Eg maktar ikkje ein ny vinter i isolasjon

Oda By
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein augneblink med ærlegdom; eg maktar ikkje ein ny vinter i isolasjon.

Eg snakkar ikkje for alle, men som student, ung vaksen og åleinebuande i ein storby kjenner eg at eg gruar meg enormt til neste tiltaksvarsel.

Sjølvsagt skal vi ivareta helsevesenet vårt og beskytte dei sårbare gruppene i samfunnet.

Men eg ber dykk som tek avgjerslene: tenk dykk veldig godt om før de riv vekk alle haldepunkt i kvardagen.

Eg snakkar ikkje om dansegolvet og sydenferien.

Eg snakkar om den timen med fysisk utløp på treningssenteret. Deltidsjobben i butikk som får økonomien til å gå rundt. Lesesalen på universitetet som gir deg omgivnadar til å fokusere på noko anna.

Noko anna enn at nok ein gong er det snakk om å stenge ned.

Minimere kontakt.

Isolere seg.

I fjor sa eg til meg sjølv: dette klarar du, det er berre til vaksinen kjem.

No er alle eg kjenner fullvaksinerte, og her står vi igjen. Kva skal eg seie til meg sjølv denne gongen?

Synest du det er vanskeleg å halde ut med nye tiltak?

Synest du det er vanskeleg å halde ut med nye tiltak?

Ja, det er hardt no24
Nei, eg greier meg8
Svar totalt: 32

Har du noko på hjartet?
Send eit innlegg til tips (a) framtida.no eller på DM på Instagram