Gjenopninga: «Er det noko som heiter restriksjonstraume?»

Frida Andersen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. Teksten stod først publisert på Instagram og er sett om og gjengjeven med løyve frå forfattaren.

Er det noko som heiter restriksjonstraume? Sosial dumping-traume? Dugnadstraume?

Så var det kanskje over, denne pandemien. Vert det sagt, i alle fall. Vi har høyrt det før, men denne gongen, kanskje denne gongen, kan vi leggje dette bak oss, gå vidare, tilbake til normalen, kva no enn han plar å vere.

Eg hugsar ikkje korleis han var. To år er lenge, lenge nok til at ein blir vand til kva enn ein vart pressa inn i.

– Slike kommentarar understrekar heile poenget: at eg ikkje burde sutre «fordi vi er så heldige». Foto: Skjermdump frå kommentarfeltet under innlegget på Instagram.

Men eg kjenner på ei slags sorg. Eg er ikkje heilt klar for å gå tilbake til normalen. Folk feirar og er glade, politikarane klemmer kvarandre på direkten, og butikkane kastar munnbind og plakatar i boset.

Men eg berre klarar ikkje å vere heilt glad, for eg kjenner meg litt øydelagt. Litt knekt.

Knekt av å ha dumpa eit par klassar i samfunnet, av å framleis skulde pengar til både Skatteetaten og vener, av å ikkje vite om eg har råd til å dra på ferie til sommaren, av å jobbe kvar einaste dag, berre for å kompensere for alle dagane eg ikkje gjorde det.

Det sit litt i kroppen, om du skjønar?

De kjenner sikkert på det de óg, at ein ikkje veit korleis ein pratar med kvarandre lenger. Eg veit ikkje kva eg skal seie, kva eg skal snakke om, korleis eg skal oppføre meg rundt alle saman post-pandemi.

Eg vegrar meg for å kontakte venene mine

 

Eg vegrar meg for å kontakte venene mine, eg lar meldingar stå ulesne i dagevis, takkar nei til å henge, lar vere å ta telefonen. Eg veit ikkje eingong kvifor. Var det ikkje dette eg sakna så mykje? Folka rundt meg?

Har de det også sånn?

Eg slit kanskje litt med å bli meg sjølv igjen, som om eg sørger, og dette er ei slags kjærleikssorg.

Seks timars varsel på å gå tilbake til normalen, etter 18 000 timar i eit slags betent mareritt.

Er ikkje det drøyt? Så skal det liksom forventast at alt er greit, at eg må vel vere nøgd no, eg må vel vere letta?

Det er klart eg er nøgd med å vere tilbake i jobb, men eg er ikkje glad. At eg skal få jobbe ei heil arbeidsveke ser eg på som ei sjølvfølgje, ikkje noko eg skal vere takknemleg over.

Det går fint med meg, men eg skulle gjerne sloppe å presisere det heile tida, om det gir mening.

Vel, vel, vel, klem til alle, la oss ta ein uforplikta prat om covid-ptsd?


Har du noko på hjartet? Send innlegg eller tips til tips(a)framtida.no!