TikTok kan gjere deg dårlegare til å ta val
Ein studie viser at det å sjå mykje kortform-innhald kan gjere deg mindre redd for risiko og tap, og dårlegare på å samle informasjon før du tek avgjersler.

Du er kanskje klar over at fleire studiar viser korleis kortformat-innhald som TikTok og Reels, gjer at me får kortare merksemdspenn.
No viser ein forskingsartikkel at avhengigheit til korte videoar, også påverkar korleis du tek val og korleis hjernen samlar informasjon.
Bryr seg mindre om tap og risiko
Forskarane såg at dei som er hekta på kortvideoar bryr seg mindre om å tape, medan folk flest mislikar å tape meir enn dei likar å vinne.
Dette heiter tapsaversjon og handlar om at menneske er meir redde for tap og risiko, enn gleda over å få noko.
Tankeeksperiment:
- Du kan få 500 kr
- Du har ein 50 prosent sjanse for å få 1000 kr
I overkant av 70 prosent vel første alternativ. Den sikre gevinsten appellerer til fleire, enn sjansen for ein større gevinst.
Denne studien viser derimot at hjernen til dei som er avhengige av kortvideoar har endra seg, og jo meir avhengig av kortvideoar du er – jo mindre redd for risiko og tap er du.
Dimed kan TikTok gjere deg meir risikovillig. Hjernen er vand til raske klipp og å få umiddelbar påskjønning.
Dette samsvarar også med andre avhengigheiter som gaming-, røyk-, alkohol- og kokainavhengigheit, der ein ser at hjernen byrjar å undervurdere risiko. Umiddelbar påskjønning overgår bekymringa for potensiell risiko eller tap.
Brukar du TikTok?
Brukar du TikTok?
Raskare, men dårlegare avgjersler
Samstundes viser studien at kortvideoavhengigheit endrar måten hjernen tek til seg informasjon og kunnskap før ein tek val.
Friske brukar lengre tid på å ta inn informasjon, men er også meir forsiktige i vala sine.
Dei som ser mykje kortvideoar og er mindre redd for risiko, tok avgjersler raskare enn andre, men ofte utan ordentleg risikovurdering.
Dette gav meir impulsive og lite gjennomtenkte val.
Typisk avhengigheits-åtferd
Forskarane meiner også at funna viser ein typisk avhengigheitsåtferd, som gjer det lettare å halde fram med den skadelege åtferda.
Om ein undervurderer risiko, og er dårlegare på å samle informasjon før ein tek eit val, er det kanskje ikkje så rart at ein held fram med å skrolle sjølv om ein veit at det går utover helse, søvn og prestasjonar til dømes.
– Kan føre til ukontrollert bruk
Forskar Qiang Wang seier til psypost.org:
– Publikum må vere årvakne. Designen av kortvideoar med umiddelbar påskjønning, kan subtilt endre korleis hjernen tek avgjersler, og igjen føre til ukontrollert bruk.
Sjølv om studien viser ei sannsynleg samanheng, er han for liten og avgrensa til å slå det heilt fast og forklare meir om mekanismane bak.