. 

Det vert gjerne nokre fleire turar innom grossisten før arbeidsdagen er over i 16-tida, noko som òg gjev mogelegheit til å ta seg ei lita pause med andre røyrleggjarar og til å diskutere og dele kunnskap.

Severin Poppe Midteide fortel at røyrlegging er meir eit service-yrke enn mange trur, noko han sjølv trivst godt med.

– Om du jobbar som servicerøyrleggjar, så møter du folk kvar dag, og har fort fem-seks forskjellige jobbar på same dag. Du er først heime hjå Fru Hansen og så til han Oddgeir, og besøker heile Bærum på ein dag, fortel han.

Hønsegard på badet

Det mest utrulege som har hendt på arbeid, var ein dag han skulle fikse ein lekkasje på ein baderomsservant hjå nokon i Lommedalen i Bærum.

– Når vi kjem inn, er der fullt av høner. Hønene likte seg så godt på badet med varmekablar, for der var godt og varmt, fortel Midteide og ler.

Det var ikkje noko kjære mor for røyrleggjaren, høneflokken laut han fint arbeide rundt.

– Det er det som er gøy, du trur du kjenner folk og har ei grei oversikt over kven dei er, men så startar du å jobbe som service-røyrleggar og kjem inn i heimen til folk. Folk er spinnville og det er kjempegøy! 

Tiktok-suksess fører til meir jobb

Severin Poppe Midteide har gjort seg merkt som røyrleggjar òg utanfor Bærum. Både i fjor og i år er han ein av finalistane i kåringa Norges Hyggeligste Håndverker. 

Samstundes har røyrleggjaren stor suksess på TikTok med over 33 000 følgjarar. På plattforma deler Midteide tips og gjev små innblikk i arbeidskvardagen, og får såleis gratis marknadsføring.

24-åringen fortel at TikTok-en ikkje berre fører til fleire hundre tusen likar-klikk, men òg til oppdrag:

– Eg kunne livnært meg på jobbane eg får frå Tiktok, fortel han og ler. 

@severin_suveren1 ☕️ 07:00 – 07:30 ☕️ #rørlegger #norge ♬ original sound – SeverinSuveren1

Midteide får òg Instagram-meldingar frå ungdomskule- og vidaregåandeelevar, som spør om råd til kva dei skal verte i framtida. Er kanskje røyrleggjar noko for dei? Då deler 24-åringen villig vekk av eiga erfaring i faget, og fortel kva dei kan vente i yrket.

– Det er utruleg gjevande å få dei tilbakemeldingane, og det er mykje difor eg held på, seier Midteide.

– Om ein held fram i ti år, kan ein fort ha endra nokre liv – ikkje i ei stor grad, men hjelpt nokre på veg. Det er rått. 

– Eit stort lag

Severin Poppe Midteide fortel at det aller beste med å vere røyrleggjar er at kvar dag byr på nye utfordringar, og den sosiale delen der røyrleggjarar spelar kvarandre gode.

– Det er ikkje konkurranse i yrket. Alle røyrleggarar er eit stort lag som prøvar å jobbe og hjelpe kvarandre. Alle er gode kameratar. 

Før Midteide satsa fullt på si eiga bedrift, så var han fulltidstilsett hjå eit anna røyrleggjarfirma. Der fekk han høve til å leggje grunnsteinane til si eiga bedrift på si, til å skaffe seg ei eiga lita kundegruppe, lære korleis ein fakturerer ut, skaffe seg rekneskapsførar og -program.

– Etter eit halvt år var eg klar til å starte opp. Då trekte bedrifta eg var tilsett i seg ut av privatmarknaden akkurat i det eg slutta, så dei gav meg alle dei gamle kundane sine. Det var kult, fortel 24-åringen. 

Severin Poppe Midteide var finalist i fjorårets utgåve av Norges Hyggeligste Håndverkar, og er nominert i år igjen. Foto: Norges Hyggeligste Håndverker.

På spørsmål om kva det mest utfordrande er, så lyt han tenkje seg om.

– Om du ikkje er service-innstilt så kan det vere vanskeleg. Det er underkommunisert kor stor del av røyrleggarfaget som er service. Vi tilfredsstiller kunder kvar dag og prøvar å gjere det på ein så bra måte som mogeleg. 

God på lego? Bli røyrleggjar!

– Kva folk passar yrket for? 

– Det er eit fysisk yrke, så folk som likar å vere i bevegelse og aktivitet i løpet av dagen. Og folk som likar å bygge noko, og sjå resultatet av kva du har gjort kvar einaste dag. Det er ganske tøft, seier Midteide og konstaterer:

– Om nokon var gode med lego då dei var små, så er det ein god start!

24-åringen rår unge som vurderer røyrleggjaryrket til å ta ansvar for si eiga læring tidleg: 

– Bruk gjerne fritid på å lese deg litt opp på dei tekniske tinga, for då gjer du det mykje enklare for deg sjølv i framtida. Det er mykje morosamare om du engasjerer deg litt.

Samstundes er det viktig at ein møter på jobb med rak rygg, kassa ut og eit stort smil, ifølgje Midteide.

– Ikkje ver redd for å ta litt plass, og for å stikke deg litt ut, rår han. 


Taksidermist Vidar Aa. Djupvik starta eige bedrift og jobbar sjølvstendig, noko ein taksidermist må vera førebudd på. Foto: Privat

Severin Poppe Midteide

Alder: 24 år

Frå: Bærum

Utdanning: Røyrleggjar og røyrleggjarmeister (to år på vidaregåande, 2,5 år som lærling og så etterutdanning)