NSO: Studentar går med 5450 kroner i underskot kvar månad
Sjølv med ein stor auke i studiestøtta på 10 prosent for kommande studieår, vil studentar utan jobb ha store problem med å dekkje utgiftene sine.

Det viser studentbudsjettet Norsk studentorganisasjon (NSO) har utarbeidd for studieåret 2025/2026.
– Budsjettet viser kva det kostar for eit nøkternt forbruksnivå for ein åleinebuande student i aldersgruppa 18–30 utan barn, skriv NSO i ei orientering til NTB.
Budsjettet viser at sjølv om studiestøtta er auka med 10 prosent frå førre studieår, vil ein student framleis gå kraftig i minus kvar månad. Med månadleg studiestøtte på 15.169 kroner og samla utgifter på 20.619 kroner, vil snittstudenten utan ekstrajobb ha månadleg underskot på 5450 kroner.
Oversikta er basert tal frå Sifos referansebudsjett, SSB og med gjeldande studiestøtte som inntekt. Det er også utarbeidd budsjett med ei tenkt studiestøtte på 1,5 G.
Nedgang i kjøpekraft
Studiestøtta er meint å sikre at høgare utdanning er tilgjengeleg for alle. Den har vorte justert omtrent i takt med dei forventa konsumprisane dei siste 23 åra, ifølgje ein fersk samfunnsøkonomisk analyse frå Akademikerne. Men kostnadene studentar med stramt budsjett prioriterer, til bustad og mat, har auka kraftigare. Dei reelle totalkostnadene har derfor auka meir enn studiestøtta.
Ifølgje Akademikernes oversikt var det mogleg å vere heiltidsstudent i 2002.
– I dag er det ein fjern draum, konkluderer rapporten «R10 2024 Studiestøttens kjøpekraft».
Må jobbe 1–2 dagar i veka
Med NSO sitt budsjett må studentar kommande år jobbe minimum 8 timar i veka. Ifølgje den europeiske studentspørjeundersøkinga Eurostudent 8, oppgir 87 prosent av norske studentar at dei jobbar. I snitt jobbar dei 12,2 timar per veke.
– Det er verdifull tid studentar kan bruke på studium, byggje meiningsfulle sosiale relasjonar og andre helsefremjande aktivitetar, påpeikar NSO.
Dagens studiestøtte er på 1,25 G. Sjølv om studiestøtta vart auka til 1,5 G, som er 17.749 kroner, vil snittstudentar måtte jobbe for å dekkje inn underskotet.
Ikkje lagt inn helse, leik og moro
NSO understrekar at dei har sett opp eit svært nøkternt budsjett.
– Vi har valt å utelate den individspesifikke posten til referansebudsjettet «Leik og mediebruk», påpeikar organisasjonen.
Sifo inkluderer heller ikkje briller, utstyrskrevjande fritidsinteresser, feriereiser, uteliv, tobakk og alkohol i referansebudsjettet sitt.
Sifo har dessutan berre lagt inn éin årleg konsultasjon hos fastlege og tannlege, så studentar med ytterlegare behov, må bla opp meir.