Vekas viktigaste: Demonstrasjonar i Kina, statsrådboikott og historisk VM-kamp

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utset ny konsesjon for oljeleiting etter semje om statsbudsjettet

Illustrasjonsfoto: Øyvind Knoph Askeland, Norsk olje og gass/flickr/CC BY-SA 2.0

Denne veka vart Regjeringa einig med Sosialistisk Venstreparti om utforminga av statsbudsjettet. Der kom dei blant anna fram til kutt i BSU-ordninga, meir pengar til studentar og pengar til kommunane etter pandemien.

Eit av dei største punkta er at Noreg ventar med å lyse ut ny konsesjon for å leite etter olje og gass på norsk sokkel til 2025.

Det tyder at SV har fått gjennomslag på eit av hovudpunkta sine.

Partiet hadde allereie ei avtale om dette, men denne avtala gjaldt berre ut 2022. Difor var det eit viktig punkt i forhandlingane om nytt statsbudsjett.


Demonstrasjonar i Kina mot korona-reglar

Ein demonstrant i Beijing held opp eit skilt som seier “Hugs på dei landsmennene som 24. november døydde i Urumqi”. Foto: AP Photo/Ng Han Guan

Den siste tida har det vore fleire demonstrasjonar i Kina mot koronarestriksjonar. Særleg etter ei bustadblokk brann ned førre veke, har folk teke til gatene. Ti personar døydde i brannen, og fleire har gitt korona-nedstenginga skulda.

Det skal nemleg ha vore vanskeleg å kome til med hjelp til blokka på grunn av koronarestriksjonar.

Kina var landet der koronaviruset først vart oppdaga og innførte difor strenge korona-restriksjonar. Når viruset har blomstra opp att, har dei halde fram med dei strenge restriksjonane. Styresmaktene forsvarer tiltaka med at mange eldre ikkje har vaksinert seg, men dei skal ha letta på fleire restriksjonar etter dei omfattande protestane.


Utval vil endre på opptak til høgare utdanning

Illustrasjonsbilete frå Dom Fou via Unsplash

Regjeringa sitt opptaksutval har sidan april i fjor sett på opptakssystemet for høgare utdanning. Denne veka kom dei med fleire tilrådingar for korleis systemet burde endrast.

Nokre av tinge dei tilrår er å:

  • la dei med førstegongsvitnemål og ordinær kvote konkurrere om dei same plassane
  • fjerne høvet til å betre karakterane dine frå vidaregåande
  • setje av 20 prosent med studieplassar til ei opptaksprøve for dei som ikkje har gode nok karakterar frå vidaregåande
  • fjerne tilleggspoeng
  • fjerne kjønnspoeng, og innføre eigne kvotar på visse studium for kjønn, nordnorske søkjarar og dei med samisk språkkompetanse
  • fjerne særskilde karakterkrav på forskjellige studium

Rapporten til utvalet vart levert til utdanningsminister Ola Borten Moe på torsdag. No skal forslaga ut på høyring, før utdanningsdepartementet bestemmer seg for korleis dei vil behandle forslaga.


USA sikrar retten til likekjønna ekteskap

Capitol-bygninga er møtestaden til Kongressen i USA. Kongressen består av to «kammer»: Representanthuset og Senatet. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

Tysdag stemte det amerikanske Senatet for ei lov som garanterer retten til likekjønna ekteskap, og ekteskap mellom personar med ulik etnisitet.

Denne retten var allereie sikra gjennom forskjellige høgsterettsdommar, men det var ikkje gjort eigne politiske vedtak på eit nasjonalt nivå.

Dersom høgsterett gjorde om på desse dommane, slik dei gjorde med Roe vs. Wade og retten til abort tidlegare i år, ville det vere opp til delstatane om dei godkjente likekjønna ekteskap.

Med den nye lova må delstatar anerkjenne likekjønna ekteskap som er utført i USA.

Forslaga vil vidare bli behandla i Representanthuset, truleg før januar, når demokratane mistar fleirtalet der.

Les meir: Senatet sikrar likekjønna ekteskap


Ola Borten Moe er uønskt på to norske universitet

Ola Borten Moe er nestleiar i Sp og forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa til Støre. Foto: Ragne B. Lysker/Senterpartiet

Denne veka følgde studentparlamentet ved Universitetet i Bergen etter Universitetet i Oslo, og erklærte utdanningsminister Ola Borten Moe for uønskt på campus.

Begge studentparlamenta har sagt at det er fordi dei vil sende eit tydeleg signal om at dei meiner statsråden ikkje tek velferda til studentar på alvor.

Abid Raja, nestleiar i Venstre, har sagt at utdanningsministeren tydelegvis ikkje har tilliten frå studentane, og at Borten Moe burde vurdere å gå av.

Det er derimot ikkje alle studentar som er einige. Studenttinget ved NTNU har ingen planar om å boikotte statsråden, sjølv om dei i debatt på NRK har sagt at dei er misnøgde med mykje av det same som studentane i Oslo og Bergen.

Heller ikkje Studentparlamentet ved Universitetet i Tromsø meiner boikott er vegen å gå, seier leiaren til VG.


✨Vekas lyspunkt✨: Første kvinnelege hovuddommar i fotball-VM for menn

Stéphanie Frappart er den første kvinnelege hovuddommaren i VM for herrar. Her med ball i handa frå ein 2019-kamp mellom Liverpool og Chelsea. Foto: MojNews, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons

Franske Stéphanie Frappart (38) dømte torsdag som hovuddommar i VM-kampen mellom Costa Rica og Tyskland. Med det vart ho den første kvinnelege hovuddommaren i eit fotball-VM for herrar.

Frappart har vore FIFA-dommar sidan 2009.

I tillegg til Stéphanie Frappart, er det to andre kvinnelege hovuddommarar med i meisterskapet. Ho har selskap av japanske Yoshimi Yamashita og rwandiske Salima Mukansanga. Dei har så langt i turneringa ikkje vore på bana som hovuddommarar.


Hugsar du det som skjedde førre veke?

Kollasj av Framtida. Foto: Matthias Schrader/AP photos, UNclimatechange (CC BY-NC-SA 2.0), Norsk Industri