Pandemien har gitt fleire mentale lidingar

Talet på menneske som lid av angst og depresjon har auka med over 25 prosent under koronapandemien, viser ein studie.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) har pandemien òg gjort det vanskelegare å få hjelp for mentale lidingar, noko som kan ha ført til fleire sjølvmord.

Ein studie WHO har utført, viser at talet på påviste tilfelle av alvorleg depresjon auka med 27,6 prosent i det første året med pandemi.

I 2020 auka òg talet som fekk påvist angstlidingar med 25,6 prosent, viser studien.

– Dette er ein svært høg auke, seier Brandon Gray i WHOs avdeling for mental helse og misbruk.

Pandemien har hatt «ein stor innverknad på den mentale helsa og velværet til folk», konkluderer han.


Illustrasjonsfoto: Photo by Nastya Dulhiier via Unsplash