Då skulane stengde opplevde kvar sjette unge vald eller overgrep: – Desse feila må ein unngå no

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress meiner det særleg er tre ting kommunar som stengjer skular, kan lære av i fjor.

Rapporten deira viser at kvar sjette ungdom opplevde minst éi form for vald eller overgrep då skulen var stengd. Fleire opplevde nettovergrep for første gong.

Forskarane hadde kontakt med 3.575 unge i alderen 13–16 år i mai. Ungdommane var med i ei undersøking òg før pandemien, slik at ein kunne sjå utviklinga.

Carolina Øverlien er forskingsleiar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Ho åtvarar mot at Noreg ikkje må gjere dei same feila no som då landet stengde i 2020. Foto: Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress

Tre råd for å unngå same feil

– Noreg må ikkje gjenta feilen frå i fjor. Alle hjelpeinstansar som finst for barn og unge må gå ut og fortelje korleis barn og unge skal få kontakt med dei, seier forskingsleiar Carolina Øverlien til NTB.

I tillegg til å vere proaktive overfor alle barn, må skular og andre vere ekstra opptekne av å få kontakt med dei sårbare barna, seier Øverlien.

For det tredje meiner ho det bør skrivast rapportar til kommunar og fylkeskommune om korleis dette arbeidet blir gjort, både for å få oversikt og fordi det forpliktar.

– Vi sit på eit unikt materiale etter kontakten vår med elevane. Ein av tinga vi lærte, var at altfor mange ikkje fekk kontakt med skulehelsetenesta og barnevernet, seier Øverlien.

Uranienborg ungdomsskule i Oslo er ein av mange som er stengde etter dei siste innstrammingane. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

– Vi veit kven dei sårbare er

Undersøkinga til forskarane viser at ungdom generelt sett klarte seg bra gjennom pandemien. Men for dei mest sårbare vart situasjonen verre.

Kvar tredje av dei som blir omtalte som sårbare, opplevde redusert kontakt med psykisk helsevern eller skulehelsetenesta. Øverlien påpeikar at dei ikkje må gløymast, og at ein ikkje kan seie at ein ikkje veit kven dei er.

– Skulane veit kven dei er, lærarane veit det. Dei som er i systemet, veit det. Då burde vi kunne klare å følgje det opp. I fjor var det sånn at dei som allereie hadde det vondt, fekk det verre, seier ho.

«Alt blir bra» var slagordet i den første nedstenginga. For at alt skal bli bra er det særleg tre ting kommunane som stengjer ned no, må hugse på, meiner forskarar som har følgt elevar gjennom den første nedstenginga. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

– Vi har intervjua mange unge, og mange er flinke til å finne måtar å overleve på sjølv om dei har ein vanskeleg kvardag. Men mange av moglegheitene er reduserte, sidan dei ikkje kan dra heim til andre og ikkje dra på fritidsaktivitetar. Det offentlege rommet er stengt for barn og unge. Då har dei ikkje nokon stad å dra, og då blir dei heime, seier Øverlien.

– Barnevernet må vere på banen

Ho meiner eit rapporteringssystem om korleis ulike instansar følgjer opp barna i periodane skulen er stengd vil vere lurt av to årsaker: Det gir oversikt og moglegheit til å ettergå, og det forpliktar.

Øverlien meiner det må inkludere barnevernet, sidan undersøkinga viser at kvart tredje barnevernsbarn fekk mindre kontakt under den første nedstenginga.

– Når barna blir meir sårbare, må barnevernet vere meir på banen, seier ho.

Den viktigaste oppmodinga ho har, er at kommunane må ta situasjonen på alvor.

– Vi har data som vi kan sjå på og lære av, og det må vi gjere denne gongen, seier Carolina Øverlien.


Illustrasjonsfoto av ein student på lesesalen ved
Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB